Flest borgarlege vigslar for fyrste gong

Publisert:

Fleire valde borgarleg giftarmål framfor vigsel i Den norske kyrkja i 2018. Dette var aller fyrste gongen i historia.

Av dei 20 950 para som gifta seg i 2018, valde 8 050 ein borgarleg vigsel. Det var over 400 fleire enn dei som vende seg til Den norske kyrkja.

Trass i 1 150 færre nygifte par i 2018 enn i 2017, auka talet på borgarlege vigslar med drygt 200. Det var 500 færre par som gjekk opp kyrkjegolvet, medan vigslar utanlands gjekk ned med heile 750 til 3 500.

1 For ekteskap inngått i utlandet er ikkje type vigsel oppgitt.

Figur 1. Type vigsel¹

Den norske kyrkja Borgarleg Andre trussamfunn Utanlands
1986 11524 6995 441 913
1987 11780 6967 501 1033
1988 12371 6803 540 1091
1989 11868 6466 514 1097
1990 12712 6625 499 1283
1991 11689 5533 518 1323
1992 11805 5008 457 1355
1993 11839 4990 482 1420
1994 12312 5496 459 1594
1995 13290 5452 450 1788
1996 13982 5997 425 2074
1997 13948 5996 426 2563
1998 13007 6199 374 2769
1999 12943 7151 393 2969
2000 14228 7397 453 3278
2001 12186 7036 363 3382
2002 12757 7605 339 3368
2003 11571 7321 367 3102
2004 11013 7260 387 3694
2005 10557 7353 631 3851
2006 9965 6930 885 3941
2007 10762 7403 891 4415
2008 11301 8271 1186 4367
2009 10530 7937 1311 4804
2010 9898 7251 1568 4860
2011 9067 7481 1528 5059
2012 9400 8075 1600 5271
2013 8706 7712 1709 5283
2014 8602 7640 1706 4939
2015 8565 7570 1849 4754
2016 8186 7901 1940 4510
2017 8164 7824 1899 4224
2018 7630 8063 1797 3459

331 likekjønna par gifta seg i 2018, tett på det same som året før. Av desse var 42 prosent mellom menn, ein auke på 6 prosentpoeng samanlikna med 2017.

Figur 2. Inngåtte registrerte partnarskap 1993-2008. Inngåtte ekteskap mellom personar av same kjønn 2009-2018

Menn Kvinner
1993 115 41
1994 86 47
1995 64 34
1996 80 47
1997 74 43
1998 71 44
1999 82 62
2000 78 76
2001 108 77
2002 105 78
2003 116 88
2004 107 85
2005 97 95
2006 102 125
2007 110 157
2008 90 134
2009 105 178
2010 97 167
2011 93 166
2012 102 167
2013 90 162
2014 106 163
2015 113 187
2016 121 157
2017 119 214
2018 139 192

Stadig seinare giftarmål

Auken i gjennomsnittsalder ved fyrstegongs ulikekjønna giftarmål held fram, og var 35 år for menn og 32,5 år for kvinner. Det er tett på 10 år høgare enn for 40 år sidan.

1 Observert giftermålsalder

Figur 3. Gjennomsnittsalder blant førstegongsgifte¹

Menn Kvinner
1974 25.3 22.8
1975 25.3 22.9
1976 25.5 22.9
1977 25.7 23.1
1978 25.9 23.2
1979 26.1 23.6
1980 26.2 23.6
1981 26.3 23.7
1982 26.5 24.0
1983 26.8 24.3
1984 27.0 24.4
1985 27.5 24.9
1986 27.5 24.9
1987 27.9 25.3
1988 28.1 25.5
1989 28.3 25.8
1990 28.8 26.2
1991 29.0 26.4
1992 29.2 26.6
1993 29.4 26.9
1994 29.8 27.2
1995 30.0 27.6
1996 30.5 28.0
1997 30.6 28.3
1998 31.1 28.6
1999 31.6 28.9
2000 31.8 29.2
2001 32.0 29.3
2002 32.2 29.5
2003 32.5 29.7
2004 32.9 30.0
2005 33.2 30.4
2006 33.4 30.6
2007 33.7 30.8
2008 34.1 31.2
2009 33.8 31.0
2010 33.8 30.9
2011 34.0 31.1
2012 34.1 31.3
2013 34.2 31.4
2014 34.3 31.6
2015 34.4 31.8
2016 34.6 31.9
2017 34.9 32.3
2018 35.0 32.5

Giftarmålsraten for førstegongsvigde gjev det same biletet. Han gjekk ned for alle aldersgrupper under 50 år for begge kjønn samanlikna med dei seinaste åra.

Raten er eit mål på kor vanleg giftarmål er i ulike aldersgrupper, målt som talet på fyrstegongsgifte per 1 000 i befolkninga. Han er på sitt høgste i 30-34-årsgruppa, med 37,5 for menn og 42,7 for kvinner i 2018. For kvinner i gruppa 20-24 år fall raten for fyrste gong under 10.

Figur 4. Giftarmålsratar for førstegongsvigde menn i utvalde aldersgrupper. Ekteskap mellom personar av ulike kjønn

20-24 år 25-29 år 30-34 år 35-39 år 40-44 år 45-49 år
1977 85.9 129.8 75.2 34.1 17.6 8.7
1978 80.5 124.8 72.9 32.7 16.4 7.5
1979 72.4 118.4 72.8 33.5 14.7 7.7
1980 65.0 112.5 69.1 33.1 16.6 8.2
1981 61.1 108.9 67.7 33.1 13.4 8.2
1982 56.3 100.4 65.7 30.9 15.4 7.2
1983 48.3 94.0 62.6 32.2 15.3 7.5
1984 44.0 88.9 62.5 30.7 15.5 7.8
1985 38.6 84.2 61.3 34.5 19.4 10.6
1986 34.8 78.9 58.9 29.0 14.9 7.0
1987 31.9 75.6 61.5 33.7 18.0 10.2
1988 29.6 75.4 60.8 34.4 16.9 9.0
1989 26.1 66.9 58.7 32.4 15.9 8.1
1990 23.9 68.2 62.7 37.1 19.2 9.6
1991 20.3 58.3 54.8 32.1 16.2 9.8
1992 18.7 54.2 54.1 30.7 15.0 8.4
1993 16.3 52.9 49.6 29.9 16.6 9.3
1994 15.2 52.4 52.1 32.8 17.5 11.1
1995 15.0 52.7 54.2 33.7 18.4 11.1
1996 14.6 53.0 58.8 37.6 20.8 12.8
1997 13.8 52.6 58.5 38.3 22.4 13.2
1998 13.1 48.5 55.7 39.3 22.8 12.8
1999 12.9 48.1 55.8 41.0 25.6 15.0
2000 13.2 50.8 62.0 45.2 26.4 17.4
2001 12.0 43.8 54.6 40.1 24.7 15.8
2002 12.1 46.0 57.1 42.4 25.0 16.7
2003 11.1 41.6 52.5 39.3 24.3 14.7
2004 10.4 38.7 53.2 38.2 25.3 15.8
2005 10.2 37.7 51.4 40.3 25.3 15.9
2006 9.4 35.2 50.2 38.1 25.1 16.9
2007 9.8 36.1 52.7 42.5 27.5 17.9
2008 9.9 36.4 54.9 46.0 30.7 19.8
2009 10.1 37.5 51.9 43.1 28.0 18.1
2010 9.7 35.9 50.1 38.6 26.0 17.5
2011 8.8 34.2 44.9 37.5 25.6 17.5
2012 8.9 34.7 46.9 38.8 26.1 17.8
2013 7.8 34.3 45.1 37.4 25.3 18.4
2014 7.4 30.7 43.7 34.6 24.2 16.1
2015 6.8 30.1 43.0 33.3 23.0 15.5
2016 6.6 28.9 41.1 33.4 22.0 16.3
2017 5.7 26.7 39.4 32.3 21.8 15.3
2018 5.3 24.5 37.5 29.8 20.6 15.1

Små endringar for skilsmisser og separasjonar

Det var 300 færre skilsmisser i 2018 enn året før, samstundes som det var litt fleire separasjonar. Skilsmisseraten, som reknast ut på same måten som giftarmålsraten, syner ein svakt aukande tendens for gruppene under 35 år. For eldre gifte er tendensen ein litt redusert sjanse for at ekteskapet skal oppløysast. 

 

Kontakt