Svakaste folkevekst sidan 2006
Publisert:
Folketilveksten i 2016 er berekna å bli 43 400 personar, eller 0,83 prosent. Det er andre året på rad at folkeveksten går ned, og veksten har ikkje vore så svak sidan i 2006. Ein ventar at det vil vere 5 257 000 busette her i landet 31. desember 2016.
- Tallene er hentet fra
- Befolkning
- Artikkelen er en del av serien
- Befolkning (arkiv)
Nettoinnvandringa utgjer 60 prosent av veksten, mens 40 prosent er fødselsoverskot. Nedgangen i folkeveksten heng saman med redusert nettoinnvandring til landet sett i høve til toppåra 2007 - 2014 då om lag 70 prosent av folkeveksten var nettoinnvandring. Reduksjonen heng saman med auka utvandring av arbeidsinnvandrarar. Ein venter eit fødselsoverskot på om lag 17 600 personar.
Nettoinnvandringa frå utlandet er venta å bli om lag 25 800, som er 4 000 færre enn i 2015 og om lag 21 000 færre enn i toppåret 2012 då nettoinnvandringa utgjorde 47 300 personar.
Det berekna fødselsoverskotet på 17 600 vil være noko mindre enn i fjor, men utgjer jamvel ein noko større del av folkeveksten enn førre året, fordi nettoinnvandringa no er mindre.
Berekna folketal for fylka viser at det er Akershus, Sør-Trøndelag og Oslo som har den kraftigaste veksten. Akershus veks med 1,6 prosent, mens Sør-Trøndelag og Oslo veks med 1,3 prosent.
Asylsøkjarar som ikkje har fått opphaldsløyve, er ikkje registrerte som busette og difor ikkje med i berekningane.
Berekningane viser venta folketal ved utgangen av året 2016, og kommuneendringar som er venta 1. januar 2017, er difor ikkje med.
Faktaside
Kontakt
-
Kirsten Dybendal
-
Laila Holmen Lystad
-
Espen Andersen
-
Eva Hoel
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
-
SSBs informasjonstjeneste