Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Igjen rekordstor folkeauke i Noreg
I 2008 auka folketalet med 62 100, og ved årsskiftet var det registrert 4 799 300 busette i Noreg. Dette er den største årlege veksten i folketalet som nokon gong er registrert, 6 000 fleire enn i det tidlegare toppåret 2007, men nettoinnvandringa i siste kvartal var mindre enn året før.
Ein folkevekst på 62 100 personar kan ein samanlikna med at det budde 72 500 i Finnmark ved årsskiftet. Sett i høve til folketalet var folkeveksten 1,3 prosent i 2008. Dette er den høgste prosentvise auken sidan 1920, som er det einaste året etter 1900 med høgare prosentvis folkevekst enn i 2008.
Innflyttingsoverskottet frå utlandet (43 300) stod for 70 prosent av folkeveksten, og førte til at talet på kommunar med vekst i folketalet vart 269 i staden for 174, som det hadde vore utan dette overskottet. Det vart registrert 67 000 flyttingar til Noreg frå utlandet i 2008. Dette er 5 200 fleire enn i det førre toppåret, 2007.
I tillegg kjem dei som tek seg arbeid her i landet, og som er her i mindre enn seks månader. Dei vert ikkje registrerte som innflytta, og er derfor ikkje medrekna i folketalet.
I 2008 var det 23 600 flyttingar frå Noreg, noko som er 1 500 fleire enn førre året. Det var særleg mot slutten av året ein såg denne veksten.
Tal for folkemengd 1. januar 2009 ligg no føre fordelt etter kjønn og alder. Tal for kommunar, fylke og heile landet, ned til eittårige aldersgrupper for kvart kjønn, kan ein hente frå Statistikkbanken. Tabellar med tal for kjønn og utvalde aldersgrupper for kommunar, fylke og heile landet er tilgjengelege på denne nettsida . Meir om folkemengda blir publisert 12. mars. Totaltal for fødde, daude og flyttingar i 2008 finst no for kommunar, fylke og heile landet. Flyttetala kan ein dessutan få oppdelte på statsborgarskap, men då som eit oppdrag. Meir detaljert statistikk om fødde, daude og flyttingar (innanlandske og til og frå landet) vil vi publisere respektive 2. april, 16. april og 7. mai. Vi publiserer no hovudtal for skilsmisser, separasjonar og inngåtte ekteskap for kvart fylke og heile landet. Meir detaljerte opplysningar om emnet kjem i august. |
Fødselsoverskott på 18 800 - samla fruktbarheitstal på 1,96 - og vi kan leve lenge i landet
Det vart fødd 60 500 born her i landet i 2008, og 41 700 personar døydde. Sidan 1973 har talet på fødde berre vore høgare i 1990, 1991 og 1996. Ikkje sidan rundt 1980 har talet på daude vore lågare enn i åra 2004-2008.
Samla fruktbarheitstal for året 2008 er utrekna til 1,96. Dette er noko av det aller høgaste i Europa.
Ein gut som vart fødd i 2008 kan venta seg ein levealder på 78,31 år (opp frå 78,24 i 2007), medan ei jente kan venta seg 82,95 år (mot 82,66 i 2007). Dette er òg høgt i europeisk samanhang.
Samla fruktbarheitstal (SFT) vil seie gjennomsnittleg tal levandefødde born kvar kvinne kjem til å føde i heile den fødedyktige perioden hennar (15-49 år), dersom fruktbarheitsmønsteret i perioden (2008) varar ved og dødsfall ikkje skjer. |
Samanlikna med 2007 auka innflyttingsoverskottet frå utlandet med 3 700, til 43 300 personar. Det største overskottet stod polske statsborgarar for, med 12 000 fleire inn- enn utflyttingar. Etter det følgjer statsborgargruppene frå Tyskland, Sverige og Litauen, som kvar sytte for eit innflyttingsoverskott på mellom 3 500 og 2 400.
I alt kom det 14 200 polakkar til Noreg i fjor, om lag like mange som i 2007. Så seint som i 2003 kom det berre 600 polakkar til hit. Når det gjeld norske statsborgarar, flytta det 300 fleire frå Noreg enn til. I alt inn- og utvandra det folk med 175 ulike statsborgarskap i 2008.
Over 250 000 i Bergen - vert Møre og Romsdal neste?
Bergen passerte 250 000 innbyggjarar i 2008, og Kristiansand passerte 80 000. Mot slutten av 2009 er det mogleg at Møre og Romsdal kjem til å passere 250 000 innbyggjarar, men dette er uvisst fordi det er vanskeleg å seie korleis finansproblem, arbeidsløyse og talet på flyktningar vil slå ut i folketalet.
I 2008 auka folketalet mest i Oslo (15 000), Akershus (9 100), Rogaland (7 900) og Hordaland (7 000). Desse fire fylka stod for 63 prosent av folketilveksten i landet. Oslo og Akershus har no til saman 23 prosent av folkemengda i landet, medan Rogaland og Hordaland i alt har 18,5 prosent. Ikkje i noko fylke gjekk folketalet ned.
Størst fødselsoverskott i Oslo
Som i dei siste åra, var det fødselsoverskott i alle fylka i landet, sett bort frå Hedmark, Oppland og Telemark. Fødselsoverskottet var størst i Oslo, med 5 400 fleire fødde enn daude.
Størst samla flyttetap for Finnmark
Sogn og Fjordane og Finnmark hadde flyttetap i 2008 når ein ser på alle flyttingar under eitt. Dette tapet var størst for Finnmark, der det flytta 160 fleire personar ut enn inn. Samla innflyttingsoverskott var i 2008, som i dei siste åra, størst for Oslo, Akershus og Rogaland, men det var òg stort for Hordaland.
Innanlandske flyttingar
Østfold og Akershus hadde stor flyttevinst i høve til dei andre fylka i 2008. Den største flyttevinsten hadde Akershus, med 2 400 fleire flyttingar inn enn ut av fylket. Ti fylke hadde flyttetap til andre fylke. Dette var størst for Nordland, med 1 400, og Sogn og Fjordane, med 1 000. Sett i høve til folketalet hadde Finnmark med 900 det største innanlandske flyttetapet. Oslo og Rogaland hadde eit lite flyttetap.
Flyttevinst frå utlandet
Alle 19 fylka hadde - som vanleg dei seinare åra - ein flyttevinst frå utlandet. Størst var han i Oslo, med 10 000 fleire innflyttingar enn utflyttingar frå utlandet.
Ein nasjonal flyttevinst på i alt 43 300 vog mykje opp for det innanlandske flyttetapet i mange fylke, og for eit etter måten lite fødselsunderskott i tre fylke. Såleis fekk Oppland, på grunn av flyttevinsten frå utlandet, både innflyttingsoverskott totalt og ein samla folkevekst. Denne flyttevinsten frå utlandet gjorde òg at fylke som Møre og Romsdal, Nordland og Troms fekk ein samla flyttevinst i staden for eit flyttetap. Det same var det for Oslo og Rogaland.
Kommunane: Folketalet auka i 269 kommunar
Folketalet auka i 269 av dei 430 kommunane i landet i 2008( ti fleire enn i 2007) medan det gjekk ned i 156 kommunar. I tillegg til dei største byane og kommunane, hadde Ullensaker, med 1 200, ein stor vekst i folketalet. (Ullensaker hadde òg største innanlandske flyttevinsten av alle kommunane, med 770.) Største folketapet hadde Målselv med 113. Av dei 33 kommunane som hadde eit tap i høve til folketalet på om lag 1,5 prosent eller meir, var 21 i Nord-Noreg.
Som i tidlegare år er det i dei sentrale kommunane at folketalet aukar, medan dei mindre sentrale stroka gjerne har både flyttetap og fødselsunderskott.
Frisk sørvestleg havbris mot tunglynne i søraustlege skogar?
I alt 213 av kommunane hadde eit fødselsoverskott, medan 208 hadde eit fødselsunderskott. Største fødselsunderskottet hadde Eidskog, der det døydde 66 fleire enn det vart fødd. Av dei 20 kommunane med størst fødselsunderskott, er 12 i Hedmark og Oppland. Av dei ti med størst underskott, er ni i dei to fylka, og fem av dei i Sør-Hedmark.
Om ein òg ser på kommunane med størst fødselsunderskott i høve til folketalet, vil ein finne mange av dei etter måten mindre kommunane i Nord-Noreg på lista, saman med dei nemnde innlandskommunane.
Av dei 17 kommunane som hadde størst fødselsoverskott i høve til folketalet (0,9 prosent eller høgare), er sju av dei kommunar på Jæren.
Samla flyttevinst (288 i alt) | Innanlands flyttevinst (152 i alt) | Flyttevinst frå utlandet (420 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Oslo | 9 732 | Ullensaker | 768 | Oslo | 10 023 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | Bergen | 2 862 | Trondheim | 622 | Bergen | 2 515 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | Trondheim | 1 829 | Drammen | 600 | Stavanger | 1 686 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | Stavanger | 1 108 | Sørum | 387 | Trondheim | 1 207 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | Bærum | 1 084 | Bergen | 347 | Bærum | 987 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | Drammen | 1 007 | Fredrikstad | 336 | Sandnes | 789 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | Ullensaker | 978 | Røyken | 300 | Kristiansand | 753 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | Fredrikstad | 775 | Skien | 257 | Tromsø | 561 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | Kristiansand | 760 | Askøy | 254 | Asker | 538 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | Sandnes | 758 | ås | 211 | Haugesund | 461 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
Samla flyttetap (139 i alt) | Innanlands flyttetap (271 i alt) | Flyttetap til utlandet (5 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Målselv | -120 | Stavanger | -578 | Vefsn | -23 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | Vefsn | -98 | Oslo | -291 | Hjartdal | -4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | Kárájohka Karasjok | -79 | Narvik | -192 | Skaun | -4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | Lunner | -73 | Flora | -174 | Snåsa | -1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | Narvik | -68 | Bodø | -169 | Nordreisa | -1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | Eide | -63 | Alta | -139 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | Ullensvang | -61 | Målselv | -137 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | Gulen | -56 | ål | -133 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | Kvalsund | -49 | Harstad | -130 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | Lyngen | -48 | Hammerfest | -128 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsoverskott
(213 i alt) |
Fødselsoverskott i høve til folketalet/
1 000 (213 i alt) (landet = 3,97) |
Folketilvekst
(269 i alt) |
Folketilvekst i høve til folketalet/
1 000 (269 i alt) (landet = 13,1) |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Oslo | 5 395 | Unjárga Nesseby | 11,7 | Oslo | 14 991 | Bykle | 50,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||
2 | Bergen | 1 416 | Hå | 11,6 | Bergen | 4 305 | Sørum | 46,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||
3 | Trondheim | 1 233 | Time | 11,6 | Trondheim | 3 066 | Ullensaker | 44,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||
4 | Stavanger | 948 | Skodje | 11,5 | Stavanger | 2 024 | Hole | 42,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||
5 | Tromsø | 661 | Stordal | 11,2 | Bærum | 1 556 | Skodje | 40,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||
6 | Sandnes | 638 | Førde | 11,0 | Sandnes | 1 394 | Våler i østfold | 39,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||
7 | Bærum | 479 | Gjesdal | 10,4 | Drammen | 1 260 | Meland | 39,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||
8 | Kristiansand | 439 | Askøy | 10,3 | Tromsø | 1 227 | Flå | 38,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||
9 | Bodø | 360 | Fjell | 10,3 | Ullensaker | 1 204 | Søgne | 36,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||
10 | Drammen | 261 | Sandnes | 10,3 | Kristiansand | 1 190 | ås | 35,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsunderskott
(208 i alt) |
Fødselsunderskott i høve til folketalet/
1 000 (208 i alt) |
Folketap
(156 i alt) |
Folketap i høve til folketalet/
1 000 (156 i alt) |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Eidskog | -66 | Bjarkøy | -23,6 | Målselv | -113 | Kvalsund | -51,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||
2 | Grue | -54 | Ibestad | -17,9 | Vefsn | -82 | Ibestad | -47,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||
3 | østre Toten | -49 | Utsira | -14,2 | Kárájohka Karasjok | -80 | Snillfjord | -33,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||
4 | åsnes | -45 | Rømskog | -13,9 | Gulen | -73 | Mosvik | -32,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||
5 | Gran | -43 | Loppa | -12,7 | Ibestad | -71 | Gulen | -31,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||
6 | Hamar | -38 | Fosnes | -11,6 | Ullensvang | -64 | Hasvik | -28,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||
7 | Ringebu | -34 | Lierne | -11,5 | Bjugn | -64 | Kárájohka Karasjok | -27,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||
8 | Våler i Hedmark | -33 | Modalen | -11,1 | Porsanger Porsángu Porsanki | -59 | Tranøy | -26,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||
9 | Surnadal | -31 | Halsa | -10,8 | Røros | -57 | Røst | -25,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||
10 | Kongsvinger | -30 | Grue | -10,6 | Kvalsund | -57 | Valle | -25,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42