6040_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/arkiv
6040
Færre vigslar og skilsmisser i 2006
statistikk
2007-02-22T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre vigslar og skilsmisser i 2006

Nedgangen i talet på skilsmisser, separasjonar og vigslar heldt fram i 2006. Talet på vigslar gjekk også ned.

Skilsmisser og separasjonar. 1977-2006

Inngåtte ekteskap. 1977-2006

Dei 10 600 ekteskapa som enda i skilsmisse ,og dei 12 150 ekteskapa som enda i separasjon i 2006, syner 440 færre skilsmisser og 610 færre separasjonar sett i høve til 2005. Utviklinga vi har sett dei aller siste åra med færre skilsmisser og separasjonar ser ut til å halde fram.

Færre vigslar

Vel 21 700 par gifta seg i 2006. Det er 670 færre samanlikna med året før, og utviklinga med færre vigslar ser ut til å gå i takt med tala for skilsmisser og separasjonar dei siste åra.

Hovudtala er klare

Med hovudtal meiner vi her tal for vigslar, skilsmisser og separasjonar for heile landet og fylka, etter mannen sitt bustadfylke ved hendinga. Meir statistikk innanfor emnet vil liggje føre 30. august.

Denne frigjevinga av hovudtala har samanheng med at det vert publisert endelege hovudtal for folkemengd 1. januar og endringstal for kalenderåret og 4. kvartal alt i februar, sjå http://www.ssb.no/folkendrkv/ og http://www.ssb.no/folkemengde/ .

Tabeller: