Ikkje sidan 1927 har det vore så få bryllaup i Noreg
Publisert:
Det var 16 200 vigsler i 2020, ein nedgang på 19 prosent frå 2019 og det lågaste talet sidan 1927. Nedgangen har truleg samanheng med koronapandemien og myndigheitenes tiltak mot han.
- Tala er henta frå
- Ekteskap og skilsmisser
- Artikkelen er del av serien
- Ekteskap og skilsmisser (arkiv)
– Førre gang det var så få vigslar i løpet av eit år budde det 2 771 000 personar i landet, altså berre litt over halvparten av folketalet i 2020, seier Ane Margrete Tømmerås i SSB.
Talet på vigslar var nokså stabilt frå midten av 1990-talet til midten av 2010-talet, før det har sokke i åra etterpå. Nedgangen på 3 000 vigslar frå 2019 til 2020 manglar sidestykke, og er den største nedgangen frå eitt år til eit anna sidan 1919.
Brattast nedgang på våren og sommaren
Nedgangen i talet på vigslar var altså uvanleg bratt, men han fordelte seg ikkje jamt utover året. Samanliknar ein 2020 månad for månad med eit gjennomsnitt for åra 2015-2019, vert biletet meir nyansert. Figur 1 viser blant anna at det var ein stor auke i februar.
– Det heng truleg saman med at det var fem laurdagar i februar månad i 2020, og ein av dei var attpåtil skotårsdagen. Dette var også før koronatiltaka blei iverksette. Samstundes var det også fleire vigsler i oktober og desember samanlikna med åra før, seier Tømmerås.
Figur 1. Vigsler per månad
Januar | Februar | Mars | April | Mai | Juni | Juli | August | September | Oktober | November | Desember | |
2020 | 754 | 1179 | 609 | 609 | 1136 | 1944 | 1731 | 2802 | 1577 | 1623 | 951 | 1236 |
2015-2019 | 776.4 | 916.2 | 962 | 1110 | 1874.2 | 3477.8 | 3095.4 | 3822.8 | 2187.4 | 1320 | 948 | 1087.8 |
Vår- og sommarmånadene hadde synleg færre vigsler enn i åra før. Til dømes var det 300 færre vigsler i både mars og april enn i dei same månadene i 2015-2019. August er framleis den vanlegaste månaden for å inngå giftarmål, sjølv om dette var månaden med størst minke i talet på vigsler frå året før.
– Tala viser at korona-tiltaka frå 12. mars 2020 gjorde at mange utsette bryllaupet. Om dette leier til ein auke i 2021, ettersom mange av dei utsette bryllaupa kanskje skal gjennomførast i år i staden for, vil vise seg, seier Tømmerås.
Gjennomsnittsalderen for gifte held fram med å auke
Medan talet på vigsler fell, auka gjennomsnittsalderen for dei som gifta seg for første gong til 36,7 år for menn og 34,1 år for kvinner. Dette er ein auke på om lag eitt år for begge kjønn.
– Dette er ein uvanleg stor auke i gjennomsnittsalder ved giftarmål frå eitt år til eit anna, noko som kan tyde på at det var mange unge som utsette bryllaupet i 2020, seier Tømmerås.
Elles viser figur 2 at gjennomsnittsalderen ved første giftarmål har auka med nesten 11,5 år for begge kjønn i tida frå 1975.
Figur 2. Gjennomsnittsalder ved første giftarmål
Menn | Kvinner | |
1974 | 25.3 | 22.8 |
1975 | 25.3 | 22.9 |
1976 | 25.5 | 22.9 |
1977 | 25.7 | 23.1 |
1978 | 25.9 | 23.2 |
1979 | 26.1 | 23.6 |
1980 | 26.2 | 23.6 |
1981 | 26.3 | 23.7 |
1982 | 26.5 | 24.0 |
1983 | 26.8 | 24.3 |
1984 | 27.0 | 24.4 |
1985 | 27.5 | 24.9 |
1986 | 27.5 | 24.9 |
1987 | 27.9 | 25.3 |
1988 | 28.1 | 25.5 |
1989 | 28.3 | 25.8 |
1990 | 28.8 | 26.2 |
1991 | 29.0 | 26.4 |
1992 | 29.2 | 26.6 |
1993 | 29.4 | 26.9 |
1994 | 29.8 | 27.2 |
1995 | 30.0 | 27.6 |
1996 | 30.5 | 28.0 |
1997 | 30.6 | 28.3 |
1998 | 31.1 | 28.6 |
1999 | 31.6 | 28.9 |
2000 | 31.8 | 29.2 |
2001 | 32.0 | 29.3 |
2002 | 32.2 | 29.5 |
2003 | 32.5 | 29.7 |
2004 | 32.9 | 30.0 |
2005 | 33.2 | 30.4 |
2006 | 33.4 | 30.6 |
2007 | 33.7 | 30.8 |
2008 | 34.1 | 31.2 |
2009 | 33.8 | 31.0 |
2010 | 33.8 | 30.9 |
2011 | 34.0 | 31.1 |
2012 | 34.1 | 31.3 |
2013 | 34.2 | 31.4 |
2014 | 34.3 | 31.6 |
2015 | 34.4 | 31.8 |
2016 | 34.6 | 31.9 |
2017 | 34.9 | 32.3 |
2018 | 35.0 | 32.5 |
2019 | 35.5 | 33.1 |
2020 | 36.7 | 34.1 |
Færre separasjonar og skilsmisser
Trass spekulasjonar om auke i talet på separasjonar og skilsmisser som følgje av korona-tiltaka, vart det færre av begge. I 2020 var det 250 færre skilsmisser og 310 færre separasjonar enn i 2019.
Figur 3 viser at vi må attende til 2015 for å finne ein tilsvarande minke. Den meir langvarige nedgangen i talet på separasjonar og skilsmisser heng saman med at færre og færre giftar seg og i staden er sambuarar.
Figur 3. Separasjonar og skilsmisser
Skilsmisser | Separasjoner | |
1974 | 5061 | 6460 |
1975 | 5406 | 6943 |
1976 | 5648 | 7237 |
1977 | 5912 | 7497 |
1978 | 6063 | 7486 |
1979 | 6441 | 8271 |
1980 | 6466 | 8641 |
1981 | 6937 | 9183 |
1982 | 6973 | 9843 |
1983 | 7472 | 9942 |
1984 | 7781 | 10079 |
1985 | 8090 | 10193 |
1986 | 7813 | 10117 |
1987 | 8342 | 10616 |
1988 | 8689 | 11307 |
1989 | 9163 | 12480 |
1990 | 10055 | 12825 |
1991 | 10164 | 12350 |
1992 | 10106 | 12146 |
1993 | 10805 | 11928 |
1994 | 10795 | 11882 |
1995 | 10183 | 11968 |
1996 | 9836 | 11125 |
1997 | 9813 | 11464 |
1998 | 9213 | 11579 |
1999 | 9124 | 11883 |
2000 | 10053 | 12896 |
2001 | 10308 | 12752 |
2002 | 10450 | 13005 |
2003 | 10757 | 12772 |
2004 | 11045 | 13167 |
2005 | 11040 | 12758 |
2006 | 10598 | 12146 |
2007 | 10280 | 11413 |
2008 | 10158 | 11742 |
2009 | 10235 | 11935 |
2010 | 10228 | 11740 |
2011 | 10207 | 11238 |
2012 | 9929 | 11094 |
2013 | 9736 | 10912 |
2014 | 9556 | 10824 |
2015 | 9306 | 10507 |
2016 | 9345 | 10842 |
2017 | 9848 | 10594 |
2018 | 9545 | 10630 |
2019 | 9609 | 10422 |
2020 | 9355 | 10115 |
Faktaside
Kontakt
-
Ane Margrete Tømmerås
-
Anders Sønstebø
-
SSBs informasjonstjeneste