Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire vigslar og litt færre skilsmisser
I 2012 vart det inngått 24 350 ekteskap, 1 200 fleire enn året før. Talet på skilsmisser var 9 900, noko som er 300 lågare enn året før, og det lågaste sidan 1999. Det er likevel på same nivå som det har vore dei seinare åra.
2012 | Endringer i prosent | |||
---|---|---|---|---|
2011 - 2012 | 2007 - 2012 | 2003 - 2012 | ||
Inngåtte ekteskap | 24 346 | 5,2 | 3,7 | 8,9 |
Skilsmisser | 9 929 | -2,7 | -3,4 | -7,7 |
Separasjoner | 11 094 | -1,3 | -2,8 | -13,1 |
Etter at talet på vigslar gjekk ned både i 2010 og 2011, gjekk det opp att i fjor. Med unnatak av tre einskilde år, må ein attende til 1970-talet for å finna høgare tal for vigslar.
Heilt sidan 1989 har talet på skilsmisser vore på rundt 10 000 i året. 2004 og 2005 var dei åra med høgast tal, på omkring 11 000 kvart år. Talet på separasjonar, som var 11 100 i 2012, held fram med å gå noko ned, og var det det lågaste talet sidan 1987.
Det var om lag like mange par av same kjønn som gifta seg i 2012 som i 2011. 269 par av same kjønn gifta seg i fjor. I same året vart 57 ektepar av same kjønn separerte, medan 23 ektepar av same kjønn skilde seg.
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Ekteskap og skilsmisser, Årleg.
Kontakt
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Ane Margrete Tømmerås
E-post: ane.tommeras@ssb.no
tlf.: 91 99 29 62
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no