Færre vigslar enn på 25 år

Publisert:

Det var under 20 000 vigslar i 2019. Dette er ein nedgang på drygt 1 000 samanlikna med 2018 og det lågaste som er registrert dei siste 25 åra.

I 2019 vart det inngått 19 855 giftarmål, mindre enn noko anna år etter 1993. Det er særleg etter 2017 vi ser bratt nedgang i talet på vigslar, med over 2 250 færre giftarmål berre dei to siste åra.

Mannen eller eldste partnars bustad

Giftemål reknast tradisjonelt etter mannens bustad for ulikekjønna ekteskap, eller eldste partnar i likekjønna ekteskap. Dette er den vanlege måten å rekne på internasjonalt. Det var 20 466 vigslar der ein av partane var busett i Noreg då dei gifta seg.

Kommunal vigselrett vinn fram

Kommunane tok 1. januar 2018 over retten til borgarleg vigsel. Trass i at det samla giftarmålstalet har stupt sidan den gong, var det over 1 000 fleire borgarlege vigslar i 2019 enn i 2017. Tett oppunder 8 900 par valte å smi seg i Hymens lenkjer på det lokale rådhuset, og det er 2 000 fleire enn talet på vigslar i Den norske kyrkja.

Giftarmål i utlandet var lenge ein aukande trend, men frå 2013 har dette snudd og er no halvert sidan den gong. Ein er med dette tilbake på same nivå som for 20 år sidan.

1 For ekteskap inngått i utlandet er ikkje type vigsel oppgitt.

Figur 1. Type vigsel¹

Den norske kyrkja Borgarleg Andre trussamfunn Utanlands
1986 11524 6995 441 913
1987 11780 6967 501 1033
1988 12371 6803 540 1091
1989 11868 6466 514 1097
1990 12712 6625 499 1283
1991 11689 5533 518 1323
1992 11805 5008 457 1355
1993 11839 4990 482 1420
1994 12312 5496 459 1594
1995 13290 5452 450 1788
1996 13982 5997 425 2074
1997 13948 5996 426 2563
1998 13007 6199 374 2769
1999 12943 7151 393 2969
2000 14228 7397 453 3278
2001 12186 7036 363 3382
2002 12757 7605 339 3368
2003 11571 7321 367 3102
2004 11013 7260 387 3694
2005 10557 7353 631 3851
2006 9965 6930 885 3941
2007 10762 7403 891 4415
2008 11301 8271 1186 4367
2009 10530 7937 1311 4804
2010 9898 7251 1568 4860
2011 9067 7481 1528 5059
2012 9400 8075 1600 5271
2013 8706 7712 1709 5283
2014 8602 7640 1706 4939
2015 8565 7570 1849 4754
2016 8186 7901 1940 4510
2017 8164 7824 1899 4224
2018 7630 8063 1797 3459
2019 6805 8868 1536 2646

To av tre likekjønna vigslar er mellom kvinner

Det samla talet for likekjønna par som giftar seg har vore heilt stabilt dei tre siste åra. Av 331 giftarmål mellom personar av same kjønn i 2019, var heile 222 kvinner. For mennene har dette talet halde seg høveleg jamt med litt over 100 personar heilt sidan 2001, med eit «toppår» på 139 i 2018.

Vi ventar med å gifte oss

Tidlegare års auke i gjennomsnittsalder ved førstegongs giftarmål held fram, og var 35,5 år for menn og 33,1 år for kvinner i 2019. Dette er om lag 10 år høgare enn for 40 år sidan og samstundes den sterkaste eittårige auken vi har sett i moderne tid.

1 Observert giftermålsalder

Figur 2. Gjennomsnittsalder blant førstegongsgifte¹

Menn Kvinner
1974 25.3 22.8
1975 25.3 22.9
1976 25.5 22.9
1977 25.7 23.1
1978 25.9 23.2
1979 26.1 23.6
1980 26.2 23.6
1981 26.3 23.7
1982 26.5 24.0
1983 26.8 24.3
1984 27.0 24.4
1985 27.5 24.9
1986 27.5 24.9
1987 27.9 25.3
1988 28.1 25.5
1989 28.3 25.8
1990 28.8 26.2
1991 29.0 26.4
1992 29.2 26.6
1993 29.4 26.9
1994 29.8 27.2
1995 30.0 27.6
1996 30.5 28.0
1997 30.6 28.3
1998 31.1 28.6
1999 31.6 28.9
2000 31.8 29.2
2001 32.0 29.3
2002 32.2 29.5
2003 32.5 29.7
2004 32.9 30.0
2005 33.2 30.4
2006 33.4 30.6
2007 33.7 30.8
2008 34.1 31.2
2009 33.8 31.0
2010 33.8 30.9
2011 34.0 31.1
2012 34.1 31.3
2013 34.2 31.4
2014 34.3 31.6
2015 34.4 31.8
2016 34.6 31.9
2017 34.9 32.3
2018 35.0 32.5
2019 35.5 33.1

Giftarmålsraten for førstegongsvigde gjev det same biletet og gjekk ned for alle grupperingar under 40 år for begge kjønn samanlikna med dei seinaste åra. Det er verdt å merke seg at ratane for kvinner mellom 25 og 34 år fell sterkt frå 2018, men at dei samstundes har halde seg toleleg stabile for kvinner 40 år og eldre dei siste 5-6 åra.

Raten er eit mål på kor vanleg giftarmål er i ulike aldersgrupper, målt som talet på førstegongsgifte per 1 000 i befolkninga. Han er på sitt høgste i 30-34-årsgruppa, med 33,8 for menn og 38,0 for kvinner i 2018.

Figur 3. Giftarmålsratar for førstegongsvigde menn i utvalde aldersgrupper. Ekteskap mellom personar av ulike kjønn

20-24 år 25-29 år 30-34 år 35-39 år 40-44 år 45-49 år
1977 85.9 129.8 75.2 34.1 17.6 8.7
1978 80.5 124.8 72.9 32.7 16.4 7.5
1979 72.4 118.4 72.8 33.5 14.7 7.7
1980 65.0 112.5 69.1 33.1 16.6 8.2
1981 61.1 108.9 67.7 33.1 13.4 8.2
1982 56.3 100.4 65.7 30.9 15.4 7.2
1983 48.3 94.0 62.6 32.2 15.3 7.5
1984 44.0 88.9 62.5 30.7 15.5 7.8
1985 38.6 84.2 61.3 34.5 19.4 10.6
1986 34.8 78.9 58.9 29.0 14.9 7.0
1987 31.9 75.6 61.5 33.7 18.0 10.2
1988 29.6 75.4 60.8 34.4 16.9 9.0
1989 26.1 66.9 58.7 32.4 15.9 8.1
1990 23.9 68.2 62.7 37.1 19.2 9.6
1991 20.3 58.3 54.8 32.1 16.2 9.8
1992 18.7 54.2 54.1 30.7 15.0 8.4
1993 16.3 52.9 49.6 29.9 16.6 9.3
1994 15.2 52.4 52.1 32.8 17.5 11.1
1995 15.0 52.7 54.2 33.7 18.4 11.1
1996 14.6 53.0 58.8 37.6 20.8 12.8
1997 13.8 52.6 58.5 38.3 22.4 13.2
1998 13.1 48.5 55.7 39.3 22.8 12.8
1999 12.9 48.1 55.8 41.0 25.6 15.0
2000 13.2 50.8 62.0 45.2 26.4 17.4
2001 12.0 43.8 54.6 40.1 24.7 15.8
2002 12.1 46.0 57.1 42.4 25.0 16.7
2003 11.1 41.6 52.5 39.3 24.3 14.7
2004 10.4 38.7 53.2 38.2 25.3 15.8
2005 10.2 37.7 51.4 40.3 25.3 15.9
2006 9.4 35.2 50.2 38.1 25.1 16.9
2007 9.8 36.1 52.7 42.5 27.5 17.9
2008 9.9 36.4 54.9 46.0 30.7 19.8
2009 10.1 37.5 51.9 43.1 28.0 18.1
2010 9.7 35.9 50.1 38.6 26.0 17.5
2011 8.8 34.2 44.9 37.5 25.6 17.5
2012 8.9 34.7 46.9 38.8 26.1 17.8
2013 7.8 34.3 45.1 37.4 25.3 18.4
2014 7.4 30.7 43.7 34.6 24.2 16.1
2015 6.8 30.1 43.0 33.3 23.0 15.5
2016 6.6 28.9 41.1 33.4 22.0 16.3
2017 5.7 26.7 39.4 32.3 21.8 15.3
2018 5.3 24.5 37.5 29.8 20.6 15.1
2019 4.4 21.9 33.8 27.4 20.1 14.9

Små endringar for skilsmisser og separasjonar

Det var 64 fleire skilsmisser i 2019 enn året før, samstundes som det var 208 færre separasjonar. Dette synest å vera innanfor det ein reknar som vanlege statististiske variasjonar. Gøymt inne i dei stabile samletala finn vi at det aldri har vore nær like mange likekjønna skilsmisser som i 2019. Samanlikna med 2018 er 111 likekjønna skilsmisser i 2019 ein auke på 31. Det er naturleg at skilsmissetala stig som fylgje av at det samla talet på likekjønna partnarskap/ekteskap framleis er i vekst. Om lag sju av ti skilsmisser er mellom kvinner, og dette er på same nivå som tidlegare.

Faktaside

Kontakt