Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis stor innvandring og folketilvekst
I fyrste kvartal 2008 auka folketalet med 16 200, og 1. april var det registrert 4 753 400 busette i Noreg. Dette er den nest største tilveksten i folketalet i eitt kvartal som nokon gong er registrert, og 5 800 fleire enn i fyrste kvartal førre året.
Innflyttingsoverskottet frå utlandet på 12 400 personar, stod for 77 prosent av folketilveksten. Det vart registrert 16 900 flyttingar til Noreg frå utlandet i 1. kvartal, 25 prosent fleire enn året før, som var det høgaste fram til då. I tillegg kjem dei som tek seg arbeid, men er i landet i mindre enn seks månader. Dei vert ikkje registrerte som innflytta, og er ikkje medrekna i folketalet. 4 500 flyttingar frå Noreg er noko mindre enn førre året, men på same nivå som dei siste åra.
Talet på fødde - 14 800 - var òg likt året før. Talet på dødsfall var 11 000, noko som gir eit fødselsoverskott på 3 800.
Framleis flest polske statsborgarar
4 300 av dei 16 900 som innvandra i 1. kvartal - ein av fire - var polske statsborgarar. Andre store grupper var svenske (1 600), tyske (1 100) og litauiske statsborgarar (800). I alt innvandra det personar med 147 ulike statsborgarskap til landet.
Over 120 000 innbyggjarar i Stavanger - og Bergen nærmar seg 250 000
I 1. kvartal auka folketalet mest i Oslo, Akershus og Rogaland, med ein tilvekst på høvesvis 5 200, 2 200 og 2 100. Desse tre fylka stod for 58 prosent av folketilveksten i landet. Det var berre i Nordland at folketalet gjekk ned. Omkring 1. mars runda Stavanger 120 000 innbyggjarar, og om den høge innvandringa held fram, er det truleg at Bergen vil runda 250 000 i 3. kvartal.
Størst fødselsoverskott i Oslo
Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland var i ei klasse for seg når det gjeld fødselsoverskott. Fødselsoverskottet på 2 900 i desse fire fylka stod for 78 prosent av det samla fødselsoverskottet i landet. Innlandsfylka Hedmark og Oppland, saman med Telemark og Nordland, hadde fødselsunderskott.
Framleis samla flyttetap for Nordland
Oslo hadde det største samla flytteoverskottet, 4 000, fylgd av Akershus med 1 700. Berre Nordland hadde flyttetap i 1. kvartal når ein ser på alle flyttingar under eitt - innanlandske og flyttingar til og frå utlandet. Frå Nordland flytta det 100 fleire ut enn inn. Også i høve til folketalet var det samla flytteoverskottet størst i Oslo.
Innanlandske flyttingar
Oslo, Akershus og Sør-Trøndelag var dei tre fylka - av i alt sju - som hadde stor flyttevinst i høve til dei andre fylka i 1. kvartal, størst for Oslo med 600. Tolv fylke hadde flyttetap til andre fylke, Nordland størst med 400. Sett i høve til folketalet hadde Finnmark det største innanlandske flyttetapet, fylgd av Sogn og Fjordane.
Flyttevinst frå utlandet
Alle 19 fylka hadde - som vanleg dei seinare åra - ein flyttevinst frå utlandet. Størst var han i Oslo, Rogaland og Akershus, med høvesvis 3 400, 1 400 og 1 300. Denne vinsten på i alt 12 400 vog mykje opp for fødselsunderskott og for innanlandske flyttetap i mange fylke.
Folketalet auka i 245 kommunar
Folketalet auka i 245 av landets kommunar i 1. kvartal, medan det gjekk ned i 170 kommunar. Sett bort frå dei fire største byane, hadde Tromsø med 500 den største auken i folketalet. Sett i høve til folketalet, var det likevel i Flå at folketalet auka mest. Største tapet hadde Vefsn med 80, men i høve til folketalet var det Kvalsund og deretter Gamvik som hadde største tapet. Som i tidlegare år er det i dei sentrale kommunane at folketalet aukar, medan dei mindre sentrale stroka gjerne har både flyttetap og fødselsunderskott.
Fødselsunderskott i mange Hedmarks- og Opplandskommunar
I alt 194 av kommunane hadde eit fødselsoverskott, medan 203 hadde eit fødselsunderskott. Største fødselsunderskottet hadde Sandefjord, Surnadal og Eidskog. 13 av dei 25 kommunane med størst fødselsunderskott, var i Hedmark og Oppland.
Samla flyttevinst (254 i alt) | Innanlands flyttevinst (138 i alt) | Flyttevinst frå utlandet (373 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 Oslo | 3 995 | Oslo | 596 | Oslo | 3 399 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 Trondheim | 801 | Trondheim | 485 | Stavanger | 549 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 Bergen | 648 | Ullensaker | 211 | Bergen | 520 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 Stavanger | 503 | Drammen | 192 | Trondheim | 316 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 Bærum | 366 | Bergen | 128 | Bærum | 315 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 Drammen | 321 | Tromsø | 121 | Sandnes | 262 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 Tromsø | 316 | Fredrikstad | 85 | Tromsø | 195 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 Sandnes | 290 | Sande (Vestfold) | 71 | Asker | 184 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 Ullensaker | 265 | Elverum | 68 | Kristiansand | 148 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 Fredrikstad | 199 | Askøy / Askim | 60 | Skedsmo | 137 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Samla flyttetap (166 i alt) | Innanlands flyttetap (281 i alt) | Flyttetap til utlandet (29 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 Vefsn | -79 | Melhus | -68 | Vefsn | -68 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 Tromsø | -38 | Skedsmo | -65 | Høyanger | -7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 Inderøy | -36 | Bodø | -58 | Tydal | -4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 Hurum | -35 | Farsund | -57 | Dønna | -4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 Farsund | -30 | Nittedal | -51 | Bø (Nordland) | -4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 Røros | -29 | Harstad1 | -50 | Kárásjohka Karasjok | -4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 Bamble | -29 | Karmøy | -49 | Gamvik | -4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 Balsfjord | -28 | Nedre Eiker | -49 | Lindesnes | -3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 Bø (Nordland) | -27 | Bamble | -49 | Luster | -3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 Kárásjohka Karasjok | -27 | Stavanger / Oppegård | -46 | Vinje / Røros / Målselv | -2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Namnet er retta 28. mai 2008. Tidlegare oppføring Tromsø er feil. |
Fødselsoverskott (193 i alt) | Fødselsoverskott i høve til folketalet/1 000 (193 i alt) | Folketilvekst (245 i alt) | Folketilvekst i høve til folketalet/1 000 (245 i alt) | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 Oslo | 1 174 | Audnedal | 5,0 | Oslo | 5 169 | Flå | 18,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
2 Trondheim | 312 | Bykle | 4,4 | Trondheim1 | 1 113 | Unjárga Nesseby | 15,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
3 Bergen | 274 | Stordal | 4,1 | Bergen1 | 922 | Salangen | 12,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
4 Stavanger | 195 | Enebakk | 3,8 | Stavanger | 698 | Stordal | 12,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
5 Sandnes | 160 | Unjárga Nesseby | 3,5 | Tromsø | 472 | Meland | 11,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
6 Tromsø | 156 | Lyngen | 3,4 | Sandnes | 450 | Ullensaker | 11,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
7 Kristiansand | 80 | Røst | 3,2 | Bærum | 438 | Hole | 10,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
8 Bærum | 72 | Søgne | 3,2 | Drammen | 377 | Våler (østfold) | 10,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
9 Bodø | 68 | Fjell | 3,1 | Ullensaker | 302 | Birkenes | 10,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
10 Fjell | 65 | Time | 3,0 | Kristiansand | 274 | Siljan | 10,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsunderskott (204 i alt) | Fødselsunderskott i høve til folketalet/1 000 (204 i alt) | Folketap (170 i alt) | Folketap i høve til folketalet/1 000 (170 i alt) | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 Sandefjord | -27 | Bjarkøy | -9,8 | Vefsn | -80 | Kvalsund | -21,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
2 Surnadal | -26 | Rømskog | -9,2 | Hurum | -48 | Gamvik | -20,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
3 Eidskog | -23 | Ibestad | -5,3 | Harstad | -42 | Modalen | -19,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
4 Ringebu | -17 | Uvdal | -5,1 | Bø (Nordland) | -37 | Ibestad | -16,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
5 østre Toten | -16 | Fedje | -5,0 | Røros | -37 | Rendalen | -13,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
6 Grue | -14 | Lom | -5,0 | Kárájohka Karasjok | -32 | Bø (Nordland) | -12,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
7 Hamar | -14 | Engerdal | -4,9 | Inderøy | -32 | Hamarøy | -11,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
8 Nome | -13 | Finnøy | -4,7 | Brønnøy | -30 | Roan | -11,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
9 Uvdal | -13 | Sandøy | -4,7 | Bjugn | -29 | Bjarkøy | -11,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
10 Hurum/åsnes | -13 | Loppa | -4,5 | Balsfjord | -29 | Kárásjohka Karasjok | -11,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Rettet 22.05.08 kl. 13:00. |
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42