Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
10 500 skilsmål og 13 000 separasjonar
Om lag 10 500 ekteskap vart oppløyste ved skilsmål og 13 000 ektepar vart separerte i 2002. Det er 150 fleire skilsmål og 250 fleire separasjonar i høve til året før. I tillegg vart 16 200 ekteskap oppløyste ved at den eine av ektefellene døydde.
Skilsmisseraten, som vert rekna som skilte per 1 000 gifte og separerte kvinner, var 11,9. Dei to tidlegare åra var skilsmisseratane 11,8 og 11,5.
Høgast skilsmisserate i Oslo
Flest skilsmål i høve til talet på gifte og separerte kvinner var det i Oslo, der raten var 16,9 for åra 1997-2002 i årsgjennomsnitt. Deretter fylgjer Vestfold og Finnmark med respektive 13,1 og 12,8. Lågast rate hadde Sogn og Fjordane med 6,7, Møre og Romsdal med 8,3 og Nord-Trøndelag med 9,0. Landsgjennomsnittet for perioden 1997-2002 var 11,2. Det er mannen sitt bustadsfylke ved skilsmålet som ligg til grunn for denne utrekninga, og det treng ikkje vera det same fylket som mannen budde i ved samlivsbrotet.
Fleire skilsmisser i aldersgruppa 45-49
Sett i høve til dei gifte og separerte auka talet på skilsmisser i aldersgruppa 45-49 år både for menn og kvinner, frå 16,2 til 18,2 for menn og frå 13,6 til 15,5 for kvinner. Det er ikkje store endringar i dei andre aldersgruppene.
Eitt av fire ekteskap som vart oppløyste ved skilsmål i 2002 eller råka av separasjon, hadde vara i 5 til 9 år.
60 prosent hadde felles barn
40 prosent av dei som skilte seg i fjor hadde ikkje felles barn, 24 prosent hadde eitt barn, 26 prosent hadde to barn og 10 prosent hadde tre barn eller fleire.
Av dei som separerte seg i 2002, hadde 36 prosent ikkje felles barn, 23 prosent hadde eitt barn, 29 prosent hadde to barn og 12 prosent hadde tre barn eller fleire.
Det eksisterer ingen årleg statistikk over brotne sambuarskap.
Risikoen for skilsmål aukar
Ut frå skilsmålmønsteret i 2002 er det rekna ut at 48 prosent ekteskap kan ende i skilsmål. Utrekninga i fjor gav 47,8 prosent. Prosenten har auka frå 9,5 i 1960 til 47,4 i 1994. For åra 1995 til 1999 var prosenten lågare, medan den på ny har auka dei tre siste åra.
Oppløyste partnarskap
Blant registrerte partnarpar, der eldste partnar var busett i Norge, vart 44 par skilde og 71 par separerte i 2002. Om lag 45 prosent av dei separerte og 65 prosent av dei skilde i 2002 var busett i Oslo ved hendinga.
Tabeller:
- Tabell 1 Oppløyste ekteskap. Separasjonar. 1961-2002
- Tabell 2 Skilsmål og separasjonar, etter fylke. 1981-2002
- Tabell 3 Skilsmålsratar for menn og kvinner i ulike aldersgrupper. 1959-2002
- Tabell 4 Skilsmål, etter talet på år ekteskapet har vara. 1971-2002
- Tabell 5 Skilsmål, etter talet på felles barn. 1971-2002
- Tabell 6 Talet på barn som opplevde skilsmål. 1971-2002
- Tabell 7 Skilsmål, etter talet på barn og talet på år ekteskapet har vara. 2002
- Tabell 8 Berekna prosent ekteskap som vil bli oppløyst, når ein føreset skilsmålsratar som i det einskilde år. 1960-2002
- Tabell 9 Barn under 18 år som har opplevd skilsmål, etter fylke. 2002
- Tabell 10 Separasjonsratar for menn og kvinner i ulike aldersgrupper. 1999-2002
- Tabell 11 Separasjonar, etter talet på år ekteskapet har vara. 1999-2002
- Tabell 12 Separasjonar, etter talet på felles barn. 1999-2002
- Tabell 13 Talet på barn som opplevde separasjon. 1999-2002
- Tabell 14 Separasjonar, etter talet på barn og talet på år ekteskapet har vara. 2002
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Ekteskap og skilsmisser, Årleg.
Kontakt
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Ane Margrete Tømmerås
E-post: ane.tommeras@ssb.no
tlf.: 91 99 29 62
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no