6050_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/arkiv
6050
Stadig fleire skil seg
statistikk
2004-09-02T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig fleire skil seg

Stadig fleire ektepar skil seg. Nær 10 800 ekteskap vart oppløyste ved skilsmål i 2003. Dei fire siste åra har skilsmåla, sett i høve til talet på gifte og separerte, auka, og var i 2003 høgare enn nokon gong med 12,3 per 1 000 gifte og separerte. Talet på separasjonar har gått ned med 200 til 12 800 i 2003.

Skilsmål per 1 000 gifte og separerte kvinner. 1961-2003

Skilsmålsratar for kvinner i utvalde aldersgrupper. 1981-2003

Talet på skilsmål per 1 000 gifte og separerte har meir enn firedobla seg sidan byrjinga på 1960-talet. Separasjonsraten derimot, som er separasjonar sett i høve til talet på 1 000 gifte, gjekk ned frå 15,6 til 15,3 frå 2002 til 2003.

Skilsmålsraten høgast i aldersgruppa 35-39 år

Både for menn og kvinner var skilsmålsraten høgast i aldersgruppa 35-39 år med høvesvis 22,8 og 23,6 skilsmål per 1 000 gifte og separerte. Det var òg i denne aldersgruppa at raten auka mest for kvinner. For menn auka raten mest i aldersgruppa 25-29 år. For kvinner auka den i alle aldersgrupper, unnateke aldersgruppa 30-34 år. For menn og kvinner over 69 år var skilsmålsraten låg, med mindre enn ein av 1 000 gifte og separerte, og dei to siste åra har det heller ikkje vore noka endring.

Barn under 18 år
som har opplevd
skilsmål per 1 000
barn. 2003
  Tal
I alt 11
Vestfold 13
Buskerud 13
østfold 12
Nord-Trøndelag 12
Vest-Agder 12
Telemark 12
Hedmark 11
Akershus 11
Rogaland 11
Aust-Agder 10
Oslo 10
Oppland 10
Nordland 10
Møre og Romsdal 10
Troms 10
Sør-Trøndelag 9
Hordaland 9
Finnmark Finnmárku 9
Sogn og Fjordane 7

11 400 barn opplevde skilsmål

For heile landet var det 11 av 1 000 barn av gifte foreldre som opplevde at foreldra skilde lag i 2003. Det var flest barn i Buskerud og Vestfold som opplevde skilsmål, med 13 barn av 1 000 i kvart fylke. Færrast var det i Sogn og Fjordane med om lag sju av 1 000.

41 prosent av dei som skilde seg i fjor hadde ikkje felles barn, 23 prosent hadde eitt barn, 27 prosent hadde to barn og 9 prosent hadde tre eller fleire barn.

Det eksisterer ingen årleg statistikk over brotne sambuarskap.

Berekna prosent ekteskap som vil bli oppløyst, underforstått skilsmålsratar som i 1995 og 2003

45 prosent av ekteskapa kan ryke før sølvbryllaupet

Etter tre, fem og 25 års ekteskap kan i tur og orden 5, 11 og 45 prosent av ekteskapa enda i skilsmål ifølgje utrekningar grunna i skilsmåla for 2003.

Oppløyste partnarskap

Hjå registrerte partnarar, der eldste partnar var busett i Noreg, vart 50 par skilde og 48 par separerte i 2003. Tilsvarande tal for 2002 var 44 skilde og 71 separerte par. Per 1. januar i år var det 2 600 personar som var registrerte partnarar her i landet. Lova om registrerte partnarskap vart innført i 1993.

Tabeller: