6294_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
6294
Høgaste fødselstal på 37 år
statistikk
2010-02-18T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring4. kvartal 2009

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høgaste fødselstal på 37 år

I 2009 voks folketalet med 58 950, og ved årsskiftet var det registrert 4 858 200 busette i Noreg. Fødselsoverskotet stod for 35 prosent av veksten i folketalet, medan innvandringsoverskotet stod for 65 prosent. Ikkje sidan 1972 har det vore født fleire born i Noreg enn i 2009.

Fødselsoverskot, nettoinnflytting og folkevekst. Heile landet. 1951-2009

Sett i høve til folketalet var folkeveksten 1,2 prosent. Sidan 1900 har veksten berre vore høgare i prosent i åra 1920, 1946 og 2008.

Sjølv om innflyttingsoverskotet frå utlandet (38 600) var 4 700 mindre enn i 2008, bidrog det likevel til vekst i folketalet i mange kommunar. Som følgje av innvandringa auka innbyggjartalet i 300 kommunar i staden for 191 som det hadde vore utan dette overskotet. Det vart registrert 65 200 flyttingar til Noreg frå utlandet i 2009, 1 800 mindre enn året før. 26 550 flytta ut, 2 900 fleire enn i 2008.

Dei som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte som innflytta, og er difor ikkje medrekna i folketalet.

Tal for folkemengd 1. januar 2010 ligg no føre fordelt etter kjønn og alder. Tal for kommunar, fylke og heile landet, ned til eittårige aldersgrupper for kvart kjønn, kan ein hente frå Statistikkbanken. Tabellar med tal for kjønn og utvalde aldersgrupper for kommunar, fylke og heile landet er tilgjengelege på denne nettsida . Meir om folkemengda vert publisert 11. mars.

 

Totaltal for fødde, daude og flyttingar i 2009 finst no for kommunar, fylke og heile landet. Flyttetala kan ein dessutan få oppdelte på statsborgarskap, men då som eit oppdrag.

 

Meir detaljert statistikk om fødde, daude og flyttingar (innanlandske og til og frå landet) vil vi publisere respektive 8. april, 15. april og 6. mai.

 

Vi publiserer no hovudtal for skilsmisser, separasjonar og inngåtte ekteskap for kvart fylke og heile landet, sjå http://www.ssb.no/ekteskap . Meir detaljerte opplysningar om emnet kjem i august.

Fødselsoverskot på 20 350; samla fruktbarheitstal på 1,98

Det vart fødd 61 800 born her i landet i 2009, 1 300 fleire enn i 2008. 41 450 personar døydde, 250 mindre enn førre året. Talet på fødde er det høgaste sidan 1972, og på dei siste 100 åra har det vore høgare berre i nokre år kring fyrste verdskrigen, og deretter i åra frå 1944 til 1972. Ikkje sidan rundt 1980 har talet på daude vore lågare enn i åra 2004-2009. Fødselsoverskotet (fødde minus daude) på 20 350 har ikkje vore høgare sidan 1973.

Samla fruktbarheitstal for 2009 er utrekna til 1,98, noko som er av det aller høgaste i Europa. Talet var 1,96 i 2008 medan det på midten av 1980-talet varierte mellom 1,66 og 1,75.

Ein gut som vart fødd i 2009 kan venta seg ein levealder på 78,60 år (opp frå 78,31 i 2008), medan ei jente kan venta seg 83,05 år (mot 82,95 i 2008). Dette er òg høgt i europeisk samanhang.

Samla fruktbarheitstal (SFT) vil seie gjennomsnittleg tal levandefødde born kvar kvinne kjem til å føde i heile den fødedyktige perioden hennar (15-49 år), dersom fruktbarheitsmønsteret i perioden (2009) varar ved og dødsfall ikkje skjer.

Nettoinnvandring av utanlandske statsborgarar. Dei største gruppene. 2009

Framleis flest polakkar

Samanlikna med 2008 gjekk innflyttingsoverskotet frå utlandet ned med 4 700 til 38 600 personar. Det største overskotet stod polske statsborgarar for, med 6 900 fleire inn- enn utflyttingar. Dette er likevel ei halvering frå året før. Etter det følgjer statsborgargruppene frå Sverige og Litauen, som kvar seg sytte for eit innflyttingsoverskot på mellom 2 900 og 2 600.

Den europeiske innvandringa varierte i året

Inn- og utvandringa av europeiske statsborgarar endra seg mykje gjennom året i 2009. Medan innvandringa frå og med slutten av 2008 til og med 3. kvartal 2009 var mindre enn i same kvartal året før, endra det seg i 4. kvartal, slik at innvandringa då var større. Motsett var utvandringa kvartal for kvartal større enn året før, heilt til 4. kvartal då det utvandra færre enn i same kvartal 2008. Dette førte til at nettoinnvandringa frå Europa i 2009 var lågare enn i 2008 heilt fram til 4. kvartal, då nettoinnvandringa var 1 800 større enn i same kvartal 2008.

Inn-, ut- og nettoinnvandring av ikkje-norske europeiske statsborgarar. 2007-2009. Kvartal

Fire fylke stod for 60 prosent av folkeveksten

I 2009, som i 2008, voks folketalet mest i Oslo (11 400), følgd av Akershus, Hordaland og Rogaland. Desse fire fylka stod for 60 prosent av folkeveksten i landet. I Oslo og Akershus voks folketalet med 3 800 mindre enn det gjorde i 2008, medan det i Rogaland og Hordaland voks like mykje som førre året. Ikkje i noko fylke gjekk folketalet ned.

Som i dei siste åra, var det fødselsoverskot i alle fylka i landet, sett bort frå Hedmark, Oppland og Telemark. Fødselsoverskotet var størst i Oslo, med 5 900 fleire fødde enn daude.

Ikkje noko fylke hadde flyttetap i 2009 når ein ser på alle flyttingar under eitt. Eit slikt samla innflyttingsoverskot var i 2009, som i dei siste åra, størst for Oslo, Akershus, Hordaland og Rogaland.

Innanlandske flyttingar - Akershus var sigraren

Akershus og Østfold hadde den største flyttevinsten i høve til dei andre fylka i 2009. Til Akershus flytta det 2 600 fleire enn det flytta ut av fylket. Tolv fylke hadde flyttetap til andre fylke. Dette var størst for Nordland, med 1 100. Sett i høve til folketalet hadde Akershus og Østfold største flyttevinsten, medan Finnmark og Sogn og Fjordane hadde største innanlandske flyttetapet.

Flyttevinst frå utlandet vog opp

Alle 19 fylka hadde - som vanleg dei seinare åra - ein flyttevinst frå utlandet. Størst var han i Oslo, med 6 200 fleire innflyttingar enn utflyttingar frå utlandet, sjølv om det var ned frå 10 000 i 2008. Samla flyttevinst frå utlandet var 9 850 i Oslo og Akershus samla, og 8 400 i Rogaland og Hordaland samla. I alt stod desse fire fylka for mest helvta av den samla flyttevinsten frå utlandet til heile landet. Sett i høve til folketalet var det Sogn og Fjordane som hadde største flyttevinsten frå utlandet, medan Nord-Trøndelag hadde minste.

Ein nasjonal flyttevinst på i alt 38 600 vog mykje opp for det innanlandske flyttetapet i mange fylke, og for eit lite fødselsunderskot i tre fylke.

Fødselsoverskot, nettoinnflytting og folkevekst, etter fylke. 2009

Kommunane: Folketalet voks i 300 kommunar

Folketalet voks i 300 av dei 430 kommunane i landet i 2009 (31 fleire enn i 2008), medan det gjekk ned i 119 kommunar. I tillegg til dei største byane og kommunane, hadde Skedsmo og Ullensaker, med 2 000 samla, ein stor vekst i folketalet. Største folketapet hadde Høyanger følgd av Eidskog. Av dei 42 kommunane som hadde eit tap i høve til folketalet på meir enn 1 prosent, var 22 i Nord-Noreg.

Som i tidlegare år er det i dei sentrale kommunane at folketalet aukar, medan dei mindre sentrale stroka gjerne har både flyttetap og fødselsunderskot.

Stor skilnad på fødselsoverskotet i kommunane

I alt 224 av kommunane hadde eit fødselsoverskot, medan 196 hadde eit fødselsunderskot. Største fødselsunderskotet hadde Kongsvinger, der det døydde 62 fleire enn det vart fødd - følgd av dei tre nabokommunane Eidskog, Åsnes og Grue. Av dei 25 kommunane med størst fødselsunderskot, var 13 i Hedmark og Oppland.

Av dei 15 kommunane som hadde størst fødselsoverskot i høve til folketalet (1 prosent eller høgare), var 7 av dei i Rogaland.

Fødselsoverskot, innanlandsk nettoinnflytting og nettoinnvandring, etter fylke. 2009

Dei 10 kommunane med størst og minst flyttevinst
 
  Samla flyttevinst (324 i alt)   Innanlands flyttevinst (162 i alt)   Flyttevinst frå utlandet (414 i alt)  
 
1 Oslo 5 587 Bergen  905 Oslo 6 207
2 Bergen 2 974 Ullensaker  495 Bergen 2 069
3 Trondheim 1 403 Skedsmo  400 Stavanger 1 580
4 Stavanger 1 254 Fredrikstad  335 Trondheim 1 370
5 Bærum  975 Drammen  285 Sandnes  724
6 Drammen  907 Bærum  260 Bærum  715
7 Skedsmo  784 Sola  236 Kristiansand  652
8 Fredrikstad  734 Stjørdal  226 Drammen  622
9 Ullensaker  711 Halden  206 Asker  443
10 Kristiansand  705 Sørum  204 ålesund  419
             
 
  Samla flyttetap (99 i alt)   Innanlands flyttetap (261 i alt)   Flyttetap til utlandet (10 i alt)  
 
1 Høyanger og -67 Oslo -620 Marnardal og -4
2 Bardu -67 Stavanger -326 Selje -4
3 Guovdageaidnu Kautokeino -57 Narvik -130 Lom og -3
4 Flakstad -43 Flora -129 Namdalseid og -3
5 Selje -42 Bardu -128 Bjarkøy -3
6 Lødingen -40 Voss og -124 Granvin -2
7 Rana og -39 Harstad og -124 Flå og -1
8 Vestvågøy -39 Alta -124 Modalen og -1
9 Enebakk og -37 Farsund -122 Rindal og -1
10 Gol og Gildeskål -37 Vadsø -121 Evenes -1
 
Dei 10 kommunane med størst og minst fødselsoverskot og folkevekst. 2009
 
  Fødselsoverskott (224 i alt)   Fødselsoverskot i høve til folketalet /
1 000 (224 i alt) (landet = 4,24)
  Folkevekst (300 i alt)   Folkevekst i høve til folketalet /
1 000 (300 i alt) (landet = 12,28)
 
 
1  Oslo 5 871  Rennesøy 13,4  Oslo 11 385  Træna 74,7
2  Bergen 1 573  Klepp 12,9  Bergen 4 549  Austrheim 62,9
3  Trondheim 1 279  Førde 12,3  Trondheim 2 679  Ulstein 58,0
4  Stavanger 1 004  Hå 12,1  Stavanger 2 240  Hemsedal 46,1
5  Sandnes  596  Guovdageaidnu Kautokeino 11,8  Bærum 1 513  Gjerdrum 45,6
6  Tromsø  548  Sund 11,4  Sandnes 1 240  Rennesøy 37,8
7  Bærum  538  Sola 11,1  Kristiansand 1 186  Austevoll 34,9
8  Kristiansand  483  Askøy 10,8  Drammen 1 161  Klepp 34,7
9  Bodø  383  Tysvær 10,3  Skedsmo 1 055  Sola 34,2
10  Asker  281  Oslo og Birkenes 10,2  Ullensaker  950  Ullensaker 33,8
 
 
  Fødselsunderskot (196 i alt)   Fødselsunderskot i høve til folketalet /
1 000 (196 i alt)
  Folketap (119 i alt)   Folketap i høve til folketalet /
1 000 (119 i alt)
 
 
1  Kongsvinger -62  Ibestad -20,1  Høyanger -71  Bjarkøy -41,7
2  åsnes -55  Snillfjord -16,2  Eidskog -67  Hasvik -37,1
3  Eidskog -46  Rendalen -14,9  Lødingen -61  Flakstad -35,2
4  Grue -45  Bø i Nordland -14,4  Sunndal -58  Måsøy -32,1
5  Odda -45  Flatanger -12,3  Gildeskål -57  Mosvik -31,1
6  Stange -42  Steigen -12,0  Selje -53  Gildeskål -27,8
7  Bø -41  Bjarkøy -11,9  Flakstad -50  Kvitsøy -27,7
8  Trysil -40  Moskenes -11,6  Bø -49  Lødingen -27,2
9  Sunndal -38  Halsa -11,5  Steigen -46  Flatanger -26,5
10  Steigen -32  Solund -11,4  Surnadal -44  Ibestad -22,2