Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
10 300 ekteskap oppløyst ved skilsmål
10 300 ekteskap vart oppløyst ved skilsmål og 12 750 ekteskap vart oppløyst ved separasjon i 2001. Det er 250 fleire skilsmål og 150 færre separasjonar i høve til året før. 16 100 ekteskap vart dessutan oppløyst ved at den eine av ektefellene døyde i 2001.
Dei 10 300 skilsmåla i 2001 svarar til 11,8 skilde per 1 000 gifte og separerte kvinner. Dei to tidlegare åra var skilsmisseratane 11,5 og 10,4.
Høgast skilsmålsrate i Oslo
Flest skilsmål i høve til talet på gifte og separerte kvinner var det i Oslo, der gjennomsnitt skilsmålrate var 17,0 for åra 1997-2001. Deretter fylgjer fylka Vestfold med 12,7, og Finnmark med 12,3. Lågast rate hadde Sogn og Fjordane med 6,7, Møre og Romsdal med 8,1 og Nord-Trøndelag med 8,6. Det er mannen sitt bustadsfylke ved skilsmålet som ligg til grunn for denne utrekninga, og treng ikkje vera det same fylket som mannen budde i ved samlivsbrotet.
Fleire skilde i dei fleste aldersgruppene
Talet på skilde per 1 000 gifte og separerte auka for menn og kvinner i så godt som alle aldersgrupper.
For kvinner auka skilsmålsraten aller mest i aldersgruppa 20-24 år, og for menn auka ratene mest i aldersgruppa 30-34 år.
Om lag 50 prosent av ekteskapa som vart oppløyste i 2001 ved skilsmål, hadde vore gifte i 12 år eller mindre.
10 800 born under 18 år opplevde skilsmål i 2001. Mange born opplever òg samlivsbrot fordi det er brot i sambuarskapet til foreldra. Ei undersøking synte at det i 1999 dreide seg om 7 500 born. Borna frå dei brotne sambuarskapa er yngre i høve til borna som opplevde skilsmål. Det eksisterar inga årleg statistikk over brotne sambuarskap.
Risikoen for skilsmål aukar
Ut frå skilsmålmønsteret i 2001 er det rekna ut at 47,8 prosent ekteskap kan ende i skilsmål. Utrekninga i fjor ga 46,8 prosent. Prosenten har auka frå 9,5 i 1960 til 47,4 i 1994. For åra 1995 til 1999 var prosenten lågare, medan den på nytt har auka dei to siste åra.
I 84 prosent av ekteskapa som vart oppløyste ved skilsmål, var båe norske statsborgarar, og i 13 prosent av ekteskapa hadde den eine norsk statsborgarskap medan den andre hadde statsborgarskap frå eit anna land.
Tabeller:
- Tabell 1 Oppløyste ekteskap. Separasjonar. 1961-2001
- Tabell 2 Skilsmål og separasjonar, etter fylke. 1981-2001
- Tabell 3 Skilsmålsrater for menn og kvinner i ulike aldersgrupper. 1959-2001
- Tabell 4 Skilsmål, etter talet på år ekteskapet har vara. 1971-2001
- Tabell 5 Skilsmål, etter talet på felles barn. 1971-2001
- Tabell 6 Talet på barn involvert av skilsmål. 1971-2001
- Tabell 7 Skilsmål, etter talet på barn og talet på år ekteskapet har vara. 2001
- Tabell 8 Skilsmål, etter alderen til hustru og mann ved skilsmålet. 2001
- Tabell 9 Berekna prosent ekteskap som vil bli oppløyst, såframt skilsmålsratar som i det einskilde året. 1960-2001
- Tabell 10 Skilsmål 2001. Kvinnen sitt og mannen sitt statsborgarskap
- Tabell 11 Skilsmålr, etter hustrua sitt og mannen sitt statsborgarskap. 2001
- Tabell 12 Barn under 18 år som har opplevd skilsmål. Fylke. 2001
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Ekteskap og skilsmisser, Årleg.
Kontakt
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Ane Margrete Tømmerås
E-post: ane.tommeras@ssb.no
tlf.: 91 99 29 62
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no