Lågaste talet på vigslar sidan 2006
Publisert:
I alt blei 22 500 par vigde i 2016. Ikkje sidan 2006 har færre par gifta seg.
- Tallene er hentet fra
- Ekteskap og skilsmisser
- Artikkelen er en del av serien
- Ekteskap og skilsmisser (arkiv)
Det var 200 færre inngåtte ekteskap i 2016 enn året før. Sett i høve til folketalet i dei enkelte fylka hadde Østfold, Telemark, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag ein liten auke i talet på inngåtte ekteskap, mens det var ubetydelege endringar i dei andre fylka. Det var i alt 9 300 par som skilde seg og 10 800 par som blei separert i 2016.
Gjennomsnittstala for skilsmisser dei siste fem åra er dei lågaste sidan femårsperioden 1986-1990, mens gjennomsnittstala for separasjonar i same periode ikkje har vore lågare sidan 1981-1985.
278 par med same kjønn gifta seg i 2016. Det var 157 vigslar mellom to kvinner og 121 vigslar mellom to menn og dei fleste vigslane mellom personar med same kjønn fann stad i Oslo og Akershus. Talet på inngåtte ekteskap mellom personar av same kjønn i 2016 var det lågaste talet for kvinner sidan den nye ekteskapsloven kom i 2009, men det høgaste talet for menn som er registrert i same periode.
I 2016 blei 96 ektepar av same kjønn separert, mens 78 ektepar av same kjønn skilde seg.
Kontakt
-
Kirsten Dybendal
-
Eva Hoel
-
Laila Holmen Lystad
-
SSBs informasjonstjeneste