203100_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/aar-hovudtal
203100
Stadig færre skilsmisser og separasjonar
statistikk
2015-02-19T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig færre skilsmisser og separasjonar

I 2014 blei 9 600 par skilde og 10 800 par separerte, mot 9 700 og 10 900 i 2013. Dette fortel at nedgangen i talet på skilsmisser og separasjonar heldt fram i 2014.

Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar
20132014Endring i absolutte tall
2013 - 2014
Inngåtte ekteskap23 41022 887-523
Skilsmisser9 7369 556-180
Separasjonar10 91210 824-88

Tala på skilsmisser og separasjonar har vore ganske stabile frå 2007, men likevel noko minkande kvart år. Frå 2013 til 2014 var det 200 færre skilsmisser og 100 færre separasjonar.

22 900 par blei vigde i 2014. Talet på vigslar gjekk ned med 500 samanlikna med året før. Dei tre nordlegaste fylka, Vestfold og Vest-Agder hadde alle ein auke i talet på vigslar frå 2013, medan resten av fylka hadde ein nedgang.

269 ekteskap mellom personar av same kjønn blei inngåtte i 2014, 106 mannlege par og 163 kvinnelege. Talet på ekteskap mellom personar av same kjønn har vore stabilt mellom 252 og 283, etter at den nye ekteskapsloven kom i 2009. Delen av ekteskap mellom kvinner har vore på noko over 60 prosent.

I 2014 blei 78 ektepar av same kjønn separerte, og 50 ektepar av same kjønn blei skilde. 26 partnarpar blei separerte, og 35 partnarpar blei skilde.

Ny tabell: Historien om befolkningen i NorgeÅpne og lesLukk

Lurer du på hvor mange barn som ble født utenfor ekteskap i din bygd i forrige århundre? Eller om det var flere enn dine oldeforeldre som giftet seg borgerlig i 1919? En ny detaljert og søkbar tabell gir utvidet kunnskap om befolkningen i norske herreder og byer fra 1906 til 1968.