Samfunnsspeilet, 2001/4

Likestilling i ujamnt tempo

Publisert:

På nokre felt har det gått fort: Kvinnene har ført an i utdanningsrevolusjonen, og deira yrkesdeltaking har auka dramatisk dei siste tiåra. Neste steg ser ut til å ta lengre tid: Inntektene til kvinnene er framleis langt under inntektene til mennene, kvinner har stadig hovudansvaret for det ulønte arbeidet i heimen, og maktposisjonane i offentleg og privat arbeidsliv er dominert av menn. Leiarposisjonar i næringslivet og inntektsskilnader peikar seg ut som område der det er langt igjen.

Kvinner nærmar seg menn i deltaking i arbeidsstyrken

Like vilkår og føresetnader for kvinner og menn på arbeidsmarknaden vert av Barne og familiedepartementet (2001) definert som eit sentralt mål for likestillingspolitikken. Det har då også dei siste 20 åra vore ein kraftig auke i kvinner si deltaking i arbeidsstyrken. I perioden 1980 til 2000 gjekk delen kvinner som er yrkesaktive opp for alle aldersgrupper, utanom for dei over 65 år. Den største auken kom i aldersgruppene 25-29 år og 30-34 år, med 20 og 19 prosentpoeng. I 2000 var det kvinner mellom 40 og 50 år som var mest yrkesaktive (86 prosent), men for alle aldersgrupper mellom 25 og 54 år var fire av fem kvinner yrkesaktive. For menn har utviklinga i same tidsperiode vore noko annleis. For alle aldersgrupper over 30 år har det vore ein svak nedgang i yrkesaktiviteten. For menn over 60 år har nedgangen i yrkesaktiviteten vore markant, noko som har samanheng med auka uføretrygding og bruk av avtalefesta pensjon. Det er altså fleire menn som sluttar før oppnådd pensjonsalder enn før, og den yrkesaktive delen av livet har vorte kortare. Det same gjeld for kvinner, men dette vert meir enn oppvege av den generelle tendensen til auka yrkesaktivitet blant kvinner i perioden. Skilnaden i yrkesaktivitet mellom kvinner og menn gjekk kraftig ned i perioden. I 1980 var skilnaden i alderen 25-66 år 28 prosentpoeng, medan han var redusert til 9 prosentpoeng i 2000 (87 prosent for menn og 78 for kvinner).

Mødrer med små barn står for mykje av den auka yrkesdeltakinga blant kvinner

Det er altså kvinner i alderen 25 til 34 år som har stått for den største auken i yrkesdeltakinga. Dette er samtidig alderen då kvinner gjerne byrjar å få barn. I 2000 var gjennomsnittleg alder ved første fødsel litt over 27 år. Og det er særleg kvinner med små barn som har auka yrkesdeltakinga dei siste tiåra. Framfor alt gjeld det mødrer med yngste barn under 3 år. For gifte/sambuande kvinner med eitt barn under 3 år steig yrkesdeltakinga med 20 prosentpoeng i perioden 1980 til 2000. For dei med to barn og yngste barn under 3 år steig yrkesdeltakinga med 31 prosentpoeng. Også for dei med yngste barn i alderen 3-6 år auka yrkesdeltakinga mykje. Blant mødrer med eldste barn i alderen 7-10 år var auken ikkje så markant. Likevel er det framleis slik at yrkesaktiviteten aukar med alderen på barna. Mødrer med eitt barn er framleis i større grad enn mødrer med fleire barn yrkesaktive, men også denne forskjellen har vorte mindre. I 2000 er det nesten ingen skilnad i yrkesaktiviteten mellom mødrer med eitt og to barn, medan for dei med tre eller fleire barn er yrkesaktiviteten mindre.

 Prosentdel yrkesaktive kvinner og menn i ulike aldersgrupper. 1980 og 2000. Prosent

Auka offentleg omsorg frigjer kvinnene til det lønte yrkeslivet

Tradisjonelt har kvinner stått for det aller meste av omsorga i samfunnet, både for barn, eldre og andre som er trengande. Denne omsorga har ikkje vore ein del av det lønte yrkeslivet, ein kan såleis seia at kvinner har gjeve dette arbeidet til samfunnet gratis. For mange kvinner har dette hatt som konsekvens at høvet for deltaking i det lønte yrkeslivet har vore fråverande eller sterkt redusert, og ein har vore avhengig av å ha ein mann med inntekt for å brødfø familien. Spesielt omsorg for barn under skulepliktig alder gjorde mange kvinner i eit visst tidsrom uaktuelle for arbeidsmarknaden.

Den auka yrkesdeltakinga for småbarnsmødrer må difor sjåast i samanheng med den aukande utbygginga av barnehageplassar i den same perioden. Sidan 1980 har det vore ein kraftig auke i talet på barn som går i barnehage, og i 1999 hadde omkring 187 700 barn i alderen 0-6 år plass i barnehage. 185 800 av desse var i alderen 1-5 år. Det svarar til ein dekningsgrad på vel 61 prosent, og er ein auke frå 19 prosent i 1980. Dekningsgraden viser til delen barn som har eit barnehagetilbod i forhold til talet på barn i same aldersgruppe. Men denne utrekningsmåten seier ingenting om det faktiske behovet for eller etterspurnaden etter barnehageplassar. Undersøkinga "Barnefamiliar sine tilsynsordningar, yrkesdeltaking og bruk av kontantstøtte våren 1999" (Reppen og Rønning 1999) syner likevel at for barn i alderen 3-5 år og som det ikkje er søkt barnehageplass for, svara ein firedel av mødrene at ein ikkje hadde søkt fordi ein anten ikkje trudde barnet ville få plass, at det var for dyrt eller at tilbodet ikkje passa. Om lag fire av fem av dei same mødrene ønskte gratis kortidsbarnehageplass dersom dei kunne få det. Dekningsgraden varierer mellom barn i forskjellige aldersgrupper. Høgast dekningsprosent har dei eldste barna. Ved utgangen av 1999 var dekningsgraden 77 prosent for barn frå 3 til 5 år og 37 prosent for barn frå 1 til 2 år. I 1980 var dekningsgraden omkring 30 prosent for dei eldste barna og under 10 prosent for dei yngste.

 Prosentdel yrkesaktive blant gifte/sambuande kvinner med barn under 16 år, etter tal på barn og alder på yngste barn. 1980 og 2001. Prosent

Kontantstøtte: reversering av likestilling eller status quo?

Kontantstøtteordninga som vart innført i 1998 for eittåringar og utvida til å gjelda toåringar i 1999, har vorte mykje diskutert utifrå konsekvensane ordninga ville få for likestilling. Kritikarane av ordninga frykta at kvinner si deltaking i yrkeslivet ville verte redusert og snu trenden frå dei siste 20 åra. Kvinner ville i større grad verte heimeverande, medan menn ville bruke meir tid i arbeidslivet. Dette ville få negative konsekvensar for yrkeskarrierane til kvinnene og deira økonomiske sjølvstende. Tilhengarane av ordninga meinte at reforma innebar ei fornying av likestillingspolitikken fordi ho førte med seg ei oppgradering av statusen til omsorgsarbeidet i heimen (Baklien, Guldbrandsen og Ellingsæter 2001).

I dei førebels analysane av konsekvensane av ordninga som er gjorde, er det mangelen på konsekvensar som er mest oppsiktsvekkjande. Reforma har dei første åra hatt liten innverknad på åtferda til foreldra, også når det gjeld yrkestilpassing. Men ein viss reduksjon i yrkesaktiviteten har vorte registrert (Rønsen 2001 og Håkonsen m.fl. 2001). Sletvold (2000) har i sin studie funne at ei av fem yrkesaktive mødrer jobbar mindre, og ein tredel av desse har vorte heimeverande på heiltid. Så godt som ingen fedrar har vorte heimeverande på heiltid, men omtrent kvar tjuande yrkesaktive far jobbar mindre enn før. Samstundes var det i 1999 ein nedgang i talet på fedrar som tok meir enn dei 4 vekene som er halden av til fedrane. Ellingsen (2000) meiner dette kan ha samanheng med innføringa av kontantstøtta. For dei foreldrepara der mødrene etter permisjon ikkje skal ut i jobb, men vere heime og ta imot kontantstøtte, gjev det lita meining for mora å gå ein kort periode ut i jobb slik at far kan vera heime med barnet. I dei tilfella der mor likevel skal ut i jobb etter permisjon, er det meir praktisk for fedrane å ta ein større del av permisjonen.

Når Sletvold (2000) har sett på kva som skil dei kvinnene som har redusert yrkesaktiviteten sin frå dei som ikkje har det, finn han ein moderat samanheng med lønsnivå. Delen kvinner som reduserer yrkesaktiviteten aukar moderat ved fallande lønsnivå. Elles er det få skilnader mellom dei som reduserer og dei som ikkje reduserer yrkesaktiviteten. Det som synest å ha størst effekt på vala til mødrene, er kjønnsrollemønsteret i familien. I familiar som oppgjev å ha ei tradisjonell fordeling av oppgåvene i heimen, er delen kvinner som reduserer yrkesaktiviteten tre gonger så stor som i familiar som har ei meir likestillingsorientert fordeling av oppgåvene. Hellevik (2000) har også teke for seg yrkesdeltakinga blant mødrer som tek imot kontantstøtte, og sett spesielt på kva utdanning har å seie. Også ho finn at likskapane mellom dei med høg og dei med låg utdanning er større enn skilnadene.

Så på kort sikt, sidan ordninga enno ikkje har fungert så lenge, kan ein seia at den frykta reverseringa av likestillinga innan arbeidslivet ikkje har funne stad. Baklien, Guldbrandsen og Ellingsæter (2001) meiner likevel at ein kan hevda at tendensen til reforma er å sementere status quo, der ulik praksis mellom kjønna i arbeidslivet og også familielivet vert reprodusert. Kanskje særleg fordi ein kunne venta at auken i yrkesdeltaking blant kvinner skulle halda fram med å auka. Det at ei av fem mødrer har redusert yrkesaktiviteten sin som følgje av reforma, går imot denne trenden.

 Tid brukt på ulike aktivitetar. Kvinner og menn. Gjennomsnitt for alle dagar. 1970, 1980 og 1990. Timar og minutt

Kvinner utfører det meste av det ulønte arbeidet

Tidsnyttingsundersøkingane til Statistisk sentralbyrå gjev eit godt bilete av omfanget av det ulønte arbeidet i samfunnet og kven som utfører dette. Desse undersøkingane vert gjennomførte med 10 års mellomrom, og den siste me førebels har data frå, er frå 1990. Figur 3 viser utviklinga i tidsbruken frå 1970 til 1990. Kvinner har i denne 20-årsperioden redusert hushaldsarbeidet sitt frå 5 timar og 55 minutt per dag til 4 timar og 22 minutt. Mennene har auka hushaldsarbeidet sitt frå 2 timar og 13 minutt til 2 timar og 36 minutt. Det er grunn til å tru at tala frå den siste undersøkinga i 2000 vil visa at denne trenden held fram, men at kvinner framleis utfører langt meir ulønt hushaldsarbeid enn menn. I 1990 var det framleis slik at kvinner i gjennomsnitt utførte meir ulønt arbeid enn lønt, og menn utførte meir lønt enn ulønt.

Tidsnyttingsundersøkingane viser også ein trend mot at menn arbeider mindre i lønt arbeid, og at kvinner arbeider meir. Det same mønsteret får ein fram ved å nytta Arbeidskraftundersøkingane, der ein undersøkjer den faktiske arbeidstida til sysselsette personar. I 1980 var den gjennomsnittlege arbeidstida for menn 41,1 timar, medan ho i 2000 var redusert til 38,8 timar. For kvinner var utviklinga den motsette. I 1980 var gjennomsnittleg arbeidstid for kvinner på 29,2 timar, medan ho var auka til 30,6 timar i 2000. Det skjer altså ei sakte tilnærming mellom kvinner og menn når det gjeld kor mykje dei som er ute i arbeidslivet faktisk arbeider. Det er også slik at skilnadene på kvinner og menn i faktisk arbeidstid er mindre for yngre aldersgrupper og større for eldre. I 2000 var skilnaden mellom kvinner og menn i aldersgruppa 20-24 år på seks timar, medan han var på over ni timar i aldersgruppa 55-66 år. Dette kan tyde på at skilnaden vil gå ytterlegare ned når dei yngre aldersgruppene vil nå opp i den mest yrkesaktive alderen. Men det er altså framleis eit stykke igjen til full likestilling på dette feltet.

 Prosentdel sysselsette på deltid1. Kvinner og menn. 1980-20002. Prosent

Flest kvinner jobbar deltid

Frå 1980 og fram til 2000 har delen sysselsette menn som jobbar deltid vore relativt stabil. Tar me høgd for endring av utrekningsmåte i 1988 (sjå note til figur 4), har det vore eit par prosentpoeng auke i 20-årsperioden, og i 2000 låg delen på 10,4 prosent. For kvinner har det i same perioden vore ein nedgang i delen deltidssysselsette, frå 52,5 prosent i 1980 til 42,9 prosent i 2000. Det har altså vore ei lita tilnærming mellom kjønna på 1980- og 1990-talet når det gjeld prosentdel som jobbar deltid, og dette har først og fremst skjedd som følgje av nedgang i deltidsarbeid blant kvinner.

Likevel jobbar ni av ti sysselsette menn heiltid, mot i underkant av seks av ti kvinner. Det er blant unge vaksne kvinner (25-29 år) me finn den største delen som jobbar heiltid, med 67 prosent. Blant mennene er det dei i midten av yrkesaktiv alder som jobbar mest heiltid (30-54 år), med 95 prosent. Det er ein stor del unge kvinner og menn (16-24 år) som jobbar kort deltid (1-19 timar i veka), og dette har samanheng med at det er svært vanleg for ungdom som går på skule å kombinere skulegang/studium med jobbing. Denne jobbinga utgjer sjeldan meir enn kort deltid.

 Prosentdel yrkesaktive i alderen 25-66 år, etter kjønn og utdanningsnivå. 2000. Prosent

Utdanning viktig for yrkesaktivitet

Utdanning er eit gode i seg sjølv, og lik tilgang på utdanning er sentralt i likestillingspolitikken. Men utdanning er også viktig for å auka deltakinga av kvinner i arbeidsstyrken. For begge kjønn er det slik at yrkesdeltakinga aukar med høgare utdanningsnivå, men denne skilnaden i yrkesdeltaking etter utdanning er mest markant for kvinner. Samtidig er skilnaden i yrkesdeltaking mellom kvinner og menn minst for dei med høg utdanning og størst for dei med låg utdanning. For dei med universitets- og høgskuleutdanning er det berre om lag 5 prosentpoeng skilnad i yrkesaktiviteten mellom kvinner og menn, medan skilnaden er på 27 prosentpoeng for dei med utdanning på ungdomsskulenivå.

Menn heng etter når det gjeld utdanning...

Menn har tradisjonelt hatt meir utdanning enn kvinner, men no er dette mønsteret vesentleg endra. I 1980 hadde 10 prosent av kvinnene høgare utdanning, mot 14 prosent blant mennene. I 1999 hadde om lag like mange kvinner og menn universitets- eller høgskuleutdanning, med i overkant av 20 prosent. I 1980 hadde 47 prosent av alle kvinner 16 år og eldre berre grunnskule som si høgaste fullførte utdanning, mot litt over 40 prosent blant menn. Fram til 1999 vart dette talet vesentleg redusert, men framleis var det litt fleire kvinner enn menn som ikkje hadde nokon form for utdanning etter avslutta grunnskule, 25 prosent kvinner og 20 prosent menn. Litt fleire menn enn kvinner hadde utdanning på vidaregåande nivå, 58 prosent menn og 54 prosent kvinner.

Yngre menneske har vesentleg meir utdanning enn eldre. Samtidig er det slik at i dei yngste aldersgruppene er det flest kvinner med høgare utdanning, og i dei eldste flest menn. I aldersgruppene over 50 år finn me altså framleis det tradisjonelle utdanningsmønsteret, med større delar menn enn kvinner på det høgaste utdanningsnivået, og fleire kvinner enn menn i gruppa utan utdanning utover grunnskulen. Men blant kvinner og menn i aldersgruppa 40-49 år var det i 1999 nærast ingen forskjellar i utdanningsnivået mellom kjønna, og i aldersgruppa under 40 år var det fleire kvinner enn menn som hadde fullført ei høgare utdanning. I den yngste aldersgruppa, dei mellom 25 og 29 år, hadde om lag fire av ti kvinner fullført ei høgare utdanning mot tre av ti menn. I 1999 var i overkant av tre av ti kvinner i alderen 19-24 år registrert som studentar, mot i overkant av to av ti blant menn i same aldersgruppe. Menn er altså i ferd med å bli hengande etter kvinner når det gjeld høgare utdanning.

Denne endringa i utdanningsnivået til kvinnene er i nokon grad eit resultat av at skular som tidlegare hadde eit stort fleirtal av kvinner, fekk høgskulestatus på 1970-talet og byrjinga av 1980-talet. Då vart m.a. helsefagskular gjorde om til høgskular. Men kvinnedelen har også auka ved universiteta, og dette viser ein sterk motivasjon blant kvinner til å velja høgare utdanning. Derimot ser det ut til at det blir meir vanleg blant menn å velja yrkesfaglege utdanningsretningar på vidaregåande skulenivå. Samtidig er det i dag felles for unge kvinner og unge menn at svært få avsluttar utdanninga på grunnskulenivå.

... men framleis kjønnstradisjonelle utdanningsval

Sjølv om det no er stadig fleire unge kvinner som tek utdanning utover grunnskulen og vidaregåande skule, viser oversikten over kva studieretningar jenter og gutar vel at det framleis vert gjort ganske tradisjonelle val. Likevel tyder tala på ei viss utjamning mellom kjønna innanfor enkelte studieretningar. I 1986 var nesten ni av ti elevar på landbruksfag og fiskeri- og sjøfartsfag gutar. I 1999 var det nesten like mange jenter som gutar på denne studieretninga. Studieretninga er endra med Reform 94, og vert no kalla naturbruk. I 1999 hadde dei tekniske studieretningane teke over som dei mest mannsdominerte. I byggfag, elektrofag og mekaniske fag er omtrent kvar tjuande elev eller færre ei jente. Også tekniske byggfag har ein låg kvinnedel, med i underkant av ein av ti. Dei siste åra har forskjellen mellom delen jenter og gutar innanfor desse faga vore stabil.

Helse- og sosialfagutdanningane har tradisjonelt vore kvinnedominerte. I 1986 var nesten 98 prosent av elevane på denne utdanninga kvinner. Delen var også høg i 1998, men har vorte redusert noko til om lag ni av ti. Kvinnedelen var høg også innanfor formgjeving og musikk, dans og drama, med høvesvis i overkant av åtte og sju av ti. Innanfor faga hotell- og næringsmiddelfag og allmennfag, økonomiske og administrative fag var det relativt jamn del jenter og gutar med ei lita overvekt av jenter.

Noko av det same bilete får ein når ein ser på utdanningsval ved universitet og høgskular. Av registrerte studentar ved universiteta i 1999 var til dømes innanfor teknologifag om lag tre av fire menn. Innanfor matematisk-naturvitskaplege fag var om lag tre av fem menn, medan det innanfor helsefag og pedagogiske fag var om lag fire av fem kvinner. Men biletet er ikkje eintydig då det innanfor fag som jus og medisin er relativt likt mellom kvinner og menn, med ei lita overvekt av kvinner. På dei statlege høgskulane er det visse typar utdanningar som skil seg ut anten som kvinnedominerte eller mannsdominerte. Førskulelærar, sjukepleiar og tannpleiar er alle retningar der om lag ni av ti registrerte studentar er kvinner. Også allmennlærarutdanninga er kvinnedominert, der er sju av ti kvinner. Ingeniør- og sivilingeniørutdanninga på den andre sida er kraftig mannsdominert, med om lag fire av fem menn. Innanfor maritime fag er mannsdominansen endå sterkare med ni av ti menn. Eit fag som tradisjonelt har vore mannsdominert er siviløkonomutdanninga. Framleis er det flest menn som tek denne utdanninga. I overkant av tre av fem siviløkonomstudentar er menn. Denne utdanninga er viktig for rekrutteringa til leiarstillingar i det private næringslivet, stillingar som me seinare skal sjå er svært mannsdominerte. Den relativt høge delen kvinner som tek denne utdanninga kan vera eit teikn på at det vil verta fleire kvinner som konkurrerer om desse stillingane framover.

 Prosentdel tilsette som er lågt lønte1, kvinner og menn. 1980-1999. Prosent

Den kjønnsdelte arbeidsmarknaden held fram

Dei relativt tradisjonelle vala av utdanning som kvinner og menn gjer,
speglar seg i val av yrke. Det finst framleis klare kvinneyrke og mannsyrke, sjølv om det for ein del yrkeskategoriar er relativt jamnt fordelt mellom kvinner og menn. Kvinnedominans finn ein innanfor biologiske og medisinske yrke, der kvinner utgjer om lag fire av fem. Også innanfor undervisningsyrke med 1-3 års høgskuleutdanning og kontoryrke er kvinner i klart fleirtal med om lag sju av ti, og innanfor personleg tenesteyting og tryggleiksarbeid utgjer kvinner om lag tre av fire. Yrke der menn dominerer inkluderer byggje- og anleggsarbeidarar og ingeniørar. I kategoriane stein-fag-, bygnings- og anleggsarbeidarar og metall- og maskinarbeidarar, elektrikarar o.l. var i 2000 om lag kvar femtiande tilsette ei kvinne. I yrkesgruppa ingeniørar og teknikarar var i underkant av ni av ti menn.

Er kvinneyrke det same som låglønsyrke?

Det er eit mål i likestillingspolitikken at kvinner og menn skal kunne forsørgje seg sjølve og sine barn gjennom eige inntektsgjevande arbeid. For at kvinner skal kunne gjera dette på lik linje med menn, er det ikkje berre viktig at kvinner aukar yrkesdeltakinga si. Det er også viktig at dei får like godt betalt som menn for det arbeidet dei gjer. Likestillingslova slår fast at kvinner og menn i same verksemd skal ha lik løn for arbeid av lik verdi . Kjeldstad og Lyngstad (1993) påpeikar at for å oppnå likestilling på arbeidsmarknaden er det ikkje nok med lik løn for arbeid av lik verdi. Kvinner må i tillegg ha like stort høve som menn til å få dei mest attraktive og best betalte stillingane.

I gjennomgangen av utviklinga på 1980-talet slår Kjeldstad og Lyngstad fast at det har vore ei tilnærming i lønsnivået mellom kjønna. Både Levekårsundersøkinga og lønsstatistikken viser at gjennomsnittleg løn for kvinner har nærma seg nivået til menn for alle næringar som ein har tal for. På 1990-talet har denne utviklinga halde fram for ein del hovudområde, men for andre har tilnærminga stogga opp og i nokre tilfelle gått litt tilbake på slutten av tiåret. Løns- og prisindeksutvalet gjev i NOU 2001:17 ei oversikt over utviklinga i løna til kvinnene i forhold til menn. For statstilsette var det ein auke i kvinner si løn i forhold til menn frå 1990 fram til 1997 frå 84,8 til 89,8 prosent. Dei tre neste åra vart det likevel ein liten nedgang slik at ved utgangen av tiåret var delen nede i 89 prosent. Dei tilsette i kommunesektoren har hatt ei liknande utvikling med auke fram til 1996 for så å sjå ein reduksjon, slik at nivået for kvinner si løn i forhold til menn i 2000 var tilbake på nivået frå 1992. I den private sektoren har utviklinga vore noko annleis. For industrifunksjonærar i NHO-bedrifter ligg lønsnivået til kvinner relativt langt unna nivået til menn. Men frå 1990 til 1997, det siste året me har tal for, har det i alle fall vore ein jamn, om enn sakte, auke. I 1997 tente kvinner innanfor dette området i overkant av tre firedeler av det menn gjorde. Også for andre område innanfor privat sektor har det vore ein jamn, men sakte auke i kvinneløn sett i forhold til menn, men det kan sjå ut som om det på slutten av 1990-talet har stogga opp litt, og til dels gått litt til-bake.

Levekårsundersøkingane viser at i 1980 var så mange som 58 prosent av kvinnelege tilsette låglønte (låg løn vert her definert som 85 prosent av gjennomsnittleg timeforteneste i industrien). Til samanlikning var delen låglønte blant mannlege tilsette 21 prosent. I perioden fram til 1999 har delen låglønte gått ned både for kvinner og menn. Frå 1980 til 1999 vart delen låglønte kvinner omtrent halvert, frå 58 til 30 prosent. Nedgangen var sterkast frå 1980 til 1983 og frå 1990 til 1995. Når det gjeld mennene, låg delen låglønte stabilt rundt 20 prosent frå 1980 og fram til 1995, men i 1999 var han komen ned i 14 prosent. Dermed har kjønnsforskjellen i delen låglønte gått ned frå 1980 til 1999. I 1980 var det i underkant av tre gonger så mange kvinnelege som mannlege låglønte, medan det i 1999 var i overkant av dobbelt så mange. Desse tala er frå utvalsundersøkingar og er difor usikre, men gjev likevel ein indikasjon på retninga i utviklinga.

Lønsskilnader kan forklarast med stillingsnivå

Det er fleire faktorar som kan forklare denne forskjellen i løn mellom kvinner og menn. Alder, ansiennitet og utdanningsnivå er berre nokon av faktorane som vil spela ei rolle når ein samanliknar lønsnivået for kvinner og menn. Dei tala som er nemnt ovanfor for ulike næringar, er bruttotal og tek ikkje omsyn til slike faktorar. I NOU 1993:17 vert det vist til tre ulike mekanismar som kan forklara ei form for diskriminering når det gjeld løn. Stillingsdiskriminering er når kvinner og menn har ulik tilgang til stillingar og verksemder, og dels ulike høve ved seinare forfremjingar. Når kvinner tek imot lågare løn enn menn med dei same kvalifikasjonane, den same stillinga og innanfor den same verksemda vert det kalla direkte diskriminering . Ein tredje mekanisme er når kvinnedominerte stillingar har ein tendens til å verta dårlegare betalte enn mannsdominerte stillingar, uavhengig av utdanningslengd eller andre lønsrelevante faktorar. Dette vert kalla verdsettingsdiskriminering .

Det kan vera vanskeleg å avgjera kva av desse som er den viktigaste faktoren for lønsforskjellar mellom kvinner og menn. Direkte diskriminering synest det å vera veldig lite av. Når ein har kontrollert for dei fleste bakgrunnsforhold er det som oftast ein liten skilnad igjen på nokre få prosent, og denne skilnaden går alltid i kvinner sin disfavør. Skilnaden kan koma av direkte diskriminering, men kan også koma av andre forhold som det ikkje er kontrollert for. I NOU 2000:4 vert det gjennomgått ulike analysar som søkjer å forklara lønsgapet mellom kvinner og menn. Her vert det påpeika at lønsforskjellar mellom kvinner og menn i nokon grad kjem av at kvinner og menn jobbar i ulike bransjar som vert ulikt lønte. Ofte vert bransjar med stor kvinnedeltaking lågare lønte enn bransjar med stor overvekt av menn. Dette er ei form for verdsettingsdiskriminering. Men den viktigaste faktoren for å forklare forskjellar i løn mellom kvinner og menn, er forskjellar i stillingskategori. Det vil seia at mykje av lønsforskjellen mellom kvinner og menn kan forklarast med at menn i større grad enn kvinner har dei stillingane som gjev best betalt. Dette kan koma av at menn og kvinner gjer ulike val innanfor sine yrkeskarrierar. Men det kan også koma av at kvinner ikkje har same tilgang til dei best betalte stillingane som menn, altså ei form for stillingsdiskriminering.

 Tillegg for heiltidstilsette kvinner og menn i ulike næringar1, per 1. oktober 1999. Kr

Menn tek mesteparten av tilleggsutbetalingar

I dei fleste næringane vert det utbetalt ulike former for tillegg utover grunnløna. Tillegga kan vera ein kompensasjon for ekstra arbeidsbelastning, ulagleg arbeidstid, ulaglege arbeidsforhold eller risikofylt arbeid (NOU 1997:10). Lønsstatistikken for 1999 viser at menn i større grad enn kvinner tek imot desse tillegga. Tillegg vert her definert som uregelmessige tillegg, bonus og provisjon mv. og overtidsgodtgjersle. For dei fleste næringane er det overtidsgodtgjersle som utgjer den største delen av tillegga, både for kvinner og menn. Samla ligg tillegga til kvinnene på ca. halvparten av det menn har. Nærast mennene ligg kvinnene i finanstenester, der tillegga til kvinner utgjer 63 prosent av tillegga til menn. I varehandel utgjer tillegga til kvinnene berre 44 prosent av tillegga til mennene. Det er olje og gassutvinning og bergverksdrift som har dei klart største tillegga, både for kvinner og menn, men kvinner tek imot under halvparten av menn (48 prosent). Helse- og sosialtenester, som er ei næring med relativt høg kvinnedel, er av dei næringane som tek imot minst i tillegg. Men også her ligg kvinner langt etter menn, med 56 prosent av tillegga til menn. Desse tala, saman med oversikta over deltidsarbeid, forsterkar biletet av at kvinner arbeider deltid, medan menn arbeider overtid.

Inntekt som kjelde til sjølvstende

Lik fordeling av inntekter er altså viktig for at kvinner og menn i like stor grad skal vera i stand til å forsørgje seg sjølve og sine barn. Utviklinga innanfor familiestruktur og samlivsbrot i Noreg dei siste tiåra har forsterka dette behovet. Den kanskje viktigaste endringa innanfor familiestrukturen er auken i sambuarforhold (Høydahl, Skiri og Østby 2000). Medan det for 20 år sidan ikkje var uvanleg med sambuarar blant yngre, er det no vorte vanleg i alle aldersgruppene under 45 år, og heller ikkje uvanleg for eldre enn det. Overslag for 1999 tilseier at det er om lag 250 000 sambuarpar mot dei registrerte 840 000 ektepara. Utvalsundersøkingar viser også at det har vorte vanlegare å bu åleine dei siste 20 åra. I inntekts- og formuesundersøkinga i 1997 utgjorde om lag to av fem hushald berre ein person. Samstundes har skilsmisseraten gått opp, og ein må rekne med at stadig fleire ekteskap før eller seinare endar i skilsmisse. Undersøkingar om sambuarskap viser at desse er mindre stabile enn ekteskap (NOU 1999:25). Det er fire til fem gonger så sannsynleg at eit sambuarskap endar i samlivsbrot som eit ekteskap.

Alle desse utviklingstrekka gjer at det er viktigare enn nokon gong at kvinner får det same økonomiske sjølvstendet som menn. Sambuarskap er ofte mindre økonomisk gjensidig forpliktande enn ekteskap, og den hyppige førekomsten av samlivsbrot blant sambuarar gjer at mange må forsørgja seg sjølve åleine igjen etter ein periode der ein har delt på utgiftene. Det same vil gjelda for skilde blant ektepar. Det blir altså vanlegare og vanlegare at personar er økonomisk ansvarlege for seg sjølve, og ikkje permanent inngår i eit familieforhold der det er fleire inntektstakarar.

Inntektsgjevande arbeid er den viktigaste inntektskjelda for dei fleste, men også til dømes næringsverksemd, aksjeutbytte, pensjonar og andre overføringar kan utgjere viktige inntektskjelder. Ser ein på bruttoinntekta samla for personar 17 år og over, hadde menn ei gjennomsnittleg inntekt på 277 400 kroner i 1999 og kvinner ei inntekt på 165 100. Med andre ord hadde gjennomsnittskvinna om lag tre femdelar av inntekta til gjennomsnittsmannen. Tala for inntekt frå arbeid og næringsverksemd frå 1982 viser at då utgjorde inntekta til kvinnene om lag to femdelar (Kjeldstad og Lyngstad 1993). Desse tala er ikkje mogleg å samanlikne direkte då dei er baserte på ulike kjelder og nyttar ulike omgrep, men gjev ein indikasjon på at det har vore ei betring i inntektsgrunnlaget for kvinner samanlikna med menn på 1980- og 1990-talet. Likevel er det eit stykke igjen til jamstelt økonomisk sjølvstende.

Inntekt varierer ikkje berre mellom kjønna, det varierer også mykje etter alder. Både kvinner og menn har ein inntektstopp i alderen 45-54 år. Det er i denne alderen yrkesaktiviteten er størst. Det er dei aller yngste og dei aller eldste som har lågast inntekt. Dei yngste er som oftast framleis under utdanning og er såleis sjeldan sysselsette på fulltid. Dei eldste har pensjon som sin viktigaste inntektskjelde.

Aller lågast bruttoinntekt i 1998 hadde kvinner i alderen 17-24 år. Dei tente ca. 30 prosent av det ein gjennomsnittsmann tente. Menn i same aldersgruppe låg litt over med om lag 40 prosent av gjennomsnittsmannen. På det same nivået låg dei eldste kvinnene, dei over 80 år. Dei eldste mennene tente i overkant av 50 prosent av gjennomsnittsnivået for alle menn. Dei kvinnene som tente mest (35-54 år) tente om lag tre firedeler av gjennomsnittsmannen, medan tilsvarande gruppe for menn hadde om lag 30 prosent høgare inntekt enn gjennomsnittsmannen.

 Prosentdel minstepensjonistar blant pensjonistar, etter kjønn. 1975-1999. Prosent

Framleis flest kvinnelege minstepensjonistar

Delen minstepensjonistar har gått jamnt nedover både blant kvinner og menn. Spesielt på 1980-talet var nedgangen stor. Nedgangen har likevel vore klart størst for menn. Forskjellen mellom kvinner og menn i del minstepensjonistar har meir enn dobla seg, frå under 20 prosentpoeng til 43 prosentpoeng fleire kvinnelege enn mannlege minstepensjonistar i 1999. I 1999 var delen minstepensjonistar blant kvinner 57 prosent og blant menn 14 prosent. Hovudårsaka til at færre no er minstepensjonistar, er at fleire har opparbeida rett til tilleggspensjon. Ein aukande del kvinner i arbeidslivet vil i tida som kjem bidra til å redusere delen minstepensjonistar også blant kvinner. Men sidan kvinner arbeider deltid i langt større grad enn menn, og sidan kvinner framleis har lågare yrkesdeltaking, vil delen minstepensjonistar halda fram med å vera høgare blant kvinner enn blant menn. Sidan det gjennomsnittlege lønsnivået til kvinner framleis er langt unna det menn har, vil kvinner som ikkje er minstepensjonistar få utbetalt monaleg mindre i pensjon enn menn. Grunna den lågare inntekta som kvinner har i forhold til menn, vil også evna til å kjøpa seg private pensjonsforsikringar vera mindre for kvinner enn for menn.

 Prosentdel kvinner og menn på ulike nivå i NHO-verksemder. 1999. Prosent

Kvinner i næringslivet: utvikling i sakte kino

I eit likestillingsperspektiv er det ikkje berre viktig at kvinner har eit likt høve til å delta i arbeidslivet, det er også viktig at dei har tilgang på leiande stillingar og viktige posisjonar i samfunnet. Leiarstillingar i næringslivet har lenge vore ein mannsbastion som det har vore vanskeleg for kvinner å få innpass i. Ein har gjerne snakka om eit glastak som sperrar for rekrutteringa av kvinner til leiarsjiktet. Dette glastaket er no sakte i ferd med å slå sprekkar (Raaum 1996).

I medlemsverksemder i NHO er (i 1999) om lag kvar tjuande toppleiar ei kvinne. Ser ein på alle funksjonærstillingane i dei same verksemdene er om lag kvar fjerde tilsett ei kvinne. Det er altså nesten tre gonger så mange menn som kvinner tilsette som funksjonærar i NHO-verksemder. Toppleiarstillingane er likevel ikkje fordelte etter det same forholdet. I stillingskategorien "andre leiarar", dvs. leiarstillingar i sjiktet under toppleiinga, er det litt fleire kvinner enn blant toppleiarane, men også her utgjer kvinnene ein såpass liten del som kvar tiande leiar. Rekrutteringsstillingar er stillingar under leiarsjiktet som kan vere aktuelle for internt opprykk til leiarstillingar. Det er likevel ingen automatikk i desse opprykka, men ein må kunne tru at det gjev et visst bilete på leiarane i framtida. I desse stillingane var om lag kvar femte tilsett ei kvinne i 1999.

Utviklinga har gått sakte, men biletet i dag er trass alt meir positivt enn det var for 25 år sidan. I 1975 var det ingen kvinnelege toppleiarar i NHO-verksemder. I sjiktet under toppleiinga var det ei av hundre kvinner og i rekrutteringssjiktet var det i underkant av ei av tjue kvinner (Raaum 1996). Det har altså vore ei viss utvikling mot det betre, og den auka kvinnedelen i rekrutteringssjiktet gjev eit visst håp om betring i det private næringslivet i framtida, sjølv om det er langt igjen til ei tilnærma lik kjønnsfordeling. Undersøkinga til Raaum viser også at det blant kvinnene i leiarsjiktet er ein større del unge kvinner enn det er unge menn blant mannlege leiarar. Dette tyder på at kvinnelege leiarar er yngre enn sine mannlege kollegaer, og at det er håp om at forskjellane kan jamnast ut over tid.

 Prosentdel kvinnelege og mannlege stortingsmedlemmer. 1918-1917. Prosent

Også toppen av statsapparatet dominert av menn

Det er departementa og dei statlege etatane som utfører det daglege arbeidet til staten. Store ressursar vert forvalta, og viktige avgjersler vert tekne, og desse påverkar folk både direkte og indirekte. På toppen av desse organa sit det flest menn. Blant departementsrådar og ekspedisjonssjefar, og blant toppleiarar i ytre etatar, er berre omtrent kvar femte toppleiar kvinne. Kvinnedelen er likevel større blant leiarar på noko lågare nivå. Det er eit ope spørsmål om kvinnedelen blant sjiktet under toppleiarnivået på sikt vil bidra til ein høgare del også blant toppleiarane, men det synest å vera fleire kvinner i rekrutteringsgrunnlaget no enn før.

Kvoteordningar sikrar kvinnedel i politikken?

Av dei 165 representantane som sit på Stortinget etter valet i 1997 er 60 kvinner, dvs. 36 prosent. Talet på kvinnelege valte representantar på Stortinget av 1997 er noko lågare enn etter valet i 1993, då det var 65 kvinnelege representantar. Først på 1970-talet steig kvinnedelen på Stortinget til over 10 prosent. Delen har likevel stege ved alle vala sidan, bortsett frå ved det siste.

I perioden 1975-1999 har delen kvinner blant representantar i fylkestinga auka frå ca. 25 til 42 prosent. Auken var størst dei første vala etter at fylkestinget vart oppretta i 1975, og har etter valet i 1987 berre auka marginalt. Kommunestyra har eksistert lenger, men har ein dårlegare kvinnerepresentasjon enn fylkestinga. Frå 1975 til 1999 har kvinnedelen stege frå ca. 15 til 34 prosent. Også for kommunestyra kom den største auken fram til og med valet i 1987.

Det har altså vore ein relativt rask auke i delen kvinner i dei tre valde politiske nivåa i landet, men auken har stogga opp på 1990-talet. Og det på eit nivå som ikkje kan seiast å innebera likestilling. Spesielt kommunestyra med ein samla prosentdel kvinner på 34 prosent, har eit stykke igjen til likestilling. Samstundes ligg utviklinga i kvinnedelen i desse politisk valde organa langt framfor utviklinga innanfor næringslivet. Det kan vera fleire årsaker til det. Ei årsak er nok at dei aller fleste politiske partia etter kvart har fått reglar for sine nominasjonsprosessar som sikrar ein viss del av kvart kjønn på toppen av lista. Slike kvoteordningar har ein ikkje i næringslivet enno, verken i den administrative leiinga eller i styra, og dette eventuelle tiltaket er mykje omdiskutert.

Også innanfor politikken er det færrast kvinner i toppstillingane. Sjølv om det er 34 prosent kvinner i kommunestyra i landet etter kommunevalet i 1999, er berre 15 prosent, eller 65 av 435, av alle ordførarane i landet kvinner. Her er det store regionale skilnader, der Aust-Agder peikar seg ut som "verstingen" i eit likestillingsperspektiv. Alle 15 ordførarane i Aust-Agder i 1999 var menn. Heller ikkje Hedmark, Vestfold og Sør-Trøndelag har mykje å skryte av med berre ein kvinneleg ordførar i fylket.

Oppsummering: Utvikling i ujamnt tempo

På dei fleste områda me har vore innom her har det vore ei positiv utvikling mot meir likestilling, det vil seia større kvinneleg deltaking, dei siste tiåra. Eit viktig trekk ved utviklinga på 1980- og 1990-talet har vore auken av kvinner i yrkesdeltaking. Fleire og fleire kvinner har teke steget ut i arbeidslivet. Dette må sjåast i samanheng med blant anna den kraftige auken i barnehagetilbodet i perioden, som har gjort det mogleg for fleire mødrer å delta i arbeidslivet når barna er små. Likevel er det framleis fleire menn enn kvinner som er yrkesaktive, og mange av kvinnene arbeider deltid. Men delen kvinner som arbeider heiltid går sakte oppover, og saman med den auka yrkesdeltakinga blant kvinner fører dette til deltaking i arbeidslivet på jamnare vilkår for kvinner og menn.

Utdanning er eit av veldig få samfunnsområde der kvinner er i ferd med å gå forbi menn. I befolkninga sett under eitt er det no om lag like stor del blant kvinner og menn som har høgare utdanning. Blant dei eldste er det klart fleire menn enn kvinner som har høgare utdanning, og blant dei yngste er det kvinnene som har mest utdanning. Blant registrerte studentar i dag er delen kvinner i høgare utdanning såpass mykje høgare enn blant menn at det om litt vil vera eit høgare utdanningsnivå blant kvinner enn blant menn. Kanskje det vil verta naudsynt med tiltak for å få fleire menn ut i utdanning?

Men det auka utdanningsnivået til kvinner har enno ikkje ført til likestilling når det gjeld løn og inntekt. Sjølv om direkte lønsdiskriminering er så godt som borte, er det framleis eit stykke igjen til at kvinner får like bra løn som menn. Og det kan sjå ut som om den lønsmessige tilnærminga som ein hadde fram til midten av 1990-talet, har stogga litt opp og i nokre tilfelle gått noko tilbake. Undersøkingar om lønsnivået for kvinner og menn viser at skal kvinner ta igjen menn er det viktig at kvinner får betre tilgang til høgare stillingar som gjev betre betalt. I dei øvste laga i veldig mange bransjar og næringar sit det flest menn. Lønsskilnadene saman med meir deltid og mindre yrkesaktivitet blant kvinner fører til at kvinner framleis har mykje mindre inntekter enn menn. Det er såleis framleis langt igjen til kvinner er like økonomisk sjølvstendige som menn.

I det private næringslivet er det stor mannsdominans, spesielt i leiande stillingar. Utviklinga frå null til 5 prosent kvinner blant toppleiarar i NHO-bedrifter frå 1975 til slutten av 1990-talet er positiv, men med same farten vil det ta lang tid før kvinner har like mykje å seia i styringa av næringslivet som menn. I det politiske liv har utviklinga gått mykje raskare, men ser ut til å ha stogga litt opp på 1990-talet. Det kan sjå ut som om det er vanskeleg å nå full likestilling, sjølv om kvinnedelen nærmar seg 30 eller 40 prosent i ulike politiske organ. Det siste steget opp mot full likestilling verkar å sitja langt inne.

* Artikkelen baserer seg delvis på utdrag frå Vikan (2001).

Litteratur

Baklien, Bergljot, Gulbransen, Lars og Ellingsæter, Anne Lise (2001): Evaluering av kontantstøtten . Norges forskningsråd, Oslo.

Barne- og familiedepartementet (2001): Likestilling mellom menn og kvinner . www.odin.dep/bfd/norsk/likestilling.

Ellingsen, Dag (2000): Fire uker holder for de fleste . Foreldre & Barn 12/2000, Oslo.

Hellevik, Tale (2000): Småbarnsforeldres yrkesdeltakelse og valg av barnetilsyn før og etter kontantstøttens innføring . NOVA-rapport 2/00. NOVA, Oslo.

Høydahl, Even, Skiri, Halvard og Østby, Lars (2000): Befolkning. I Sosialt Utsyn 2000 , Statistiske analyser nr. 35, Statistisk sentralbyrå, Oslo/Kongsvinger.

Håkonsen, Lars, Kornstad, Tom, Løyland, Knut og Thoresen Thor Olav (2001): Kontantstøtten - effekter arbeidstilbud og inntektsfordeling . Rapporter 2001/5, Statistisk sentralbyrå, Oslo/Kongsvinger.

Kjeldstad, Randi og Lyngstad, Jan (1993): Arbeid , lønn og likestilling belyst ved statistikk og forskning . Universitetsforlaget, Oslo.

NOU (1993:17): Levekår i Norge . Er graset grønt for alle ? Oslo.

NOU (1999:25): Samboerne og samfunnet . Oslo.

NOU (2000:4): Om grunnlaget for inntektsoppgjørene 2000 . Oslo.

NOU (2001:17): Om inntektsoppgjørene 2000 - 2001 . Oslo.

Raaum, Nina Cecilie (1996): Kvinner og ledelse . Et statistisk utsyn over det private næringsliv . Næringslivets forlag, Oslo.

Stein Terje Vikan er førstekonsulent i Statistisk sentralbyrå, Seksjon for levekårsstatistikk ( stein.terje.vikan@ssb.no ).

Tabeller:

Kontakt