Stadig mindre innvandring
Publisert:
I 2018 innvandra drygt 52 000 personar til Noreg, som er det lågaste nivået sidan 2006. Innvandringa har gått ned kvart år sidan toppåra 2011 og 2012 då ho var på nærare 80 000.
- Tala er henta frå
- Befolkning
- Artikkelen er del av serien
- Befolkning (arkiv)
Utvandringa var i 2018 på drygt 34 000 personar, noko som gir ei nettoinnvandring på vel 18 000. I toppåra var det tilsvarande talet på om lag 47 000.
Det vart fødd drygt 55 000 born i Noreg i 2018, og det er om lag 5 000 færre enn i 2011 og 2012. Talet på døde endrar seg mindre over tid, viser statistikken folkemengde. I 2018 døydde nærare 41 000 personar. Fødselsoverskotet i 2018 vart dermed over 14 000, som gir ein total folkevekst på knapt 33 000, om lag det halve av det han var i 2011 og 2012.
Stor nettoinnvandring frå Syria, liten frå Polen
Det er statsborgarar frå Syria som bidrar mest til nettoinnvandringa. Det var 3 800 frå Syria som flytta til Noreg i 2018, mens knapt 100 flytta ut. Situasjonen er den same for land som Eritrea og Kongo. Innflyttarar frå desse landa er i hovudsak flyktningar som er komne til Noreg i seinare år, og det er då naturleg at det ikkje er mange som flyttar ut av landet.
For statsborgarar frå land der dei fleste er arbeidsinnvandrarar, er situasjonen ein annan. Det var fleire innflyttarar frå Polen enn frå Syria, men samstundes var det nær like mange polakkar som flytta frå som til Noreg. Dermed auka ikkje talet på polakkar, som er den største innvandrargruppa, i landet, i 2018. Når det gjeld statsborgarar frå land som Island, Estland og Sverige, var det i 2018 fleire utvandrarar enn innvandrarar.
Figur 2. Innvandring og utvandring etter statsborgarskap. Utvalde land. 2018
Innvandring | Utvandring | |
Syria | 3834 | 93 |
India | 2039 | 757 |
Eritrea | 1072 | 41 |
Litauen | 2841 | 2118 |
Kongo | 674 | 4 |
Polen | 4952 | 4932 |
Sverige | 2112 | 2162 |
Estland | 222 | 373 |
Island | 419 | 613 |
Lågaste fødselstal sidan 1987
Fødselsoverskotet i 2018 var på 14 300. Det er ein nedgang på knapt 1 600 frå året før og det minste talet sidan 2003.
Samanlikna med 2017 har talet på fødslar gått ned med 1 500, men denne nedgangen er likevel mindre enn frå 2016 til 2017 då talet fall med nærare 2 300. Talet på fødde i 2018 er det minste sidan 1987. På den tida var det dessutan over ein million færre innbyggjarar her i landet.
Blant fylka hadde Oslo størst fødselsoverskot i 2018, også i høve til folketalet. I Hedmark, Oppland, Telemark, Sogn og Fjordane og Nordland var det færre som vart fødd enn som døde.
Faktasider
Kontakt
-
Harald Utne
-
Laila Holmen Lystad
-
Kåre Vassenden
-
SSBs informasjonstjeneste