Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Trenden med færre skilsmisser held fram
I 2015 var det 250 færre skilsmisser, om lag 300 færre separasjonar og 150 færre inngåtte ekteskap enn året før. I løpet av 2015 blei 22 700 par vigde, 9 300 par skilde og 10 500 separerte.
2014 | 2015 | Endring i absolutte tall | |
---|---|---|---|
2014 - 2015 | |||
Inngåtte ekteskap | 22 887 | 22 738 | -149 |
Skilsmisser | 9 556 | 9 306 | -250 |
Separasjonar | 10 824 | 10 507 | -317 |
Dermed held trenden med stadig færre skilsmisser og separasjonar framleis stand. Heilt sidan 2004 har desse tala vist ein svakt nedgåande trend.
22 700 par blei vigde i 2015. Det er 150 færre enn året før. Sett i høve til folketalet i dei enkelte fylka, var det Nordland og Troms som hadde den største nedgangen, medan Nord-Trøndelag og Hedmark opplevde den største auka i par som valde å smi seg i Hymens lenkjer.
I 2015 blei 300 ekteskap inngåtte av par med same kjønn. 113 mannlige par og 187 kvinnelege par. Talet på inngåtte ekteskap mellom personar av same kjønn i 2015 er det høgaste talet sidan den nye ekteskapsloven kom i 2009. Om lag to tredelar av dei likekjønna ekteskapa blei inngått av to kvinner, medan den siste tredelen blei inngått av to menn.
I 2015 blei 90 ektepar av same kjønn separerte, og 68 ektepar av same kjønn blei skilde.
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Ekteskap og skilsmisser, Årleg.
Kontakt
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Ane Margrete Tømmerås
E-post: ane.tommeras@ssb.no
tlf.: 91 99 29 62
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no