Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stabile tal for vigslar - fleire skilsmål
I 2004 vart det inngått 22 350 ekteskap, og 11 050 ekteskap vart oppløyste ved skilsmål. I same periode vart det innvilga 13 200 separasjonar.
Talet på inngåtte ekteskap låg på omtrent same nivå som i 2003. I den siste tiårsperioden har talet på inngåtte ekteskap variert mellom 21 000 på det lågaste til 25 400 på det høgaste. Stadig fleire vel å gifte seg i utlandet. I 2004 gifta 17 prosent seg utanfor Noregs grenser.
Førstegongsgifte kvinner runda 30 år i gjennomsnitt
Gjennomsnittsalderen for førstegongsgifte kvinner var 30,0 år, og for menn var den 32,9 år. Gjennomsnittsalderen har stendig auka, og for ti år sidan var brud og brudgom respektive 2,8 og 3,1 år yngre.
Slik det har vore i ei rekkje år heldt det også fram i 2004 med færre førstegongsgifte menn og kvinner under 30 år, sett i høve til alle menn og kvinner under 30 år.
Giftermålsratane for førstegongsgifte var framleis høgast for 30-34-årige menn og 25-29-årige kvinner.
Stabile tal for partnarskap
I 2004 vart det inngått 192 registrerte partnarskap, 107 var mellom to menn og 85 mellom to kvinner. Det er omtrent på linje med dei fire førre åra.
Fleire skilsmål
Talet på skilsmål, 11 050, og talet på separasjonar, 13 200, er dei høgaste som nokon gong er registrerte. Talet på skilsmål svarar til 12,6 skilte per 1 000 gifte og separerte. Til samanlikning var denne raten 11,5 i første delen av 1990-talet, og 7,8 i første delen av 1980-talet.
Både for menn og kvinner auka skilsmålsratane i bortimot alle aldrar. Flest skilte menn var det i aldersgruppa 35-39 år med 24,1 skilsmål per 1 000 gifte og separerte, og flest skilte kvinner i aldersgruppa 25-29 med 24,1.
Over halvparten kan ende i skilsmål
For første gong er det berekna at vel 50 prosent av ekteskapa kan ende i skilsmål. Etter at ekteskapet har vara i fem år og ti år er det berekna at respektive 11,6 prosent og 24,2 prosent av ekteskapa kan ende i skilsmål. Berekningane, som er dei høgaste nokon gong, byggjer på føresetnaden om at eit kull gifte personar gjennomlever dei varigheitsspesifikke skilsmålsratane som vart observerte i 2004.
11 600 barn råka
11 600 barn under 18 år opplevde at foreldra vart skilde i 2004. Dei fem siste åra er det til saman 55 200 barn under 18 år som har vorte råka av at foreldra skilde seg.
I fjor vart 47 registrerte partnarskap oppløyste ved skilsmål, og i same perioden vart 82 partnarpar separerte.
Tabeller:
- Tabell 1 Inngåtte ekteskap. 1950-2004
- Tabell 2 Inngåtte ekteskap, etter type vigsel. 1961-2004
- Tabell 3 Inngåtte ekteskap , etter tidlegare sivilstand. 1961-2004
- Tabell 4 Inngåtte ekteskap, etter fylke. 1966-2004
- Tabell 5 Gjennomsnittsalder ved giftarmålet. Menn og kvinner. 1961-2004
- Tabell 6 Giftarmålsrater for fyrstegongsvigde menn og kvinner i utvalde aldersgrupper. 1961-2004
- Tabell 7 Giftarmålsrater for skilde menn og kvinner i utvalde aldersgrupper. 1950-2004 (Rettet 30. oktober 2007)
- Tabell 8 Giftarmålsrater for enkjemenn og enkjer i utvalde aldersgrupper. 1950-2004 (Rettet 30. oktober 2007)
- Tabell 9 Oppløyste ekteskap. Separasjonar. 1961-2004
- Tabell 10 Skilsmål og separasjonar, etter fylke. 1981-2004
- Tabell 11 Skilsmålsrater for menn og kvinner i ulike aldersgrupper. 1959-2004
- Tabell 12 Talet på barn som opplevde skilsmål. 1971-2004
- Tabell 13 Skilsmål, etter talet på barn og talet på år ekteskapet har vara. 2004
- Tabell 14 Berekna prosent ekteskap som vil bli oppløyst, underforstått skilsmålsrater som i det einskilde år. 1960-2004
- Tabell 15 Separasjonsrater for menn og kvinner i ulike aldersgrupper. 1999-2004
- Tabell 16 Talet på barn som opplevde separasjon. 1999-2004
- Tabell 17 Separasjonar, etter talet på barn og talet på år ekteskapet har vara. 2004
Denne sida blir ikkje oppdatert lenger, sjå Ekteskap og skilsmisser, Årleg.
Kontakt
-
Anders Sønstebø
E-post: anders.sonstebo@ssb.no
tlf.: 46 66 37 74
-
Ane Margrete Tømmerås
E-post: ane.tommeras@ssb.no
tlf.: 91 99 29 62
-
Espen Andersen
E-post: espen.andersen@ssb.no
tlf.: 92 61 00 46
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Oppdrag befolkningsstatistikk
E-post: befolkning@ssb.no