Aldri har så mange par av same kjønn gifta seg

Publisert:

333 ekteskap mellom personar av same kjønn blei inngått i 2017 – det høgaste talet sidan den nye ekteskapslova kom i 2009. Det er flest kvinner som gifter seg.

I det første året med ny ekteskapslov i 2009 blei det inngått 283 likekjønna ekteskap, mens talet altså var 333 i fjor, syner ekteskapsstatistikken.

I dei sju mellomliggjande åra blei det i snitt inngått 270 ekteskap mellom personar av same kjønn.

Figur 1. Inngåtte registrerte partnarskap 1993-2008. Inngåtte ekteskap mellom personar av same kjønn 2009-2017

Menn Kvinner
1993 115 41
1994 86 47
1995 64 34
1996 80 47
1997 74 43
1998 71 44
1999 82 62
2000 78 76
2001 108 77
2002 105 78
2003 116 88
2004 107 85
2005 97 95
2006 102 125
2007 110 157
2008 90 134
2009 105 178
2010 97 167
2011 93 166
2012 102 167
2013 90 162
2014 106 163
2015 113 187
2016 121 157
2017 119 214

Vel 64 prosent, av ekteskapa mellom personar av same kjønn i 2017 blei inngått mellom to kvinner.

Når ein ser samla på både dei registrerte partnarskapa (1993–2008) og ekteskapa mellom personar med same kjønn (2009–), var dei fleste partnarskapa/ekteskapa inngått mellom to menn fram til 2006. Frå 2006 var dei fleste inngått mellom to kvinner.

Totalt var det 22 100 par som gifta seg i 2017, ein nedgang på 400 frå året før. Frå 2008, da det var 25 100 par som gifta seg, har talet på vigslar gått ned litt etter litt, bortsett frå i 2012.

Auken i gjennomsnittsalderen for førstegongsgifte held fram

Giftarmålsraten var fortsatt høgast i alderen 30–34 år både for menn og kvinner, og gjennomsnittsalderen for førstegongsgifte var 34,9 år for menn og 32,3 år for kvinner i 2017. Dette utgjer ein auke frå 2016 på 0,3 år for menn og 0,4 år for kvinner. 

Figur 2. Giftarmålsratar for førstegongsvigde menn i utvalde aldersgrupper. Ekteskap mellom personar av ulikt kjønn

20-24 år 25-29 år 30-34 år 35-39 år 40-44 år 45-49 år
1977 85.9 129.8 75.2 34.1 17.6 8.7
1978 80.5 124.8 72.9 32.7 16.4 7.5
1979 72.4 118.4 72.8 33.5 14.7 7.7
1980 65.0 112.5 69.1 33.1 16.6 8.2
1981 61.1 108.9 67.7 33.1 13.4 8.2
1982 56.3 100.4 65.7 30.9 15.4 7.2
1983 48.3 94.0 62.6 32.2 15.3 7.5
1984 44.0 88.9 62.5 30.7 15.5 7.8
1985 38.6 84.2 61.3 34.5 19.4 10.6
1986 34.8 78.9 58.9 29.0 14.9 7.0
1987 31.9 75.6 61.5 33.7 18.0 10.2
1988 29.6 75.4 60.8 34.4 16.9 9.0
1989 26.1 66.9 58.7 32.4 15.9 8.1
1990 23.9 68.2 62.7 37.1 19.2 9.6
1991 20.3 58.3 54.8 32.1 16.2 9.8
1992 18.7 54.2 54.1 30.7 15.0 8.4
1993 16.3 52.9 49.6 29.9 16.6 9.3
1994 15.2 52.4 52.1 32.8 17.5 11.1
1995 15.0 52.7 54.2 33.7 18.4 11.1
1996 14.6 53.0 58.8 37.6 20.8 12.8
1997 13.8 52.6 58.5 38.3 22.4 13.2
1998 13.1 48.5 55.7 39.3 22.8 12.8
1999 12.9 48.1 55.8 41.0 25.6 15.0
2000 13.2 50.8 62.0 45.2 26.4 17.4
2001 12.0 43.8 54.6 40.1 24.7 15.8
2002 12.1 46.0 57.1 42.4 25.0 16.7
2003 11.1 41.6 52.5 39.3 24.3 14.7
2004 10.4 38.7 53.2 38.2 25.3 15.8
2005 10.2 37.7 51.4 40.3 25.3 15.9
2006 9.4 35.2 50.2 38.1 25.1 16.9
2007 9.8 36.1 52.7 42.5 27.5 17.9
2008 9.9 36.4 54.9 46.0 30.7 19.8
2009 10.1 37.5 51.9 43.1 28.0 18.1
2010 9.7 35.9 50.1 38.6 26.0 17.5
2011 8.8 34.2 44.9 37.5 25.6 17.5
2012 8.9 34.7 46.9 38.8 26.1 17.8
2013 7.8 34.3 45.1 37.4 25.3 18.4
2014 7.4 30.7 43.7 34.6 24.2 16.1
2015 6.8 30.1 43.0 33.3 23.0 15.5
2016 6.6 28.9 41.1 33.4 22.0 16.3
2017 5.7 26.7 39.4 32.3 21.8 15.3

1 Observert giftermålsalder

Figur 3. Gjennomsnittsalder blant førstegongsgifte¹

Menn Kvinner
1974 25.3 22.8
1975 25.3 22.9
1976 25.5 22.9
1977 25.7 23.1
1978 25.9 23.2
1979 26.1 23.6
1980 26.2 23.6
1981 26.3 23.7
1982 26.5 24.0
1983 26.8 24.3
1984 27.0 24.4
1985 27.5 24.9
1986 27.5 24.9
1987 27.9 25.3
1988 28.1 25.5
1989 28.3 25.8
1990 28.8 26.2
1991 29.0 26.4
1992 29.2 26.6
1993 29.4 26.9
1994 29.8 27.2
1995 30.0 27.6
1996 30.5 28.0
1997 30.6 28.3
1998 31.1 28.6
1999 31.6 28.9
2000 31.8 29.2
2001 32.0 29.3
2002 32.2 29.5
2003 32.5 29.7
2004 32.9 30.0
2005 33.2 30.4
2006 33.4 30.6
2007 33.7 30.8
2008 34.1 31.2
2009 33.8 31.0
2010 33.8 30.9
2011 34.0 31.1
2012 34.1 31.3
2013 34.2 31.4
2014 34.3 31.6
2015 34.4 31.8
2016 34.6 31.9
2017 34.9 32.3

9 800 par skilde seg, 10 600 par blei separert

Frå 2016 auka talet på skilsmisser med 500, og talet på separasjonar minka med 250.

Frå 2012 har talet på skilsmisser halde seg under 10 000 kvart år, som er eit lågare nivå enn det var frå 2000 til 2011 da gjennomsnitt var 10 500.

Det var 91 par av same kjønn som skilde seg og 94 par av same kjønn som blei separert.

Framleis låg skilsmisserate 

Skilsmisseraten, som er skilte per 1 000 gifte og separerte av folkemengda, auka frå 2016 og var 10,2 for menn og 10,6 for kvinner i 2017. Skilsmisseraten for både menn og kvinner er noko høgare enn dei tre føregåande åra, men framleis lågare sett i høve til åra 2000–2013.

1 Inkluderer inngåtte og oppløyste partnarskap.

Figur 4. Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar¹

Ekteskap Skilsmisser Separasjonar
1975 25898 5406 6943
1976 25389 5648 7237
1977 24022 5912 7497
1978 23690 6063 7486
1979 23055 6441 8271
1980 22230 6466 8641
1981 22271 6937 9183
1982 21706 6973 9843
1983 20803 7472 9942
1984 20537 7781 10079
1985 20221 8090 10193
1986 19873 7813 10117
1987 20285 8342 10616
1988 20806 8689 11307
1989 19950 9163 12480
1990 21123 10055 12825
1991 19065 10164 12350
1992 18627 10106 12146
1993 18897 10805 11928
1994 19999 10795 11883
1995 21079 10184 11975
1996 22605 9839 11142
1997 23050 9827 11487
1998 22464 9227 11607
1999 23600 9147 11912
2000 25510 10083 12940
2001 23152 10338 12810
2002 24252 10494 13076
2003 22565 10807 12820
2004 22546 11092 13249
2005 22584 11102 12818
2006 21948 10658 12212
2007 23738 10330 11483
2008 25349 10216 11836
2009 24582 10308 12017
2010 23577 10311 11800
2011 23135 10261 11294
2012 24346 9987 11137
2013 23410 9774 10944
2014 22887 9556 10824
2015 22738 9306 10507
2016 22537 9345 10842
2017 22111 9848 10594

 

Kontakt