Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Rekordstor folketilvekst
I 2007 auka folketalet med 56 000, og ved årsskiftet var det registrert 4 737 200 busette i Noreg. Dette er den klårt største årlege tilveksten i folketalet som nokon gong er registrert, 15 100 fleire enn i det tidlegare toppåret 2006.
Ein folketilvekst på 56 000 vil på det nærmaste seie at Noreg fekk like mange innbyggjarar i tillegg som dei som budde i Drammen per 1. januar 2007 (58 700). Sett i høve til folketalet var folketilveksten 1,2 prosent i 2007, den høgaste sidan 1946. Etter året 1900 har folketilveksten i prosent berre vore høgare tre gonger - i 1917, 1920 og 1946.
Innflyttingsoverskottet frå utlandet, 39 700, stod for 71 prosent av folketilveksten, og førte til at talet på kommunar med vekst i folketalet vart 50 prosent høgare enn det hadde vore utan dette overskottet. Det vart registrert 61 800 flyttingar til Noreg frå utlandet i 2007, 35 prosent fleire enn året før, som hadde vore det største talet fram til då. 22 100 flyttingar frå Noreg er om lag same talet som førre året.
Talet på fødde - 58 500 - var òg likt året før, medan talet på dødsfall - 42 000 - var noko høgare enn dei tre førre åra, men lågare enn for 2003 og tidlegare.
Tal for folkemengd 1. januar 2008 ligg no føre fordelt etter kjønn og alder. Tal for kommunar, fylke og heile landet, ned til eittårige aldersgrupper for kvart kjønn, kan ein hente frå Statistikkbanken. Tabellar med tal for kjønn og utvalde aldersgrupper for kommunar, fylke og heile landet er tilgjengelege på denne nettsida . Meir om folkemengda blir publisert 13. mars. Totaltal for fødde, døde og flyttingar i 2007 finst no for kommunar, fylke og heile landet. Flyttetala kan ein dessutan få oppdelte på statsborgarskap, men då som eit oppdrag. Meir detaljert statistikk om døde, fødde og flyttingar (innanlandske og til og frå landet) vil vi publisere respektive 10. april, 17. april og 8. mai. Vi publiserer hovudtal for skilsmisser, separasjonar og inngåtte ekteskap for kvart fylke og heile landet 25. februar. Meir detaljerte opplysningar om emnet vil kome til hausten. |
Framleis flest polakkar
Samanlikna med 2006 var det i fjor 16 000 fleire innflyttingar og 100 fleire utflyttingar, slik at innflyttingsoverskottet frå utlandet auka med 15 900 til 39 700. Det største overskottet stod polske statsborgarar for, med over 12 900 fleire inn- enn utflyttingar. Etter det følgjer statsborgargruppene frå Tyskland, Sverige, Litauen, Somalia, Filippinane, Russland og Thailand, som kvar sytte for eit innflyttingsoverskott på mellom 3 100 og 1 000. I alt kom det vel 14 200 polakkar til Noreg i fjor, eit særs høgt tal samanlikna med til dømes i 2003. Då kom det berre 600 polakkar til landet. Når det gjeld norske statsborgarar, flytta det 500 fleire frå Noreg enn til. I alt inn- og utvandra det folk med 168 ulike statsborgarskap i 2007.
Så mange innflyttingar frå utlandet som i 2007, 61 800, er aldri registrert tidlegare. I 2006 var talet 45 800. I tillegg kjem dei som tek seg arbeid her i landet og er her i mindre enn seks månader. Dei vert ikkje registrerte som innflytta, og er ikkje medrekna i folketalet.
Fødselsoverskott på 16 500
Det vart fødd 58 500 born her i landet i 2007, og 42 000 personar døydde. Talet på fødde for både 2007 og 2006 er dei høgaste sidan året 2000.
Over 250 000 i Buskerud - og snart også i Bergen
Buskerud passerte 250 000 innbyggjarar i 2007, og Drammen passerte 60 000. I 2008 kjem óg Bergen truleg til å passere 250 000 innbyggjarar.
I 2007 auka folketalet mest i Oslo, Akershus og Rogaland, med ein tilvekst på høvesvis 11 900, 9 400 og 8 100. Desse tre fylka stod for 52 prosent av folketilveksten i landet. Oslo og Akershus har no til saman 22,8 prosent av folkemengda i landet, medan Rogaland og Hordaland i alt har 18,5 prosent. I Nordland og Finnmark gjekk folketalet ned.
Størst fødselsoverskott i Oslo
Som i 2006, var det fødselsoverskott i alle fylka i landet, sett bort frå Hedmark, Oppland og Telemark. Fødselsoverskottet var størst i Oslo, med 4 900 fleire fødde enn døde.
Framleis størst samla flyttetap for Nordland
Sogn og Fjordane, Nordland, Troms og Finnmark hadde flyttetap i 2007 når ein ser på alle flyttingar under eitt. Flyttetapet var størst for Nordland, der det flytta 600 fleire ut enn inn. I høve til folketalet var det størst i Finnmark. Samla innflyttingsoverskott var i 2007 som i 2006 størst for Oslo, Akershus og Rogaland. Sett i høve til folketalet har Buskerud eit like stort innflyttingsoverskott.
Innanlandske flyttingar
Østfold, Akershus og Buskerud var dei tre fylka som hadde stor flyttevinst i høve til dei andre fylka i 2007, størst for Akershus med 2 600. Ni fylke hadde flyttetap til andre fylke, størst for Nordland med 1 700. Sett i høve til folketalet hadde Finnmark med 1 000 det største innanlandske flyttetapet, medan Oslo og Rogaland hadde ein liten flyttevinst.
Flyttevinst frå utlandet
Alle 19 fylka hadde - som vanleg dei seinare åra - ein flyttevinst frå utlandet. Størst var han i Oslo og Rogaland, med høvesvis 6 900 og 5 200. Denne vinsten på i alt 39 700 vog mykje opp for fødselsunderskott og for innanlandske flyttetap i mange fylke. Såleis fekk Oppland og Telemark på grunn av flyttevinsten frå utlandet både innflyttingsoverskott totalt og ein liten, positiv folketilvekst. Denne flyttevinsten gjorde òg at det samla flyttetapet for Sogn og Fjordane, Nordland, Troms og Finnmark vart svært mykje mindre enn kva det elles hadde vore, ned mot ein tidel. Den vesle innanlandske flyttevinsten i Oslo og Rogaland som er nemnd ovanfor, voks til 7 000 og 5 400 på grunn av flyttevinsten frå utlandet. Hordaland sitt innanlandske flyttetap på 300 vart til ein flyttevinst på 3 600 på grunn av innflyttinga frå utlandet.
Kommunane: Folketalet auka i 259 kommunar
1. januar 2007 var det 431 kommunar i landet, medan det var 430 1. januar 2008, av di 1503 Kristiansund og 1556 Frei då vart slegne saman til ein ny kommune, 1505 Kristiansund. Folketalet auka i 259 av landets kommunar i 2007, medan det i 168 kommunar gjekk ned. I 2006 auka folketalet i 194 kommunar. Sett bort frå dei fire største byane, hadde Skedsmo med 1 600 den største auken i folketalet, og deretter Sandnes med 1 500 og Drammen med 1 400. Største tapet hadde Harstad og Vefsn med 150 kvar seg. Av dei 28 kommunane som hadde eit tap på 2 prosent eller meir, var 17 i Nord-Noreg. Som i tidlegare år er det i dei sentrale kommunane at folketalet aukar, medan dei mindre sentrale stroka gjerne har både flyttetap og fødselsunderskott.
Fødselsunderskott i mange Hedmarkskommunar
I alt 216 av kommunane hadde eit fødselsoverskott, medan 204 hadde eit fødselsunderskott. Største fødselsunderskottet hadde Hamar, der det døydde 70 fleire enn det vart fødd. 7 av dei 20 kommunane som hadde størst fødselsunderskott, var i Hedmark.
Samla flyttevinst (268 i alt) | Innanlands flyttevinst (151 i alt) | Flyttevinst frå utlandet (402 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 Oslo | 7 041 | Trondheim | 1 025 | Oslo | 6 890 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 Trondheim | 2 462 | Skedsmo | 775 | Bergen | 2 436 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 Bergen | 1 772 | Drammen | 760 | Stavanger | 2 040 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 Stavanger | 1 366 | Ullensaker | 607 | Trondheim | 1 437 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 Skedsmo | 1 283 | Eidsvoll | 454 | Bærum | 1 212 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 Drammen | 1 258 | Tønsberg | 353 | Sandnes | 859 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 Sandnes | 954 | Askøy | 344 | Kristiansand | 685 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 Tønsberg | 833 | Sola | 304 | Asker | 656 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 Bærum | 791 | Aurskog-Høland | 303 | Haugesund | 599 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 Ullensaker | 790 | Fredrikstad | 281 | Skedsmo | 508 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Samla flyttetap (156 i alt) | Innanlands flyttetap (275 i alt) | Flyttetap til utlandet (17 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 Harstad | -205 | Stavanger | -674 | Vefsn | -95 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 Vefsn | -146 | Bergen | -664 | Marker | -18 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 Rana | -132 | Bærum | -421 | Lierne | -5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 Vadsø | -87 | Harstad | -314 | Rømskog | -5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 Sel | -81 | Tromsø | -213 | Storfjord | -5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 Inderøy | -80 | Asker | -201 | Ulvik | -5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 Vardø | -78 | Rana | -197 | Utsira | -4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 Porsanger Porsángu Porsanki | -74 | Hammerfest | -184 | Sokndal | -4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 Rælingen | -70 | Vadsø | -184 | Ibestad | -4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 ørland | -70 | Rælingen | -154 | Fedje | -3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42