6036_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/arkiv
6036
Fleire gifta seg
statistikk
2008-02-25T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire gifta seg

I 2007 blei det inngått 23 500 ekteskap, ein auke på 1 750 sett i høve til førre året. 10 300 ekteskap enda i skilsmisse, og 11 400 par blei separerte.

Skilsmisser og separasjonar. 1977-2007

Inngåtte ekteskap. 1977-2007

Snaue 23 500 ekteskap blei inngått i 2007. Dette er ein auke på 1 750 sett i høve til 2006, og om lag 900 fleire enn gjennomsnittet for dei siste fem åra. Sør-Trøndelag hadde den største auken med 24 prosent fleire vigslar sett i høve til året før.

Framleis nedgang i skilsmisser og separasjonar

Talet på oppløyste ekteskap går framleis ned. Nedgangen frå 2006 til 2007 var på vel 300 skilsmisser og 700 separasjonar. Oppløyste ekteskap ved skilsmisse per 1 000 gifte og separerte kvinner (skilsmisseraten) var i 2007 på 11,8. Denne skilsmisseraten har variert mellom 10,4 og 12,6 sidan byrjinga av 1990-talet, og ein må attende til før år 2001 for å finne lågare skilsmisserate enn i 2007.

Hovudtala er klare

Med hovudtal meiner vi her tal for vigslar, skilsmisser og separasjonar for heile landet og fylka, etter mannen sitt bustadfylke ved hendinga. Meir statistikk innafor emnet vil komme hausten 2008.

Denne frigjevinga av hovudtala heng saman med at det vert publisert endelege hovudtal for folkemengd 1. januar og endringstal for kalenderåret og 4. kvartal alt i februar, sjå http://www.ssb.no/folkendrkv/ og http://www.ssb.no/folkemengde/ .

Tabeller: