Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis stor folketilvekst
Folketalet i Noreg auka med 17 900 personar i 3. kvartal. To tredelar av tilveksten var innflyttingsoverskott frå utlandet, men fødselsoverskottet voks meir enn nettoinnvandringa når ein samanliknar med 3. kvartal førre året.
Folketalet 1. oktober i år var 4 787 000. Folketilveksten på 17 900 er den høgaste som er registrert i eit 3. kvartal, og var 900 høgare enn i 2007.
19 1501 personar flytta til Noreg og 7 300 flytta frå Noreg i denne perioden, noko som gav ei nettoinnvandring på 11 8501 personar. I tredje kvartal førre året var nettoinnvandringa 11 600, medan ho i tidlegare år var opp mot 6 000 på sitt høgaste.
Polske statsborgarar held fram med å kome til Noreg
Av dei 16 300 personane utan norsk statsborgarskap som flytta til landet i tredje kvartal, utgjorde europeiske statsborgarar 67 prosent. Framleis var det klårt flest polske statsborgarar som kom til Noreg. Det var 3 450 polske statsborgarar som flytta til Noreg, og 420 som flytta frå Noreg i 3. kvartal.
Førre året kom det 3 850 polske statsborgarar til landet i same kvartal, medan 300 flytta ut. Nettoinnvandringa av polakkar gjekk difor ned med 500 frå førre året. Medan det kom færre polske statsborgarar til landet i tredje kvartal enn det som var snittet for dei to fyrste kvartala i år, var det fleire svenske og tyske statsborgarar som kom enn det som var snittet for dei to fyrste kvartala.
Mange fødde
Det vart født 15 900 born i 3. kvartal, noko som er 600 fleire enn i same kvartal i fjor. Ein må mange år attende for å finna tilsvarande høge tal.
9 800 personar døydde, snaue 100 færre i høve til same periode i fjor. Fødselsoverskottet på 6 100 er 12 prosent høgare enn i same kvartal førre året. Berre to av fylka hadde eit fødselsunderskott i tredje kvartal, Hedmark og Oppland . Størst var fødselsoverskottet i Oslo, med 1 500 personar.
I dei tre fyrste kvartala i 2008 vart det født 46 550 born, medan talet på døydde var 30 900. Fødselsoverskottet er dermed på 15 650, 16 prosent høgare enn til same tid i fjor.
Størst folketilvekst i sentrale strok
40 prosent av folketilveksten i tredje kvartal kom i Akershus og Oslo, og 23 prosent i Rogaland og Hordaland. I Sogn og Fjordane, Nordland og Finnmark gjekk folketalet ned, på grunn av innanlandsk flyttetap.
Ni fylke med innanlandsk flyttetap i tredje kvartal
Alle fylka i landet hadde eit innflyttingsoverskott frå utlandet, høgast i Oslo med 3 100. Ti fylke hadde innanlandsk flytteoverskott, høgast i Akershus med 650. Ni fylke hadde innanlandsk flyttetap, høgast i Nordland med 600. Sett i høve til folketalet hadde Finnmark det største innanlandske flyttetapet. Oslo hadde óg eit innanlandsk flyttetap, med 70.
Ser ein på dei tre fyrste kvartala av 2008, hadde Oslo det høgaste innflyttingsoverskottet frå utlandet med 8 600. Ti fylke hadde innanlandsk flytteoverskott, høgast i Akershus med 1 800. Ni fylke hadde innanlandsk flyttetap, høgast i Nordland med 1 150.
Folketalet auka i 263 kommunar i dei tre fyrste kvartala
Folketalet auka i 263 av landets kommunar i dei tre fyrste kvartala, medan det gjekk ned i 163 kommunar. Sett bort frå dei fire største byane hadde Bærum den største auken i folketalet. Folketalet i denne kommunen auka med 1 300. Sett i høve til folketalet var det likevel i Flå (Buskerud) at folketalet auka mest. Største tapet hadde Målselv (Troms) med 140, men i høve til folketalet var det Kvalsund (Finnmark) som hadde største tapet. Som i tidlegare år er det i dei sentrale kommunane at folketalet aukar, medan dei mindre sentrale stroka gjerne har både flyttetap og fødselsunderskott. Trondheim og Ullensaker (Akershus) hadde største innanlandske flyttevinsten med 600 kvar seg, medan Stavanger hadde største innanlandske flyttetapet med 400.
Bergen feira i 3. kvartal at dei såg innbyggjar nummer 250 000, og likeins gjorde dei i Grimstad med nummer 20 000. I fjerde kvartal vil venteleg Kristiansand runda 80 000, og dei 14 kommunane på Romerike 250 000.
Fødselsunderskott i mange innlandskommunar i dei tre fyrste kvartala
I alt 226 av kommunane hadde eit fødselsoverskott, medan 190 hadde eit fødselsunderskott. Største fødselsunderskottet hadde Eidskog (Hedmark) med 40. Fem av dei ti kommunane med størst fødselsunderskott var i Sør-Hedmark og ni av dei ti kommunane med størst fødselsunderskott var i Hedmark og Oppland.
Samla flyttevinst (270 i alt) | Innanlands flyttevinst (147 i alt) | Flyttevinst frå utlandet (414 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | 0301 Oslo | 8 650 | 1601 Trondheim | 616 | 0301 Oslo | 8 632 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | 1201 Bergen | 2 140 | 0235 Ullensaker | 614 | 1201 Bergen | 1 863 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | 1601 Trondheim | 1 510 | 0602 Drammen | 464 | 1103 Stavanger | 1 393 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | 1103 Stavanger | 979 | 0106 Fredrikstad | 321 | 1601 Trondheim | 894 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | 0219 Bærum | 883 | 0226 Sørum | 278 | 0219 Bærum | 820 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | 0602 Drammen | 816 | 1201 Bergen | 277 | 1102 Sandnes | 608 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | 0235 Ullensaker | 773 | 1247 Askøy | 226 | 1001 Kristiansand | 563 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | 0106 Fredrikstad | 671 | 0627 Røyken | 223 | 0220 Asker | 478 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | 1001 Kristiansand | 615 | 0806 Skien | 213 | 1902 Tromsø | 470 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | 0220 Asker | 595 | 0104 Moss | 195 | 1106 Haugesund | 369 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Samla flyttetap (154 i alt) | Innanlands flyttetap (280 i alt) | Flyttetap til utlandet (10 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | 1924 Målselv | -135 | 1103 Stavanger | -414 | 1824 Vefsn | -37 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | 1824 Vefsn | -98 | 1805 Narvik | -188 | 0827 Hjartdal | -5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | 1805 Narvik | -94 | 1924 Målselv | -146 | 1657 Skaun | -3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | 0533 Lunner | -76 | 1401 Flora | -130 | 1835 Træna | -2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | 2021 Kárájohka Karasjok | -76 | 1804 Bodø | -127 | 1740 Namsskogan | -2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | 1231 Ullensvang | -60 | 1102 Sandnes | -117 | 1825 Grane | -2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | 1411 Gulen | -53 | 2003 Vadsø | -116 | 1627 Bjugn | -2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | 1551 Eide | -52 | 1149 Karmøy | -115 | 2021 Kárájohka Karasjok | -1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | 2017 Kvalsund | -48 | 0231 Skedsmo | -112 | 1736 Snåsa | -1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | 1640 Røros | -48 | 1563 Sunndal | -112 | 1665 Tydal | -1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsoverskott (226 i alt) |
Fødselsoverskott i høve
til folketalet/1 000 (226 i alt) |
Folketilvekst (263 i alt) |
Folketilvekst i høve til
folketalet/1 000 (263 i alt) |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | 0301 Oslo | 4 254 | 2027 Unjárga Nesseby | 9,3 | 0301 Oslo | 12 904 | 0615 Flå | 44,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||
2 | 1201 Bergen | 1 099 | 1122 Gjesdal | 9,1 | 1201 Bergen | 3 239 | 0941 Bykle | 37,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||
3 | 1601 Trondheim | 1 008 | 1529 Skodje | 9,1 | 1601 Trondheim | 2 518 | 0235 Ullensaker | 35,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||
4 | 1103 Stavanger | 760 | 0229 Enebakk | 8,5 | 1103 Stavanger | 1 739 | 0226 Sørum | 34,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||
5 | 1102 Sandnes | 504 | 1121 Time | 8,5 | 0219 Bærum | 1 281 | 0612 Hole | 33,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||
6 | 1902 Tromsø | 497 | 1119 Hå | 8,4 | 0602 Drammen | 1 022 | 1529 Skodje | 32,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||
7 | 0219 Bærum | 398 | 1120 Klepp | 8,3 | 1902 Tromsø | 997 | 1256 Meland | 31,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||
8 | 1001 Kristiansand | 379 | 1124 Sola | 8,3 | 1102 Sandnes | 995 | 214 ås | 31,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||
9 | 1804 Bodø | 266 | 1102 Sandnes | 8,1 | 1001 Kristiansand | 994 | 1816 Vevelstad | 30,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||
10 | 0231 Skedsmo | 208 | 1662 Klæbu | 8,1 | 0235 Ullensaker | 958 | 1018 Søgne | 28,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsunderskott (190 i alt) |
Fødselsunderskott i høve
til folketalet/1 000 (190 i alt) |
Folketap (163 i alt) |
Folketap i høve til
folketalet/1 000 (163 i alt) |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | 0420 Eidskog | -40 | 1915 Bjarkøy | -19,6 | 1924 Målselv | -135 | 2017 Kvalsund | -44,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||
2 | 0528 østre Toten | -32 | 1252 Modalen | -13,9 | 1824 Vefsn | -78 | 1252 Modalen | -36,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||
3 | 0423 Grue | -31 | 0121 Rømskog | -12,3 | 1805 Narvik | -78 | 1917 Ibestad | -32,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||
4 | 0403 Hamar | -29 | 1748 Fosnes | -11,6 | 2021 Kárásjohka Karasjok | -74 | 1857 Værøy | -29,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||
5 | 0520 Ringebu | -26 | 1571 Halsa | -10,8 | 1411 Gulen | -67 | 1411 Gulen | -28,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||
6 | 0426 Våler | -25 | 1917 Ibestad | -10,6 | 1231 Ullensvang | -61 | 1825 Grane | -27,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||
7 | 1566 Surnadal | -25 | 2014 Loppa | -9,9 | 1640 Røros | -58 | 2021 Kárásjohka Karasjok | -25,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||
8 | 0418 Nord-Odal | -24 | 1738 Lierne | -9,5 | 0536 Søndre Land | -55 | 1828 Nesna | -23,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||
9 | 0425 åsnes | -24 | 1151 Utsira | -9,4 | 1627 Bjugn | -52 | 1723 Mosvik | -23,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||
10 | 0534 Gran | -24 | 1265 Fedje | -8,4 | Tinn/Lødingen/Bø (N.) | -50 | 1927 Tranøy | -22,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Korrigert 21. november 2008. |
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42