6038_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/aar
6038
Fleire partnarskap blei inngått
statistikk
2007-10-25T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire partnarskap blei inngått

Det blei inngått 227 registrerte partnarskap i 2006. Ikkje sidan lova om partnarskap trådde i kraft i 1993 har det vore registrert så mange partnarskap på eitt år. Det høge talet kjem først og fremst av at talet på partnarskap mellom to kvinner auka.

Skilnad i alder mellom ektefellar, mannlege partnarar og kvinnelege partnarar. Inngåtte ekteskap og registrerte partnarskap. 2000-2006

Inngåtte registrerte partnarskap, etter kjønn. 1993-2006

Av partnarskapa som blei inngått var 125 mellom to kvinner og 102 mellom to menn. Det er første gongen at det blei inngått fleire partnarskap mellom kvinner enn mellom menn. Talet på partnarskap mellom to kvinner auka med 30 frå 2005 til 2006. I 1993 var eit av tre partnarskap mellom to kvinner, og då var det totale talet på partnarskap 156.

Stor skilnad i alder mellom partnarane

Skilnaden i alder mellom menn og kvinner i eit ekteskap er i gjennomsnitt 3,4 år. Tilsvarande aldersforskjell mellom registrerte partnarar er 9,3 år for menn og 5,1 år for kvinner.

Færre vigslar og skilsmisser

Det blei inngått 21 700 ekteskap i 2006, 670 færre enn året før. 10 600 ekteskap blei oppløyste ved skilsmisse, noko som er 440 færre enn i 2005. Talet på separerte gjekk ned med 610, til 12 100 separerte par.

Kvinner giftar seg i alderen 25-34

Dersom vi deler inn i 5-årlege aldersgrupper, ser vi no den absolutt høgaste giftarmålsraten for førstegongsgifte kvinner i aldersgruppa 30-34 år, men med bortimot nesten like mange førstegongsgifte i aldersgruppa 25-29 år. På 60- og 70-talet var talet på førstegongsgifte sett i høve til talet på ugifte høgast blant 20-24 åringar. Frå da av og heilt fram til 2006 var rata høgast for 25-29-åringar. For menn er det flest førstgongsgifte i høve til ugifte i 30-39-årsalderen.

Menn og kvinner er nå i gjennomsnitt respektive 33,4 og 30,6 år når dei giftar seg for første gong.

46 prosent av vigslane er kyrkjelege

Om lag 46 prosent gifta seg kyrkjeleg i 2006. Til samanlikning var det 63 prosent som gifta seg kyrkjeleg på starten av 1990-talet. Dei borgarlege stod for 32 prosent av alle vigslar i 2006, medan dei stod for 27 prosent i første del av 1990-talet. Før 2005, og så langt attende vi har statistikk, har talet på vigslar knytte til andre trussamfunn vore få. Dei to siste åra har talet stige til 630 i 2005 og til 885 i 2006. Veksten heng saman med at Human-Etisk Forbund fekk vigselsrett i slutten av 2004.

Det blir stadig meir vanleg å finne seg ein ektefelle i utlandet. I 20 prosent av alle ekteskapa som blei inngått i 2006, var ein av ektefellane frå utlandet. For 10 år sidan var ein av ektefellane frå utlandet i 9 prosent av ekteskapa. For 30 år sidan var ein av ektefellane frå utlandet i noko over 3 prosent av ekteskapa.

12,1 oppløyste ekteskap per 1 000 gifte og separerte

Skilsmisseratar for kvinner i utvalde aldersgrupper. 1981-2006

Barn under 18 år som opplevde skilsmisse. Aldersgrupper. Prosent. 2001-2006

Dei 10 600 ekteskapa som blei oppløyste ved skilsmisse i 2006, svara til 12,1 skilte per 1000 gifte og separerte. Ser ein attende til første del av 1960-talet, var tilsvarande tal 2,9. Sidan då har rata for det meste auka, og den nådde 12,6 i 2004 og 2005. I 2006 har talet på skilte sett i høve til gifte og separerte gått ned, og det er særleg i aldersgruppa 35-39 år at nedgangen er stor.

11 000 barn opplevde skilsmisse

I 2006 opplevde vel 11 000 barn under 18 år at foreldra blei skilde. Det er ein nedgang frå 2005 på vel 900 barn, noko som må sjåast i samanhang med nedgangen i talet på skilsmisser. Av dei vel 11 000 barna som opplevde skilsmisse, var om lag halvparten av barna i aldersgruppa 6-12 år.

Statistisk sentralbyrå har ikkje oversikt over kor mange barn som opplevde at sambuande foreldre flytta frå kvarandre i denne perioden, og det eksisterer ingen årleg statistikk over inngåtte og brotne sambuarskap.

Tabeller: