6296_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
6296
Folkeveksten framleis på høgt nivå
statistikk
2009-11-19T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring3. kvartal 2009

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Folkeveksten framleis på høgt nivå

Folketalet i Noreg voks med 17 100 personar i 3. kvartal. Drygt 60 prosent av veksten var innflyttingsoverskot frå utlandet. Fødselsoverskotet utgjorde 39 prosent av den samla veksten og gjekk opp frå 34 prosent i fjor. Talet på fødde var det høgaste sidan midten av 1970-talet.

Folketalet 1. oktober i år var 4 842 700. Folkeveksten på 17 100 er 800 mindre enn i fjor, men er den nest høgaste som er registrert i eit 3. kvartal. Denne veksten var dobbelt så stor som det han var i åra fram mot 2004.

Fødselsoverskot, nettoinnvandring og folketilvekst. 3. kvartal. 1987-2009

Fødselsoverskot, nettoinnvandring og folketilvekst. 1.-3. kvartal. 1987-2009

18 750 personar flytta til Noreg, og 8 350 flytta ut av landet i denne tremånadersperioden, noko som gav ei nettoinnvandring på 10 400. I 3. kvartal dei to førre åra var nettoinnvandringa respektive 11 900 og 11 600, medan ho i åra før var opp mot 6 000 på sitt høgaste. Det var 1 050 fleire som utvandra i 3. kvartal i år enn i fjor og 400 færre som innvandra i dette kvartalet.

Færre polske statsborgarar til Noreg

Det var 15 500 utalandske statsborgarar som flytta til landet i 3. kvartal, 800 færre enn i det same tidsrommet året før. 5 000 utalandske statsborgarar flytta frå Noreg i 3. kvartal, og det var 1 200 fleire enn frå juli til oktober i 2008. Nettoinnvandringa av utalandske statsborgarar gjekk slik sett ned med 2000 frå 2008.

Ser vi på året 2009 til no, er det framleis flest polske statsborgarar som kjem til Noreg. Talet på polakkar som flytta til Noreg, har likevel gått klårt ned frå i fjor til i år, frå 11 500 dei ni fyrste månadene av 2008 til 7 200 i den same perioden i 2009. Medan 1 400 polakkar flytta ut i dei tre fyrste kvartala i 2008, har 3 100 forlate Noreg til no i år. Nettoinnvandringa gjekk derfor ned med nesten 60 prosent, frå 10 100 i fjor til 4 100 i år. Prosentvis fall nettoinnvandringa av tyskarar like kraftig som frå Polen. For svenskane var derimot tala tilnærma uendra frå førre året. Søta bror utgjer dermed den nest største gruppa av innvandrarar som er komne hit til no i år.

Fleire islendingar flyttar til Noreg

Islandske statsborgarar utgjer no den sjette største gruppa av innvandrarane. Medan det var noko over 200 islendingar som flytta til Noreg i dei tre fyrste kvartala i fjor, er talet hittil i år 1 300. Vi kan illustrere denne auken gjennom eit tenkt døme der nordmenn flyttar til eit mange gongar større land.

1 300 islendingar svarar til 0,4 prosent av folketalet på øya.

Denne emigrasjonen kan vi samanlikne med ein situasjon der 19 000 norske statsborgarar ville ha reist frå Noreg til Tyskland.

Også frå Eritrea kom det langt fleire til no i år enn dei ni fyrste månadene i fjor. Innvandringa derifrå steig med 1 000, frå 400 i perioden januar-september førre året til 1 400 hittil i år. Frå dei andre landa i området - Etiopia og Somalia - var tala om lag uendra.

Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 1.-3. kvartal 2009

Mange fødde

Det vart født 16 400 born i 3. kvartal, 400 fleire enn i det same kvartalet i fjor. Dette er det høgaste talet på fødde som er registrert i noko kvartal. Vi må attende til midten av 1970-talet for å finne tilsvarande høge tal.

9 700 personar døydde i 3. kvartal, 200 færre enn i den same perioden i fjor. Fødselsoverskotet på 6 700 personar er 600, eller 10 prosent, høgare enn i det same kvartalet i 2008 , og i fjor var jamvel fødselsoverskotet 12 prosent høgare enn i 3. kvartal 2007. Hedmark var det einaste fylket med fødselsunderskot i 3. kvartal i år, der døydde det 35 fleire enn det vart født. Største fødselsoverskotet var i det same tidsrommet i Oslo, med 1 700 personar. Vestlandsfylka Rogaland og Hordaland hadde til saman eit fødselsoverskot på 1 900, slik at desse tre fylka i alt hadde meir enn helvta av fødselsoverskotet i heile landet i 3. kvartal 2009.

I dei tre fyrste kvartala i 2009 vart det født 47 400 born, medan talet på døde var 31 000. Fødselsoverskotet i perioden januar-september var dermed på 16 400, noko som er 800 høgare enn i den same perioden i fjor.

Størst folkevekst i sentrale strok

37 prosent av folkeveksten i 3. kvartal kom i Akershus og Oslo, medan 26 prosent vart registrert i Rogaland og Hordaland. I motsetnad til førre året gjekk ikkje folketalet ned i noko fylke i 3. kvartal i år.

Elleve fylke hadde innalandsk flyttetap i 3. kvartal

Alle fylka i landet hadde eit innflyttingsoverskot frå utlandet, høgast i Oslo med 2 000. I Akershus, Rogaland og Hordaland var overskotet på dryge 1 000. Åtte fylke hadde innalandsk flytteoverskot i perioden juli-september 2009, høgast i Hordaland med 550. Elleve fylke hadde innalandsk flyttetap i det same tidsrommet, høgast i Nordland med 400. Sett i høve til folketalet var det Sogn og Fjordane som hadde det største innalandske flyttetapet. Medan Oslo i 3. kvartal i fjor hadde eit innalandsk flyttetap på 70, hadde byen dei same månadene i år ein flyttevinst på 350.

Ser vi på dei tre fyrste kvartala av 2009, hadde Oslo det høgaste innflyttingsoverskotet frå utlandet med 4 000, men i fjor til same tid var overskotet på 8 600. Ti fylke hadde innalandsk flytteoverskot, høgast i Akershus med 1 600. Samstundes hadde ni fylke innalandsk flyttetap dei ni fyrste månadene i år. Høgast var talet i Nordland med 900. I høve til folketalet var det innalandske flyttetapet høgast i Finnmark og deretter Sogn og Fjordane.

Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet i prosent av folkemengda. 3. kvartal 2009

Folketalet voks i 293 kommunar i dei tre fyrste kvartala

Folketalet voks i 293 av kommunane i landet i dei tre fyrste kvartala, medan det gjekk ned i 133 kommunar. 4 av kommunane gjekk i balanse. Hadde det ikkje vore for innvandringa frå utlandet, hadde folketalet vakse i berre 184 kommunar i denne perioden, og gått ned i 240 av kommunane. Sett i høve til folketalet var det i mange kommunar i Rogaland og Hordaland at folketalet gjekk mest opp. Aller størst var auken i Austrheim i Hordaland. Stort tap i høve til folketalet hadde mange kommunar i dei nordlegaste fylka. Som i tidlegare år er det i dei sentrale kommunane at folketalet veks, medan dei mindre sentrale stroka gjerne har både flyttetap og fødselsunderskot. I tillegg til nokre av dei største byane hadde Akershus-kommunane Ullensaker ved Gardermoen og Skedsmo samt Sola i Rogaland den største innalandske flyttevinsten dei tre fyrste kvartala i år. Stavanger, som grensar til Sola, hadde så langt i år det største innalandske flyttetapet i landet. Dette syner at trenden frå fjoråret held fram for denne byen.

Og nokre stader var det fest

I Møre og Romsdal feira dei at dei runda 250 000 innbyggjarar i 3. kvartal, og i Trondheim at dei runda 170 000. Likeeins såg Randaberg nord for Stavanger, at innbyggjartalet voks til over 10 000.

Fødselsunderskot i mange innlandskommunar i dei tre fyrste kvartala

I alt 235 av kommunane hadde eit fødselsoverskot hittil i år, medan 183 hadde eit fødselsunderskot. Det største fødselsunderskotet i landet har Kongsvinger hatt med 54, og heile 8 av dei 10 kommunane med størst fødselsunderskot var i Hedmark. Fødselsunderskotet er likevel eit større problem i mange kommunar med få innbyggjarar langs kysten.

Dei 10 kommunane med størst og minst flyttevinst 1.-3. kvartal 2009
  Samla flyttevinst (312 i alt)   Innanlands flyttevinst (153 i alt)   Flyttevinst frå utlandet (406 i alt)  
1 0301 Oslo 4 351 1201 Bergen  859 0301 Oslo 4 017
2 1201 Bergen 2 208 0235 Ullensaker  353 1201 Bergen 1 349
3 1601 Trondheim 1 223 0301 Oslo  334 1103 Stavanger 1 166
4 1103 Stavanger  932 0231 Skedsmo  241 1601 Trondheim 1 023
5 0219 Bærum  659 0106 Fredrikstad  239 1102 Sandnes  555
6 0602 Drammen  630 0219 Bærum  214 1001 Kristiansand  450
7 1001 Kristiansand  564 0602 Drammen  211 0219 Bærum  445
8 0106 Fredrikstad  525 1124 Sola  210 0602 Drammen  419
9 0235 Ullensaker  494 1601 Trondheim  200 1504 ålesund  302
10 0231 Skedsmo  489 0101 Halden  185 0106 Fredrikstad  286
  Samla flyttetap (117 i alt)   Innanlands flyttetap (271 i alt)   Flyttetap til utlandet (15 i alt)  
1 1416 Høyanger -70 1103 Stavanger -234 1441 Selje -4
2 1922 Bardu -69 1102 Sandnes -143 1725 Namdalseid -3
3 1511 Vanylven -59 1901 Harstad -123 1915 Bjarkøy -3
4 1860 Vestvågøy -57 1922 Bardu -123 1657 Skaun -3
5 2011 Guovdageaidnu Kautokeino -56 1401 Flora -114 0631 Flesberg -3
6 1135 Sauda -40 1003 Farsund -103 0941 Bykle -3
7 2018 Måsøy -37 1221 Stord -101 0121 Rømskog -2
8 1441 Selje -36 1703 Namsos -97 1021 Marnardal -2
9 0834 Vinje -35 1416 Høyanger -97 Sju kommunar -1
10 2025 Deatnu Tana -35 1805 Narvik -96    
Dei 10 kommunane med størst og minst fødselsoverskott og folketilvekst 1.-3. kvartal 2009
  Fødselsoverskot (235 i alt)   Fødselsoverskot i høve til folketalet/1 000 (235 i alt) (Norge=3,4)   Folkevekst (293 i alt)   Folkevekst i høve til folketalet/1 000 (293 i alt) (Norge=9,0)  
1 0301 Oslo 4 466 1120 Klepp 11,0 0301 Oslo 8 817 1264 Austrheim 51,2
2 1201 Bergen 1 231 1119 Hå 10,3 1201 Bergen 3 439 1835 Træna 48,4
3 1601 Trondheim 1 011 1247 Askøy 9,6 1601 Trondheim 2 234 0234 Gjerdrum 35,0
4 1103 Stavanger  776 1432 Førde 9,5 1103 Stavanger 1 708 1233 Ulvik 32,0
5 1102 Sandnes  451 2011 Guovdageaidnu Kautokeino 9,4 0219 Bærum 1 083 0618 Hemsedal 31,1
6 1902 Tromsø  428 0234 Gjerdrum 9,3 1001 Kristiansand  942 1245 Sund 28,8
7 0219 Bærum  424 1827 Dønna 9,1 1102 Sandnes  863 1516 Ulstein 28,4
8 1001 Kristiansand  378 1142 Rennesøy 9,0 0602 Drammen  831 1120 Klepp 27,6
9 1804 Bodø  318 1245 Sund 8,8 0231 Skedsmo  710 1142 Rennesøy 27,5
10 1247 Askøy  235 1124 Sola og 1252 Modalen 8,5 1804 Bodø  689 1124 Sola 27,4
  Fødselsunderskot (183 i alt)   Fødselsunderskot i høve til folketalet/1 000 (183 i alt)   Folketap (133 i alt)   Folketap i høve til folketalet/1 000 (133 i alt)  
1 0402 Kongsvinger -54 1917 Ibestad -16,0 1511 Vanylven -77 2018 Måsøy -37,4
2 0425 åsnes -44 1867 Bø -15,2 1416 Høyanger -76 1144 Kvitsøy -36,9
3 1867 Bø -43 0432 Rendalen -14,9 1867 Bø -71 1818 Herøy -28,5
4 1228 Odda -41 1613 Snillfjord -13,2 2018 Måsøy -49 1915 Bjarkøy -27,8
5 0417 Stange -38 1227 Jondal -11,7 1860 Vestvågøy -49 1859 Flakstad -27,5
6 0423 Grue -36 1144 Kvitsøy -11,1 1135 Sauda -48 1749 Flatanger -26,5
7 0428 Trysil -31 1749 Flatanger -9,7 1818 Herøy -47 2024 Berlevåg -25,4
8 0418 Nord-Odal -30 1919 Gratangen -9,6 0620 Hol -46 1867 Bø -25,0
9 0432 Rendalen -30 2018 Måsøy -9,2 1851 Lødingen -43 1723 Mosvik -23,9
10 0420 Eidskog -28 1848 Steigen og 1874 Moskenes -9,0 1514 Sande -42 2015 Hasvik -22,7