Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre gifta seg i 2010
Talet på ekteskap gjekk ned med 1 000 samanlikna med året før. I alt var det 23 600 par som gifta seg. Talet på skilde og separerte var om lag på same nivå som i 2009.
Sjølv om talet på ekteskap gjekk noko ned samanlikna med 2009, var det framleis mange som gifta seg i 2010. Utanom dei fire siste åra, og nokre år rundt årtusenskiftet, har det ikkje vore så høge tal for vigslar sidan slutten av 1970-talet.
I alt var 72,4 prosent av ekteskapa mellom førstegongsgifte, ein del som har heldt seg på om lag same nivå sidan midten av 1990-talet. På slutten av 1960-talet var delen av dei som gifta seg for fyrste gong høgare, på 89 prosent.
Flest kvinner i aldersgruppa 25-29 år gifta seg
Det har vore nedgang i giftarmålsraten i alle aldersgrupper både for menn og kvinner frå 2009 til 2010.
Giftarmålsraten er førstegongsgifte per 1 000 ikkje tidlegare gifte. For førstegongsvigde kvinner var giftarmålsraten høgast i aldersgruppa 25-29 år. Dei fem tidlegare åra var raten høgast for kvinner i aldersgruppa 30-34 år, og er no på veg nedover for kvinner. Raten for kvinner i aldersgruppa 30-34 år er framleis høg og ligg nær opp til raten for kvinner i aldersgruppa 25-29 år.
For menn var giftarmålsraten framleis høgast i aldersgruppa 30-34 år, slik den har vore sidan 1995.
Den svake nedgangen i giftarmålsalder frå 2008 til 2009 for førstegongsgifte held fram for kvinner, men er uendra for menn frå 2009 til 2010. For førstegongsvigde var gjennomsnittsalderen 33,8 år for menn og 30,9 år for kvinner i 2010. Det er ein nedgang på 0,1 år for kvinner samanlikna med førre året.
10 200 skilsmisser og 11 700 separasjonar
Talet på oppløyste ekteskap ved skilsmisse var på same nivå som året før. Talet på separasjonar var òg omtrent likt, men med ein ubetydeleg nedgang på 200 færre separasjonar enn året før.
Skilsmisseraten, som er skilde per 1 000 gifte og separerte, var framleis høgast for menn i aldersgruppa 40-44 år. Det er på line med dei fem siste åra. For kvinner er skilsmisseraten meir jamn i alle aldersgruppene mellom 25 og 44 år.
I 2010 opplevde 10 000 barn under 18 år at foreldra vart skilde, og 13 200 barn under 18 år at foreldre vart separerte.
264 par av same kjøn gifta seg
I andre året med ny ekteskapslov vart 264 par av same kjønn gifte. 97 av ekteskapa var mellom menn og 167 var mellom kvinner. Første året med ny ekteskapslov, var det 283 par med likt kjønn som gifta seg.
Da partnarskapslova kom i 1993 var det flest menn som inngjekk registrert partnarskap, men sidan 2006 har det vore flest kvinner som inngjekk registrert partnarskap/likekjønna ekteskap.
68 partnarskap, 30 mellom menn og 38 mellom kvinner, vart gjort om til ekteskap i 2010. Frå 2009 er det til saman 721 partnarpar som har gjort om partnarskapet til ekteskap.
Ved siste årsskiftet var det registrert 2 291 registrerte partnarar her i landet, ein nedgang på 1 738 frå to år tilbake. Denne nedgangen heng for det meste saman med konvertering frå partnarskap til ekteskap dei to siste åra.
Gjennomsnittsalder til respektive eldste og yngste ektefelle i likekjøna ekteskap var 38,8 år og 33,5 år.
Tabeller:
- Tabell 1 Inngåtte ekteskap, etter fylke. 1966-2010
- Tabell 2 Skilsmisser og separasjonar. Fylke. 1981-2010
- Tabell 3 Inngåtte ekteskap. Ekteskap mellom ulike kjønn. 1950-2010
- Tabell 4 Inngåtte ekteskap, etter type vigsel. 1961-2010
- Tabell 5 Inngåtte ekteskap. Ekteskap mellom ulike kjønn , etter ektefellenes tidlegare sivilstand. 1961-2010
- Tabell 6 Gjennomsnittsalder ved vigselen. Ekteskap mellom ulike kjønn. Menn og kvinner. 1961-2010
- Tabell 7 Giftarmålsratar for førstegongsvigde menn og kvinner i utvalde aldersgrupper. Ekteskap mellom ulike kjønn. 1961-2010
- Tabell 8 Oppløyste ekteskap. Separasjonar. 1961-2010
- Tabell 9 Skilsmisseratar for menn og kvinner i ulike aldersgrupper. Skilsmisser mellom ulike kjønn. 1959-2010
- Tabell 10 Talet på barn som opplevde skilsmisse. Skilsmisser mellom ulike kjønn. 1971-2010
- Tabell 11 Skilsmisser etter talet på barn og talet på år ekteskapet har vart. Skilsmisser mellom ulike kjønn. i2010
- Tabell 12 Berekna prosent ekteskap som vil bli oppløyste, forutsatt skilsmisseratar som i observasjonsåret. 1960-2010
- Tabell 13 Separasjonsratar for menn og kvinner i ulike aldersgrupper. Separasjonar mellom ulike kjønn. 1999-2010
- Tabell 14 Talet på barn som opplevde separasjon. Separasjonar mellom ulike kjønn. 1999-2010
- Tabell 15 Separasjonar, etter talet på barn og talet på år ekteskapet har vart. Separasjonar mellom ulike kjønn. 2010
Kontakt
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Ane Margrete Tømmerås
E-post: ane.tommeras@ssb.no
tlf.: 91 99 29 62
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no