Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre vigslar - stabile tal for skilsmisser
I 2011 blei det inngått 23 100 ekteskap, som er 450 færre enn i 2010. 10 200 ektepar blei same året skilde, og 11 200 ektepar blei separerte. Talet på skilsmisser låg på same nivå som dei siste fem åra.
Med vigselstal på vel 23 100 var det framleis mange vigslar i 2011, sjølv om vigselstalet var noko under talet på vigslar dei føregåande fire åra. Skilsmissetala har halde seg på same nivå dei siste fem åra. I 2011 var det 500 færre separasjonar enn i 2010.
Færre omgjorte partnarskap
Det var om lag like mange par av same kjønn som gifta seg i 2011 som i 2010: 259 par. Av desse var det 93 mannlege par og 166 kvinnelege par. Sidan 2009, som var det fyrste året med ny ekteskapslov og rett til å gjera om partnarskapet til ekteskap, er det naturleg at det er færre for kvart år som gjer om partnarskapet til ekteskap. Det var 35 par som valde å gjera om partnarskapet til ekteskap i 2011. I 2009 og 2010 var det respektive 658 og 68 omgjorte partnarskap.
I 2011 blei 56 partnarskap oppløyste ved separasjon og 54 partnarskap oppløyste ved skilsmisse.
40 ektepar av same kjønn blei separerte og 19 ektepar av same kjønn skilde seg i 2011.
Tabeller:
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Ekteskap og skilsmisser, Årleg.
Kontakt
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Ane Margrete Tømmerås
E-post: ane.tommeras@ssb.no
tlf.: 91 99 29 62
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no