6452_not-searchable
/befolkning/statistikker/flyktninger/aar
6452
Flest flyktningar frå Bosnia-Hercegovina
statistikk
2000-05-31T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
flyktninger, Personer med flyktningbakgrunn, flyktninger, primærflyktninger, overføringsflyktninger, kvoteflyktninger, asyltilfeller, asylanter, familiegjenforening, ekteskapsetablering, landbakgrunnBefolkning, Folketall, Innvandrere, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Personer med flyktningbakgrunn1. januar 1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Flest flyktningar frå Bosnia-Hercegovina

Det budde om lag 67 200 personar med flyktningbakgrunn i Noreg 1. januar 1999. Det er flest busette flyktningar frå Bosnia-Hercegovina med om lag 11 000, med Vietnam som nest største gruppe med vel 10 500 personar.

Det var 8 100 flyktningar med bakgrunn frå Iran, mens det frå resten av det tidlegare Jugoslavia, Sri Lanka, Chile, Somalia og Irak var mellom 5 800 og 4 500 flyktningar. I talet på vel 67 200 flyktningar er 18 000 personar familiemedlemmer som har blitt sameina med familien. Av dei som var registrerte som hovudpersonflyktning, var 61 prosent asyltilfelle og 22 prosent overføringsflyktningar.

Av dei om lag 67 200 med flyktningbakgrunn, var 52 prosent registrerte med utanlandsk statsborgarskap. Den største gruppa med utanlandsk statsborgarskap var flyktningar frå Bosnia-Hercegovina, 11 200. Flest med norsk statsborgarskap finn vi blant vietnamesiske (8 300) og iranske (5 200) flyktningar. Årsaka til dette er at flyktningar frå Vietnam og Iran har budd så lenge i landet at dei oppfylte krava om skifte til norsk statsborgarskap. Huvudregelen er at ein kan bli norsk statsborgar etter å ha budd i landet samanhengande dei sju siste åra. Dei aller fleste flyktningane fra Bosnia-Hercegovina oppfylte ikkje dette kravet 1. januar 1999.

Det er på bakgrunn av Utlendingsdirektoratets klassifisering av innvandra personar, at Statistisk sentralbyrå har laga ei oversikt over busette personar per 1. januar 1999, personar som ein gong har kome til Noreg som flyktningar eller har familietilknyting til ein flyktning.

Om lag 1/3 bur i Oslo

Det budde flest flyktningar i fylka Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland. Vel 20 000 budde i Oslo, som utgjer om lag 30 prosent av det totale talet på flyktningar i Noreg. Flyktningar i Oslo stod for 3,9 prosent av den totale folkemengda i Oslo. I Akershus budde det vel 6 600 personar med flyktningbakgrunn og i Rogaland og Hordaland i overkant av 5 000. Færrast flyktningar finn vi i fylka Finnmark, Nord-Trøndelag og Troms med mellom 700 og 800 flyktningar.

Flyktningar1, etter fylke. 1. januar 1999
Fylke Flyktningar
I alt 67 245
01 østfold 3 656
02 Akershus 6 593
03 Oslo 19 790
04 Hedmark 1 976
05 Oppland 1 969
06 Buskerud 3 359
07 Vestfold 2 550
08 Telemark 2 333
09 Aust-Agder 1 230
10 Vest-Agder 3 441
11 Rogaland 5 372
12 Hordaland 5 252
14 Sogn og Fjordane 1 039
15 Møre og Romsdal 1 853
16 Sør-Trøndelag 3 213
17 Nord-Trøndelag 702
18 Nordland 1 403
19 Troms 845
20 Finnmark 669
1  Nemninga 'flyktning' brukar ein her om personar
busette i Noreg, som ein gong har kome til Noreg
av fluktgrunnar (familie rekna med), utan omsyn
til om personen har fått flyktningstatus (etter
Genevèkonvensjonen). Barn som flyktningane
har fått etter at dei kom til Noreg er ikkje
rekna med.

Samanlikna med året før hadde alle fylka ein auke i talet på flyktningar, forutan Hedmark, Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag og dei tre nordlegaste fylka.

Mange med butid under 10 år

75 prosent av dei med flyktningbakgrunn hadde 1. januar 1999 budd i Noreg 10 år eller mindre. Året før var tilsvarande tal 85 prosent. 22 prosent av flyktningane hadde budd i landet mellom 11 og 20 år, mens berre 2 prosent hadde ei butid på over 20 år.

Tabeller: