Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Det høgaste fødselsoverskotet på 36 år
I 1. kvartal 2010 voks folketalet med 15 000, og 1. april var det registrert vel 4 873 000 busette i Noreg. Folkeveksten i 1. kvartal var 2 100 høgare enn på same tid førre året. Forklaringa er dels høgare fødselsoverskot og dels at fleire innvandra enn i noko tidlegare startkvartal.
Innflyttingsoverskotet frå utlandet på 10 900 stod for tre firedelar av folkeveksten. Det vart registrert 19 100 flyttingar til Noreg frå utlandet i 1. kvartal, 2 500 fleire enn året før. Dette er det høgaste talet som nokosinne er registrert i 1. kvartal. 8 200 flyttingar frå Noreg var 1 250 fleire enn førre året, og dette er òg eit rekordtal. Nettoinnvandringa frå utlandet på 10 900 var den nest høgaste ein har sett i 1. kvartal. Berre i 2008 var talet høgare. Til samanlikning varierte talet i perioden 1990-2007 frå 100 til 7 500.
Talet på fødde - 15 000 - var 150 høgare enn året før, og ikkje sidan år 2000 har fleire kome til verda i 1. kvartal. Talet på døde var 10 900, heile 650 lågare enn året før. Med unntak av 2006 er dette det lågaste talet for 1. kvartal på 26 år. Fødselsoverskotet på 4 100 - som var 800 høgare enn i fjor - er det høgaste 1. kvartalstalet som er registrert sidan 1974.
Stadig fleire baltarar
For ein del av statsborgarskapa var det små endringar i innvandringstala. Såleis er det framleis flest polakkar som kjem, men nokre grupper skilde seg likevel ut, og vert omtala her.
Det kom 2 500 svenskar til Noreg i 1. kvartal. Dette er 850, eller 50 prosent, fleire enn på same tid i fjor. 900 svenskar flytta ut, og det gav ei nettoinnvandring på 1 600, mot 950 førre året. Det kom 1 800 litauiske statsborgarar til Noreg, dobbelt så mange som i same tidsrommet i fjor. Berre 300 litauarar flytta ut. Det gav ei nettoinnvandring på 1 500, mot berre 600 førre året.
Latviske statsborgarar var den fjerde største gruppa med nettoinnvandring i år og er for fyrste gong inne på lista over dei landa som dei fleste innvandrarane kjem frå.
Den islandske innvandringa har òg vakse, frå 250 dei tre første månadene i fjor til 400 hittil i år. Når det gjeld statsborgarar frå land der flukt er ei viktig utvandringsårsak, varierte utviklinga sterkt frå land til land. Såleis hadde Somalia ei dobling i nettoinnvandringa, frå 200 i 1. kvartal i fjor til 400 i år, medan Irak hadde ei halvering, frå 300 i perioden januar-mars i fjor til 150 i dei same månadene i år.
Folketalet voks i alle fylka unnateke Nord-Trøndelag
Fire fylke skilde seg ut med stor folkevekst i 1. kvartal. I Oslo og Akershus voks folketalet med til saman 5 300. Vestlandsfylka Rogaland og Hordaland hadde samla ein auke på 4 400. Desse fire fylka stod for 65 prosent av folkeveksten i landet, som dei òg gjorde førre året. Hedmark hadde minste folkeveksten med 60. Berre i Nord-Trøndelag gjekk folketalet ned, med 200.Denne nedgangen heng saman med utregistrering av polske statsborgarar frå Verran kommune, som hadde ei registrert utvandring på 200 personar
Størst fødselsoverskot i Oslo
Oslo stod nok ein gong i ei klasse for seg når det gjeld fødselsoverskot. Fødselsoverskotet for 1. kvartal, som i hovudstaden har lege på 1 300, stod for mest ein tredel av det samla fødselsoverskotet i landet. Men sett i høve til folketalet var fødselsoverskotet i Rogaland - 800 - mest like stort. Innlandsfylka Hedmark og Oppland, saman med Telemark og Nord-Trøndelag, hadde eit fødselsunderskot. I Hedmark var det likevel færre som døydde i 1. kvartal i år, slik at fødselsunderskotet berre var helvta så stort som i fjor. Noko liknande såg ein i Vestfold, slik at eit fødselsunderskot der i dei tre fyrste månadene i fjor vart til eit overskot i 1. kvartal i år.
Størst innanlandsk flyttetap nok ein gong i Nordland
Sju fylke hadde flyttevinst i 1. kvartal sett i høve til andre fylke. Fremst låg Akershus og Østfold med høvesvis 600 og 300. Tolv fylke hadde flyttetap til andre fylke, Nordland størst med 250. Sett i høve til folketalet hadde Finnmark det største innanlandske flyttetapet, fylgd av Sogn og Fjordane.
Flyttevinst frå utlandet i alle landsdelane
18 av fylka hadde - som vanleg dei seinare åra - ein flyttevinst frå utlandet. Einaste fylke som ikkje hadde det, var Nord-Trøndelag, men det heng saman med Verran kommune, som er nemnd tidlegare. Både i Oslo/Akershus samla og i Rogaland/Hordaland samla var flyttevinsten tett oppunder 3 000. I høve til folketalet hadde Rogaland og Finnmark det største overskotet. Flyttevinsten frå utlandet på i alt 10 900 vog mykje opp for fødselsunderskot og for innanlandske flyttetap i mange av fylka.
Folketalet voks i 268 kommunar
Folketalet voks i 268 av dei 430 kommunane i landet i 1. kvartal, medan det gjekk ned i 146 kommunar. I 16 kommunar var folketalet uendra. Sett ein bort frå dei fire største byane, hadde Sandnes, sør for Stavanger, den største veksten i folketalet, med 500 personar. Sett i høve til folketalet var det likevel i Sande i Møre og Romsdal at folketalet voks mest. Verran, som er nemnd fleire gonger, hadde eit folketap på 250. Største tapet av dei andre kommunane hadde nordlandskommunen Vefsn med 53. Men i høve til folketalet var det Rømskog i Østfold som hadde det største tapet.
Fødselsoverskot i mange Rogalands- og Hordalandskommunar
I alt 215 av kommunane hadde eit fødselsoverskot, medan 182 hadde eit underskot. Størst overskot i høve til folketalet hadde Fedje i Hordaland. Helvta av dei 30 kommunane med det største fødselsoverskotet i høve til folketalet ligg i Rogaland og Hordaland. Største fødselsunderskotet, 20 færre fødde enn døde, hadde Eidskog i Hedmark og Notodden i Telemark. Største fødselsunderskotet i høve til folketalet hadde Roan i Sør-Trøndelag, der ingen registreringar om fødde er mottekne i 1. kvartal, medan det var 15 som døydde.
Samla flyttevinst (287 i alt) | Innanlands flyttevinst (176 i alt) | Flyttevinst frå utlandet (377 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Oslo | 1 883 | Trondheim | 241 | Oslo | 1 914 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | Bergen | 938 | Bærum | 172 | Bergen | 792 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | Stavanger | 467 | Bergen | 146 | Stavanger | 640 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | Trondheim | 448 | Fredrikstad | 113 | Sandnes | 271 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | Sandnes | 321 | Halden | 104 | Trondheim | 207 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | Bærum | 305 | Porsgrunn | 97 | ålesund | 183 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | Tromsø | 227 | Ullensaker | 95 | Kristiansand | 181 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | Drammen | 226 | Sarpsborg | 94 | Drammen | 174 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | Fredrikstad | 213 | Horten | 78 | Tromsø | 169 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | Kristiansand | 207 | Haugesund | 74 | Asker | 153 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Samla flyttetap (134 i alt) | Innanlands flyttetap (238 i alt) | Flyttetap til utlandet (28 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Verran | -245 | Stavanger | -173 | Verran | -203 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | Stokke | -59 | ålesund | -76 | Stokke | -21 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | Vefsn | -57 | Flora | -66 | Løten | -7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | Porsanger Porsángu Porsanki | -37 | Vefsn | -62 | Berg | -7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | Malvik | -26 | Larvik | -58 | Os | -5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | Levanger | -26 | Vadsø | -54 | Lyngen | -5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | åmli | -23 | Porsanger Porsángu Porsanki | -43 | Nordreisa | -5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | Flora | -23 | Verran | -42 | Fyresdal | -4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | Kvæfjord | -23 | Levanger | -41 | Selbu | -4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | Verdal | -22 | Nedre Eiker | -40 | Værøy | -4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsoverskott (215 i alt) | Fødselsoverskott i høve til folketalet/ 1 000 (215 i alt) (landet = 0,8) |
Folkevekst (268 i alt) | Folkevekst i høve til folketalet/ 1 000 (268 i alt) (landet = 3,1) |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Oslo | 1 298 | Fedje | 5,1 | Oslo | 3 181 | Sande (Møre og Romsdal) | 26,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | Bergen | 326 | Berg | 4,3 | Bergen | 1 264 | Ulstein | 19,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | Trondheim | 268 | Audnedal | 4,2 | Trondheim | 716 | Træna | 18,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | Stavanger | 193 | Gjesdal | 4,1 | Stavanger | 660 | Hasvik | 18,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | Sandnes | 163 | Lærdal | 4,1 | Sandnes | 484 | Modalen | 17,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | Tromsø | 137 | Froland | 3,8 | Bærum | 424 | Hemsedal | 14,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | Bærum | 119 | Tjeldsund | 3,7 | Tromsø | 364 | Bjerkreim | 14,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | Kristiansand | 86 | Evenes | 3,7 | Kristiansand | 293 | Hattfjelldal | 13,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | ålesund | 70 | Sula | 3,3 | Asker | 267 | Lærdal | 12,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | Asker | 68 | Strand | 3,2 | Drammen | 249 | Hitra | 12,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsunderskott (182 i alt) | Fødselsunderskott i høve til folketalet/ 1 000 (182 i alt) |
Folketap (146 i alt) | Folketap i høve til folketalet/ 1 000 (146 i alt) |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Eidskog | -20 | Roan | -15,0 | Verran | -252 | Verran | -86,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | Notodden | -20 | Ulvik | -6,2 | Vefsn | -53 | Rømskog | -17,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | Trysil | -19 | Unjarga-Nesseby | -5,7 | Porsanger Porsángu Porsanki | -43 | Røst | -13,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | Odda | -17 | Namsskogan | -5,4 | Stokke | -34 | Roan | -12,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | Eidsberg | -16 | Granvin | -5,3 | Saltdal | -28 | Berg | -11,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | Fauske | -16 | Gratangen | -5,2 | Kvæfjord | -26 | Fyresdal | -10,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | Kongsvinger | -15 | Fyresdal | -5,1 | Nesset | -25 | Porsanger Porsángu Porsanki | -10,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | Roan | -15 | Leka | -5,1 | Eidskog | -23 | åmli | -10,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | Fredrikstad | -14 | Dyrøy | -4,9 | Trysil | -23 | Røyrvik | -10,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | østre Toten og Holmestrand | -14 | Utsira | -4,6 | Meldal og Orkdal | -23 | Ulvik | -9,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Meir om polakkane i VerranDet kan ha vore feilregistreringar i talet på busette i 1724 Verran kommune. Det er dermed uvisst om dei - framfor alt polske - statsborgarane som særleg frå 2007 har vore registrerte som busette i kommunen, i røynda har heldt til der. Tala som no vert publiserte, tyder på at desse no er registrerte som flytta ut frå kommunen, dei fleste til utlandet, men nokre òg til andre stader i Noreg. |
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42