Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre vigslar, men fleire inngått i utlandet
I 2011 blei det inngått 23 100 ekteskap. Av desse blei vel 5 000 inngått i utlandet - 200 fleire enn i 2010. 10 200 ektepar blei skilde og 11 200 separerte i 2011. Samanlikna med 2010 var det 450 færre vigslar, om lag like mange skilsmisser og 500 færre separasjonar.
Stadig fleire vel å gifte seg i utlandet. På slutten av 1980-talet blei det inngått om lag 20 000 ekteskap kvart år. På den tida fann om lag 1 000 vigslar, eller 5 prosent, stad i utlandet. Etter det har delen inngått i utlandet auka jamt, til 22 prosent i 2011. Skilsmissetalet har halde seg uendra dei siste fem åra.
Stabil giftarmålsalder
Gjennomsnittsalderen til dei førstegongsvigde i 2011 var 34,0 år for menn og 31,1 år for kvinner. Etter å ha auka fram til 2008 har denne alderen endra seg lite for begge kjønn. Sidan lågnivået omkring 1970 har gjennomsnittsalderen for førstegongsvigde auka med 8,9 år for menn og 8,3 år for kvinner.
Framleis mest vanleg å gifte seg i alderen 30-34 år
Den aldersavhengige giftarmålsraten, førstegongsvigde per 1 000 ikkje tidlegare gifte, var i 2011 høgast i aldersgruppa 30-34 år for både kvinner og menn, slik det har vore dei siste åra. Frå 2010 til 2011 fall giftarmålsraten for kvinner under 40 år, men auka litt for dei som var eldre. Sidan 2008 har giftarmålsraten falle i alle aldersgrupper for menn og kvinner. Størst har dette fallet vore for kvinner i alderen 25-29 år og menn på 30-34 år, og fallet har vore særleg markant frå 2010 til 2011.
Flest vigslar i sommarmånadene
Nær halvparten av alle ekteskapa i 2011 blei inngått i sommarmånadene. Nest flest var det om hausten, deretter våren og færrast i vintermånadene.
Stabile totaltal for skilsmisser, men partane blir stadig eldre
Dei fem siste åra har talet på skilsmisser vore om lag 10 200 per år. I 2011 var skilsmisseraten, det vil seie nyskilde per 1 000 gifte og separerte, for menn høgast i aldersgruppa 45-49 år og for kvinner i aldersgruppa 40-44 år. Før 2010 var skilsmisseraten høgast i aldersgruppa under - altså menn 40-44 år og kvinner 35-39 år. Ikkje lenge før det igjen var det relativt flest skilsmisser blant dei endå yngre. Denne utviklinga må sjåast på bakgrunn av sterkt stigande giftarmålsalder blant førstegongsgifte etter 1970, og at langt fleire giftar seg om att no enn før. Mange giftarmål blei etter kvart utsette på grunn av sambuarskap tidleg i samlivet. Medan 89 prosent av alle vigslar sist på 1960-talet var mellom tidlegare ugifte, var denne prosenten knapt 70 i 2005.
Ekteskapa til dei som blei skilde i 2011 hadde i gjennomsnitt vart 13,0 år. Dei siste fem åra har dette snittet lege på mellom 12,9 og 13,2 år.
Frå 1. januar 2009 vart ekteskapslova endra, slik at to personar med same kjønn kan inngå ekteskap. Samstundes med at den nye lova tok til å gjelde, blei det ikkje lenger mogleg å inngå registrert partnarskap. Dei som alt var registrerte partnarar, kunne anten halde fram som det, eller be om å få partnarskapet sitt omgjort til ekteskap. |
Av dei 23 100 ekteskapa som blei inngått i 2011, gjaldt 259 likekjønna par, 93 mannlege og 166 kvinnelege. Det var omtrent like mange som året før. 19 likekjønna par blei skilde og 40 separerte i 2011.
Blant dei registrerte partnarskapa var det 56 separasjonar og 54 skilsmisser i 2011. Ved starten av året var det 2 094 beståande partnarskap.
Tabeller:
- Tabell 1 Inngåtte ekteskap, etter fylke. 1966-2011
- Tabell 2 Skilsmisser og separasjonar. Fylke. 1981-2011
- Tabell 3 Inngåtte ekteskap. Ekteskap mellom personer av ulikt kjønn. 1950-2011
- Tabell 4 Inngåtte ekteskap, etter type vigsel. 1961-2011
- Tabell 5 Inngåtte ekteskap. Ekteskap mellom personar av ulikt kjønn , etter ektefellenes tidlegare sivilstand. 1961-2011
- Tabell 6 Gjennomsnittsalder ved vigselen. Ekteskap mellom personar med ulikt kjønn. Menn og kvinner. 1961-2011
- Tabell 7 Giftarmålsratar for førstegongsvigde menn og kvinner i utvalde aldersgrupper. Ekteskap mellom personar med ulikt kjønn. 1961-2011
- Tabell 8 Oppløyste ekteskap. Separasjonar. 1961-2011
- Tabell 9 Skilsmisseratar for menn og kvinner i utvalde aldersgrupper. Skilsmisser mellom personar med ulikt kjønn. 1959-2011
- Tabell 10 Talet på barn som opplevde skilsmisse. Skilsmisser mellom personar med ulikt kjønn. 1971-2011
- Tabell 11 Skilsmisser, etter talet på barn og talet på år ekteskapet har vart. Skilsmisser mellom personar med ulikt kjønn. 2011
- Tabell 12 Berekna prosent av ekteskap som vil bli oppløyste, dersom skilsmisseratar som i observasjonsåret. 1960-2011
- Tabell 13 Separasjonsratar for menn og kvinner i utvalde aldersgrupper. Separasjonar mellom personar med ulikt kjønn. 1999-2011
- Tabell 14 Talet på barn som opplevde separasjon. Separasjonar mellom personar med ulikt kjønn. 1999-2011
- Tabell 15 Separasjonar, etter talet på barn og talet på år ekteskapet har vart. Separasjonar mellom personar med ulikt kjønn. 2011
Kontakt
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Ane Margrete Tømmerås
E-post: ane.tommeras@ssb.no
tlf.: 91 99 29 62
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no