Folketalet veks med 36 000 i år

Publisert:

Berekningar viser at folketalet i Noreg vil vere 5 332 000 per 31. desember i år. Det svarar til ein vekst i folketalet på 36 000, eller 0,7 prosent, og det er ein litt svakare vekst enn førre året.

Dersom vi samanlikner over fleire år vil dette bli den lågaste folkeveksten sidan 2005, viser statistikken Befolkning. Både færre innvandringar og gradvis lågare fødselstal dreg ned veksten i folketalet. Fødselsoverskotet utgjer 42 prosent av folkeveksten, mens 58 prosent er nettoinnvandring.

1 Tala for 2018 er berekna.

Figur 1. Fødselsoverskot, nettoinnvandring og folkevekst. 1951-2018¹

Fødselsoverskot Nettoinnvandring Folkevekst
1951 32835 -2316 30525
1952 34126 -2193 31933
1953 34573 -1457 33116
1954 33581 -1290 32291
1955 34453 -1640 37512
1956 34190 -2077 32113
1957 32503 -90 32413
1958 31340 -1105 30332
1959 31244 -1221 30023
1960 29337 -5145 24217
1961 29242 816 30058
1962 27936 244 28180
1963 26440 619 27059
1964 30399 -1858 28541
1965 30960 -1873 29087
1966 31051 -945 31863
1967 30563 2357 32920
1968 29682 1706 33007
1969 28752 2115 30982
1970 25828 -969 21837
1971 26569 6615 29468
1972 24885 4423 30462
1973 21250 3444 24755
1974 20139 4922 24535
1975 16284 4769 19576
1976 13258 4889 18101
1977 11053 5034 16006
1978 11067 3974 14926
1979 9948 2746 12766
1980 9699 4071 13440
1981 8815 5176 14723
1982 9791 5740 15448
1983 7713 4285 11842
1984 7693 3761 11492
1985 6762 6228 13342
1986 8954 7451 16334
1987 9068 13769 22768
1988 12172 10143 22397
1989 14130 -1453 12430
1990 14918 1710 16714
1991 15885 8045 23804
1992 15378 9942 25533
1993 13081 12808 25648
1994 16021 7436 23595
1995 15102 6366 21547
1996 17067 5817 22757
1997 15206 10700 24885
1998 14240 13823 27730
1999 14128 18999 33168
2000 15232 9688 24939
2001 12715 7955 20630
2002 10969 17174 28186
2003 13980 11285 25205
2004 15751 13211 28906
2005 15524 18439 33856
2006 17292 23723 40915
2007 16505 39652 56037
2008 18785 43346 62081
2009 20358 38637 58947
2010 19943 42346 62106
2011 18827 47032 65565
2012 18263 47343 65405
2013 17713 40073 57781
2014 18690 38155 56746
2015 18331 29802 48183
2016 18164 26076 44332
2017 15859 21349 37302
2018 15264 20887 36151

Blant fylka er det framleis Akershus og Oslo som har den høgaste veksten i folketalet med høvesvis 1,7 og 1,2 prosent. I Akershus finn vi dei kommunane som vil få den største folkeveksten. Flyplasskommunen Ullensaker ligg øvst på lista med ein vekst på 4,4 prosent, og Nannestad og Lørenskog fylgjer tett etter.

Lågast «vekst» finn vi i Finnmark og Sogn og Fjordane kor begge fylka har ein nedgang i folkemengda på 0,3 prosent. Oppland har og ein liten nedgang i folkemengda, og Telemark har nullvekst.

Figur 2

Figur 2. Berekna folkevekst. 2018¹

Kontakt