Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Mange gifta seg 7.7.2007
Meir enn 1 400 par gifta seg laurdag 7. juli 2007. Det er dobbelt så mange vigslar som gjennomsnittet for alle laurdagane i juli månad, og mest seks gonger så mange som ein gjennomsnittleg laurdag i resten av året.
Det var òg mange, heile 807 par, som valde å gifte seg 23. juni. Dette har truleg samanheng med at jonsok fall på ein laurdag i 2007. Dei fleste, mest 50 prosent, gifta seg i sommarmånadene juni, juli og august i fjor. Færrast gifta seg i januar.
I 2007 blei det inngått 23 500 ekteskap, ein auke på 1 750 sett i høve til førre året.
Flest giftarmål blant 30-34-åringar
Sett i høve til talet på ikkje tidlegare gifte menn og kvinner var det flest fyrstegongsgifte i aldersgruppa 30-34 år. For kvinner var det om lag like mange fyrstegongsgifte i aldersgruppa 25-29 år.
Frå 2006 har giftarmålsratane for fyrstegongsgifte menn og kvinner auka i bortimot alle aldersgruppene. Blant menn og kvinner i aldersgruppa 35-39 år har giftarmålsratane auka med over 11 prosentpoeng sett i høve til tilsvarande tal for 2006.
Gjennomsnittsalderen for folk som giftar seg, aukar framleis, slik han har gjort i ei lang rekkje år. Gjennomsnittsalderen for fyrstegongsvigde i 2007 var 33,7 år for menn, og 30,8 år for kvinner, ein auke på høvesvis 0,3 og 0,2 år frå året før. For tjue år sidan var brud og brudgom om lag åtte år yngre enn no. Menn og kvinner som gifta seg på ny, var i gjennomsnitt høvesvis 48,3 og 44,3 år.
70 prosent av alle ekteskap som blei inngått i fjor var mellom to personar som aldri tidlegare har vore gift.
20 prosent gifta seg med ektefelle frå utlandet
1 500 kvinner og 3 500 menn gifta seg med ein ektefelle frå utlandet i 2007. Det er 20 prosent av alle ekteskapa som blei inngått der minst ein av ektefellane var busett i Noreg da paret gifta seg, og same prosentdelen som førre året. Størsteparten av dei utanlandske kvinnene som gifta seg med ein norsk mann, hadde landbakgrunn frå eit asiatisk land.
Av dei som gifta seg i fjor, blei 46 prosent av ekteskapa inngått i statskyrkja, 32 prosent var borgarlege vigslar, 19 prosent var vigslar i utlandet, og 4 prosent var vigslar i anna trussamfunn. I 2006 var fordelinga den same.
Stendig fleire kvinner inngår partnarskap
I 2007 blei det inngått 267 registrerte partnarskap, ein auke på 40 sett i høve til året før. Av partnarskapa som blei inngått var 110 mellom to menn og 157 mellom to kvinner. For andre året på rad blei det inngått fleire registrerte partnarskap mellom to kvinner enn mellom to menn. Partnarskap mellom to kvinner auka med 32, medan partnarskap mellom to menn auka med 8. Gjennomsnittsalderen til eldste partnar ved partnarskapsinngåing blant menn var 45,3 år og for kvinner 38,2 år.
I fjor blei 50 registrerte partnarskap oppløyste ved skilsmisse, og i same perioden blei 70 partnarpar separerte.
Færre skilsmisser og separasjonar
Om lag 10 300 ekteskap blei oppløyste ved skilsmisse, og 11 400 ektepar blei separerte i 2007. I høve til 2004, då tala for skilsmisser og separasjonar var dei høgaste som nokon gong er registrerte, har tala gått ned for kvart år.
Skilsmisseraten, som blir rekna som skilde per 1 000 gifte og separerte kvinner, var 11,8 i 2007. Da talet på skilsmisser var som høgast i 2004, var tilsvarande rate på 12,6. Samanlikna med 2006 gjekk skilsmisseratane ned både for menn i alderen 20-49 år og for kvinner i alderen 20-44 år. Dei høgaste skilsmisseratane, både for menn og kvinner i 2007, var i aldersgruppa 25-29 år.
I 2007 blei 14 500 ekteskap oppløyste ved at den eine ektefellen døydde.
Ut frå skilsmissemønsteret i 2007 er det rekna ut at 43,4 prosent av ekteskapa kan ende i skilsmisse. I dei siste tre åra har denne prosenten stendig blitt lågare. Prosenttalet var 7 prosentpoeng lågare i 2007 samanlikna med 2004.
Av dei ekteskapa som blei oppløyste ved skilsmisse i 2007, hadde dei fleste vara i ti år eller meir.
44 prosent av dei som skilte seg i fjor, hadde ikkje felles barn, 23 prosent hadde eitt barn, 24 prosent hadde to barn, og 9 prosent hadde tre eller fleire barn.
Det er ingen årleg statistikk som viser kor mange par som kvart år flyttar saman som sambuarar. SSB har heller ikkje tal for sambuarpar som flyttar frå kvarandre, eller kor mange barn som opplever samlivsbrot. |
Tabeller:
- Tabell 1 Inngåtte ekteskap, etter fylke. 1966-2007
- Tabell 2 Skilsmisser og separasjonar. Fylke. 1981-2007
- Tabell 3 Inngåtte ekteskap. 1950-2007
- Tabell 4 Inngåtte ekteskap, etter type vigsel. 1961-2007
- Tabell 5 Inngåtte ekteskap, etter tidlegare sivilstand. 1961-2007
- Tabell 6 Gjennomsnittsalder ved vigselen. Menn og kvinner. 1961-2007
- Tabell 7 Giftarmålsratar for førstegongsvigde menn og kvinner i utvalde aldersgrupper. 1961-2007
- Tabell 8 Oppløyste ekteskap. Separasjonar. 1961-2007
- Tabell 9 Skilsmisseratar for menn og kvinner i ulike aldersgrupper. 1959-2007
- Tabell 10 Talet på barn som opplevde skilsmisse. 1971-2007
- Tabell 11 Skilsmisser etter talet på barn og talet på år ekteskapet har vart. 2007
- Tabell 12 Berekna prosent ekteskap som vil bli oppløyste, forutsatt skilsmisseratar som i observasjonsåret. 1960-2007
- Tabell 13 Separasjonsratar for menn og kvinner i ulike aldersgrupper. 1999-2007
- Tabell 14 Talet på barn som opplevde separasjon. 1999-2007
- Tabell 15 Separasjonar, etter talet på barn og talet på år ekteskapet har vart. 2007
Kontakt
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Ane Margrete Tømmerås
E-post: ane.tommeras@ssb.no
tlf.: 91 99 29 62
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no