Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
Litt over 80 000 med flyktningbakgrunn
Ved inngangen til 2000 budde det i Noreg 77 100 personar som kom til landet første gong som flyktning eller som familiemedlem til flyktning. Tek vi med nærare 3 000 personar som er ufullstendig registrerte i Flyktningregisteret, vert det reelle talet på busette personar med flyktningbakgrunn noko over 80 000.
Av dei 77 100 personane hadde 58 900 blitt registrerte som flyktningar da dei kom til landet, medan resten (18 200) kom som familiemedlemmer. Nær 60 prosent av dei med eiga registrering som flyktning var asyltilfelle.
64 prosent av personane med flyktningbakgrunn hadde per 1. januar 2000 budd i landet mindre enn ti år. Berre 3 prosent hadde ei butid på over 20 år.
35 000 eller 45 prosent av alle med flyktningbakgrunn hadde norsk statsborgarskap. Størst del norske statsborgarar var det i grupper som har budd lenge i Noreg. Så mange som 99 prosent av ungararane og 84 prosent av dei vietnamesiske flyktningane hadde norsk statsborgarskap. Lågast kjem personar med bakgrunn frå Bosnia med 0,7 prosent norske statsborgarar. Den viktigaste grunnen til dette er kortare butid.
Mellom 1.januar 1999 og 2000 auka talet på personar med flyktningbakgrunn med 9 800. Av enkeltgrupper stod jugoslavar for den største auken, med 5 000 personar. Deretter kjem irakarar med 1 970 personar.
Ein tredjedel av flyktningane hadde bakgrunn frå Aust-Europa, medan resten kom frå land i den tredje verda (Asia, Afrika, Mellom- og Sør-Amerika og Tyrkia).
Dei fleste bur i Oslo
Alle fylke hadde i 1999 ein vekst på personar med flyktningbakgrunn. Oslo er framleis det fylket som har flest flyktningar med 20 800 personar. Dette utgjer 27 prosent av alle flyktningar i landet. Flyktningar i Oslo stod for 4,1 prosent av den totale folkemengda i Oslo. Færrast flyktningar finn vi i Finnmark og Nord-Trøndelag med respektive 850 og 910 personar.
Flyktningar1, etter fylke.
1. januar 2000 |
Flyktningar | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 77 084 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
01 østfold | 4 229 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
02 Akershus | 7 455 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
03 Oslo | 20 812 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
04 Hedmark | 2 528 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
05 Oppland | 2 445 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
06 Buskerud | 4 024 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
07 Vestfold | 3 032 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
08 Telemark | 2 779 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
09 Aust-Agder | 1 576 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 Vest-Agder | 4 024 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
11 Rogaland | 6 102 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
12 Hordaland | 5 931 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
14 Sogn og Fjordane | 1 085 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
15 Møre og Romsdal | 2 156 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
16 Sør-Trøndelag | 3 787 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
17 Nord-Trøndelag | 913 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
18 Nordland | 2 093 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
19 Troms | 1 265 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
20 Finnmark | 848 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 |
Nemninga 'flyktning' brukar ein her om personar busette i Noreg, som ein gong har
kome til Noreg av fluktgrunnar (familie rekna med), utan omsyn til om personen har fått flyktningestatus (etter Genevèkonvensjonen). Barn som flyktningane har fått etter at dei kom til Noreg er ikkje rekna med. |
Flest menn
Blant dei med flyktningbakgrunn var det per 1. januar 2000 om lag 10 000 fleire menn enn kvinner. I dei største flyktninggruppene finn vi eit klart mannsoverskudd hos flyktningar frå Irak og Iran. Aldersgruppa 20-49 år utgjorde 64 prosent av alle med flyktningbakgrunn, mens berre 5 prosent var 60 år eller eldre.
Datakjelde
Statistikken er basert på data frå SSB sitt befolkningsstatistikksystem, Fremkonregisteret og Flyktningregisteret (begge tilhøyrer Utlendingsdirektoratet) som blei samkøyrt 1. januar 1994. Desse data er så oppdaterte, med eit uttak frå Flyktningregisteret frå mars 2001. Underdekninga som oppstår i statistikken kjem i første rekke av forseinkinga i påføring av fødselsnummer i Flyktningregisteret.
Tabeller:
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42
-
Frøydis Strøm
E-post: froydis.strom@ssb.no
tlf.: 40 81 13 17
-
Oppdrag innvandring
E-post: oppdraginnvandring@ssb.no
-
Mads Ivar Kirkeberg
E-post: mads.ivar.kirkeberg@ssb.no
tlf.: 40 81 13 21