Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Tredje største folketalstilvekst nokosinne
Noregs folketal auka med 15 700 personar i 2. kvartal. Over 60 prosent av tilveksten stod innflyttarar frå utlandet for. Nettoinnvandringa var likevel 2 500 lågare enn i 1. kvartal i år, av di færre flytta inn og fleire flytta ut.
Folketalet 1. juli i år var 4 769 100. Folketilveksten på 15 700 er den tredje høgaste som er registrert. Berre i 3. kvartal 2007 og 1. kvartal i år har han vore høgare.
15 500 personar flytta til Noreg og 5 600 flytta ut av Noreg i denne perioden, noko som gav ei nettoinnvandring på 9 900 personar. I fyrste kvartal var nettoinnvandringa på 12 400 personar. Årsaka til nedgangen på 2 500 personar frå fyrste til 2. kvartal var at 1 400 færre flytta til landet, medan 1 100 fleire flytta ut.
Flest polske statsborgarar til Noreg
Av dei 13 600 personane utan norsk statsborgarskap som flytta til landet i 2. kvartal, utgjorde europeiske statsborgarar 69 prosent. Framleis var det klårt flest polske statsborgarar som kom til Noreg. Nettoinnvandringa av polakkar var på 3 100 i 2. kvartal, 7 100 i løpet av fyrste halvår. I løpet av fyrste halvår stod dei polske statsborgarane for ein tredel av nettoinnflyttinga av utanlandske statsborgarar. Andre store grupper var tyske og litauiske statsborgarar, med 700 og 600 nettoinnvandringar kvar seg i 2. kvartal.
Det kom samla sett 1 300 færre polske, tyske og svenske statsborgarar til landet i 2. kvartal enn i 1. kvartal. Samstundes reiste det dobbelt så mange polske og litauiske statsborgarar frå landet i same perioden, 800 mot 400.
Mange fødde
Det vart født 15 900 born i 2. kvartal, noko som er 600 fleire enn i same kvartal i fjor. Ein må attende til 2. kvartal 1995 for å finna tilsvarande høge tal.
10 100 personar døydde, 100 fleire i høve til same periode i fjor. Fødselsoverskottet på 5 800 personar er 11 prosent høgare enn i same kvartal førre året, og vi må attende til tida ikring 1970 for å finna høgare tal. Berre to av fylka hadde eit fødselsunderskott i 2. kvartal, Hedmark (50) og Telemark (5). Størst var fødselsoverskottet i Oslo, med 1 600 personar.
I 1. halvår 2008 vart det født 30 600 born, 1 100 fleire enn i 1. halvår i fjor. Talet på døydde, 21 100, er 400 mindre enn tilsvarande tal frå i fjor. Fødselsoverskottet er dermed på 9 500, 18 prosent høgare enn i 1. halvår i fjor.
Størst folketilvekst i sentrale strok
36 prosent av folketilveksten i andre kvartal kom i Akershus og Oslo, og 24 prosent i Rogaland og Hordaland. Ikkje i nokre av fylka gjekk folketalet ned.
Størst innanlandsk flyttetap i hovudstaden i 2. kvartal
Alle fylka i landet hadde eit innflyttingsoverskott frå utlandet, høgast i Oslo med 2 220. Ni fylke hadde innanlandsk flytteoverskott, høgast i Akershus med 780, følgd av Østfold med 450. Ti fylke hadde innanlandsk flyttetap, høgast i Oslo med 510, følgd av Troms med 280. Sett i høve til folketalet hadde Finnmark det største innanlandske flyttetapet.
Ser ein på fyrste halvår 2008, hadde Oslo det høgaste innflyttingsoverskottet frå utlandet med 5 510. Åtte fylke hadde innanlandsk flytteoverskott, høgast i Akershus med 1 160, følgd av Østfold med 650. Elleve fylke hadde innanlandsk flyttetap, høgast i Nordland med 580.
Folketalet auka i 269 kommunar fyrste halvår
Folketalet auka i 269 av landets kommunar i fyrste halvår, medan det gjekk ned i 157 kommunar. Sett bort frå dei fire største byane, hadde Bærum den største auken i folketalet. Folketalet i denne kommunen auka med 820. Sett i høve til folketalet, var det likevel i Flå (Buskerud) at folketalet auka mest. Største tapet hadde Målselv (Troms) med 71, men i høve til folketalet var det Kvalsund (Finnmark) som hadde største tapet. Som i tidlegare år er det i dei sentrale kommunane at folketalet aukar, medan dei mindre sentrale stroka gjerne har både flyttetap og fødselsunderskott. Ullensaker (Akershus) og Drammen hadde største innanlandske flyttevinsten, medan Stavanger og Skedsmo (Akershus) hadde største innanlandske flyttetapet.
Fødselsunderskott i mange innlandskommunar fyrste halvår
I alt 222 av kommunane hadde eit fødselsoverskott, medan 199 hadde eit fødselsunderskott. Største fødselsunderskottet hadde Eidskog (Hedmark). 11 av dei 20 kommunane med størst fødselsunderskott, var i Hedmark og Oppland.
Samla flyttevinst (286 i alt) | Innanlands flyttevinst (149 i alt) | Flyttevinst frå utlandet (396 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 Oslo | 5 593 | Ullensaker | 456 | Oslo | 5 505 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 Bergen | 1 128 | Drammen | 386 | Bergen | 1 122 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 Trondheim | 870 | Trondheim | 335 | Stavanger | 954 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 Stavanger | 731 | Fredrikstad | 220 | Bærum | 567 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 Bærum | 615 | Røyken | 180 | Trondheim | 535 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 Drammen | 599 | Sørum | 161 | Sandnes | 477 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 Ullensaker | 548 | Askøy | 154 | Kristiansand | 324 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 Sandnes | 459 | Skien | 139 | Asker | 303 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 Fredrikstad | 404 | Klepp | 137 | Tromsø | 279 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 Tromsø | 394 | Tromsø | 115 | Haugesund | 219 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Samla flyttetap (138 i alt) | Innanlands flyttetap (271 i alt) | Flyttetap til utlandet (16 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 Målselv | -72 | Stavanger | -223 | Vefsn | -48 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 Vefsn | -68 | Skedsmo | -163 | Bø (Telemark) | -19 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 Bø (Telemark) | -56 | Bodø | -111 | Dønna | -3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 Karasjohka-Karasjok | -47 | Narvik | -98 | Træna | -2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 Bjugn | -44 | Hadsel | -88 | Hjartdal | -2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 Lunner | -42 | Lenvik | -84 | Tydal | -2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 Bodø | -42 | Lillehammer | -77 | Grane | -2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 Fjaler | -36 | Flora | -72 | Målselv | -2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 åmot | -36 | Lier | -72 | Karasjohka-Karasjok | -2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 Bardu | -36 | Bardu | -71 | Fjaler | -2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsoverskott (222 i alt) | Fødselsoverskott i høve til folketalet / 1000 (222 i alt) | Folketilvekst (269 i alt) | Folketilvekst i høve til folketalet / 1000 (269 i alt) | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 Oslo | 2 732 | Skodje | 7,7 | Oslo | 8 325 | Flå | 37,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
2 Bergen | 653 | Enebakk | 6,8 | Bergen | 1 781 | Skodje | 24,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
3 Trondheim | 647 | Stordal | 6,1 | Trondheim | 1 517 | Ullensaker | 24,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
4 Stavanger | 481 | Fjell | 5,8 | Stavanger | 1 212 | Hole | 23,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
5 Sandnes | 336 | Time | 5,7 | Bærum | 823 | Meland | 22,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
6 Tromsø | 323 | Klepp | 5,5 | Sandnes | 795 | Lebesby | 22,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
7 Kristiansand | 228 | Gjesdal | 5,4 | Drammen | 733 | Våler (østfold) | 20,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
8 Bærum | 208 | Sandnes | 5,4 | Tromsø | 717 | Sørum | 20,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
9 Bodø | 156 | Klæbu | 5,0 | Ullensaker | 664 | Klepp | 19,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
10 Skedsmo | 148 | Sola | 5,0 | Kristiansand | 579 | Finnøy | 19,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsunderskott (199 i alt) | Fødselsunderskott i høve til folketalet / 1000 (199 i alt) | Folketap (157 i alt) | Folketap i høve til folketalet / 1000 (157 i alt) | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 Eidskog | -25 | Bjarkøy | -11,8 | Målselv | -71 | Kvalsund | -27,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
2 Grue | -24 | Utsira | -9,4 | Vefsn | -65 | Værøy | -20,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
3 østre Toten | -24 | Rømskog | -9,2 | Bjugn | -57 | Agdenes | -19,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
4 Hamar | -24 | Fosnes | -8,7 | Bø (Telemark) | -49 | Hamarøy | -18,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
5 Ringerike | -23 | Fedje | -8,4 | Karasjohka-Karasjok | -48 | Ibestad | -17,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
6 Stange | -21 | Ibestad | -7,9 | Fjaler | -45 | Rendalen | -17,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
7 Ringebu | -20 | Rendalen | -7,4 | Gulen | -38 | Mosvik | -17,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
8 Våler (Hedmark) | -19 | Granvin | -7,3 | Rendalen | -36 | Fedje | -16,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
9 Surnadal | -19 | Lierne | -6,8 | Agdenes | -34 | Karasjohka-Karasjok | -16,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
10 Nord-Odal / Selbu | -17 | Værøy | -6,7 | Lødingen | -34 | Gulen | -16,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42