Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Største folketilvekst nokosinne
I 2006 auka folketalet med 40 900, slik at det ved årsskiftet var registrert 4 681 100 busette i landet. Dette er den største årlege tilveksten i folketalet som nokon gong er registrert i Noreg, 1 700 fleire enn i 1946, det tidlegare toppåret.
Medan heile folkeauken i 1946 kom frå fødselsoverskott, utgjorde fødselsoverskottet på 17 300 i 2006 drygt 42 prosent av heile tilveksten, slik at innflyttingsoverskottet frå utlandet, 23 700, stod for 58 prosent.
Sett i høve til folketalet var folketilveksten i 2006 - 0,88 prosent - den høgaste sidan 1957. Veksten var likevel lågare enn i mange år tidlegare på 1900-talet, særleg nokre år med høge fødselstal. I 1946 var folketilveksten 1,26 prosent, i 1920 1,41 prosent.
Det vart registrert 45 800 flyttingar til Noreg frå utlandet i 2006, 14 prosent fleire i høve til året før og det største talet til no. Knapt 22 100 flyttingar frå Noreg inneber om lag same nivå som tidlegare år. Talet på fødde - 58 500 - var det høgaste sidan 2000, medan talet på dødsfall - 41 200 - var nær uendra frå dei to siste åra. For å finne lågare dødstal enn desse, må ein attende til 1978.
Endra publisering - endelege hovudtal ligg føre alt no
Folketal ved årsskiftet og endringstal for kalenderåret blir no gitt som endelege tal alt i februar. Denne publiseringsmåten vart første gong teken i bruk i fjor. Tidlegare offentleggjorde SSB førebelse tal først. Desse hovudtala ser vi på som endelege av di vi alt reknar dei naudsynte kontrollane for å vere utførde. Tal for folkemengd 1. januar 2007 ligg no føre fordelt etter kjønn og alder. Tal for kommunar, fylke og heile landet, ned til eittårige aldersgrupper for kvart kjønn, kan ein hente frå Statistikkbanken, og tabellar med tal for kjønn og utvalde aldersgrupper for kommunar, fylke og heile landet er tilgjengelege på http://www.ssb.no/folkemengde/ . Meir om folkemengda blir publisert 8. mars. Totaltal for fødde, døde og flyttingar i 2006 finst no for kommunar, fylke og heile landet. Flyttetala kan ein dessutan få oppdelte på statsborgarskap, men då som eit oppdrag. Meir detaljert statistikk om fødde, døde og flyttingar (innanlandske og til og frå landet) vil vi publisere respektive 19. april, 26. april og 3. mai. No publiserer vi òg hovudtal for skilsmisser, separasjonar og inngåtte ekteskap for kvart fylke og heile landet, http://www.ssb.no/ekteskap/ . Meir detaljerte opplysningar om emnet vil komme 30. august. |
Flest polakkar
Samanlikna med 2005 var det i fjor 5 700 fleire innflyttingar og 300 fleire utflyttingar, slik at innflyttingsoverskottet frå utlandet auka med 5 300 til 23 700. Det er 29 prosent høgare enn året før. Det største overskottet stod polske statsborgarar for, med over 6 800 fleire inn- enn utflyttingar. Etter det følgjer statsborgargruppene frå Tyskland, Sverige, Litauen og Somalia, som kvar sytte for eit innflyttingsoverskott på mellom 1 600 og 1 000. I alt kom det vel 7 400 polakkar til Noreg i fjor, eit høgt tal samanlikna med om lag 600 så seint som i 2003.
Så mange innflyttingar frå utlandet som i 2006, 45 800, er det aldri registrert tidlegare. I 2005 var talet 40 200, i 2004 36 500.
Fødselsoverskott på 17 300
Det vart fødd 58 500 born her i landet i 2006, og 41 200 busette døydde. Talet på fødde er det høgaste sidan 2000, medan ein må attende til 1978 for å finne lågare tal på døde enn i åra 2004-2006, då det låg stabilt mellom 41 200 og 41 250.
Over 400 000 i Rogaland
Rogaland passerte 400 000 innbyggjarar i 2006. Oslo og Akershus har no til saman 22,6 prosent av folkemengda i landet, medan Rogaland og Hordaland har i alt 18,4 prosent.
I 2006 auka folketalet både i absolutte tal og relativt sett mest i Oslo, Akershus og Rogaland, med ein tilvekst på høvesvis 10 200, 8 100 og 7 000. Oslo og Akershus stod for nærare 45 prosent av folketilveksten i landet. I Oppland, Sogn og Fjordane, Nordland og Finnmark gjekk folketalet ned, medan fylke som Telemark og Hedmark berre hadde svak tilvekst.
Størst fødselsoverskott i Oslo
Som i 2005, var det fødselsoverskott i alle fylke i landet, sett bort frå Hedmark, Oppland og Telemark. Størst var fødselsoverskottet i Oslo, med vel 4 700.
Størst flyttetap for Nordland
Oppland, Sogn og Fjordane, Nordland, Troms og Finnmark hadde flyttetap i 2006 når ein ser på alle flyttingar under eitt. Flyttetapet var størst for Nordland, der det flytta 1 000 fleire ut enn inn. Samla innflyttingsoverskott var størst for Oslo, Akershus og Rogaland, høvesvis 5 800, 5 200 og 4 000. I Møre og Romsdal var det eit knapt flytteoverskott på 23.
Innanlandske flyttingar
Fylka rundt Oslofjorden til og med Vestfold, pluss Rogaland og Sør-Trøndelag hadde flyttevinst andsynes dei andre fylka i 2006. Denne vinsten var størst for Akershus (2 300) og Oslo (1 800). Nordland fekk størst flyttetap til andre fylke (1 900).
Flyttevinst frå utlandet
Tolv av fylka hadde eit flyttetap andsynes dei andre fylka., men alle 19 fylka hadde - som vanleg dei seinare åra - ein flyttevinst frå utlandet. Denne vinsten på i alt 23 700 vog mykje opp for fødselsunderskott og for etter måten store innanlandske flyttetap i mange fylke. Såleis fekk Hedmark og Telemark både innflyttingsoverskott totalt og ein liten, positiv folketilvekst, medan denne flyttevinsten frå utlandet nesten halverte Nordlands flyttetap til vel 1 000.
Folketalet ned i 232 av 431 kommunar
Folketalet auka i 194 av landets kommunar i 2006, var uendra i fem kommunar, medan det gjekk ned i 232 kommunar. I 2005 auka folketalet i 204 kommunar. Den største tilveksten hadde Oslo med 10 200, deretter Trondheim med 3 100. Største tapet hadde Rana med 165. I prosent hadde Rennesøy og Sørum den største tilveksten, 3,3 prosent, medan Loppa og Måsøy hadde størst tap, med 5,2 og 4,1 prosent. Som i tidlegare år er det i dei sentrale kommunane at folketalet aukar, medan dei mindre sentrale stroka ofte har både flyttetap og fødselsunderskott.
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42