Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Folketalet auka med 14 700 i 2. kvartal
Folketalet i Noreg auka med 14 700 i 2. kvartal 2010, til 4 888 000 busette. Fødselsoverskottet var på 5 900 og nettoinnvandringa på 8 800. Alle fylka hadde folketilvekst i denne perioden.
Etter ein nedgang i folketilveksten i 2. kvartal 2009 var veksten på veg opp igjen i 2. kvartal 2010. Nettoinnvandringa låg i perioden april-juni i år vel 1 000 under nivået frå 2. kvartal 2008, som var eit år med rekordhøg innvandring. Talet på fødde i 2. kvartal i år fall litt sett i høve til same kvartalet i fjor, medan det døydde om lag like mange som i same perioden året før.
Sett i høve til folketalet var folkeveksten høgast i Akershus og Rogaland som hadde ein auke på respektive 2 400 og 1 900 personar. Den relative veksten var derimot lågast i Finnmark med 26 personar.
Litt færre fødde
Etter ein auke i 2. kvartalstala for fødslar sidan 2002 gjekk talet på fødslar tilbake frå 16 200 i 2009 til 15 700 i 2. kvartal 2010. Talet på døde låg på same nivået som i perioden april-juni i fjor, med 9 800 personar.
Fødselsoverskott i alle fylka unnateke Hedmark og Oppland
Det blei født fleire enn det døydde i alle fylka unnateke Hedmark og Oppland i 2. kvartal 2010. Av dei 50 kvartala som har gått sidan 1997, har Hedmark hatt fødselsunderskott i 43 kvartal og Oppland i 38. Oslo hadde høgast fødselsoverskott med 1 600 fleire fødde enn døde. Også sett i høve til folketalet var fødselsoverskottet høgast i Oslo med 2,8 per 1000 innbyggjarar. Etter Oslo fylgde Rogaland og Hordaland med høgast fødselsoverskott sett i høve til folketalet. Oslo og Akershus samla hadde 41 prosent av fødselsoverskottet for landet, noko som er om lag som gjennomsnittet for perioden 2000-2010.
Mange innvandra og mange utvandra
I 2. kvartal 2010 vart det registrert 15 300 innvandringar, det vil seie 2 100 fleire enn same perioden året før. Samstundes var det ei rekordhøg utvandring på 6 400. Dette ga den nest største nettoinnvandringa registrert i noko 2. kvartal.
Flest polakkar innvandra
Sidan i fjor har innvandringa av polske statsborgarar i 2. kvartal auka frå 2 030 til 2 430, mens utvandringa har gått ned frå 1 010 til 810. Nettoinnvandringa av polske statsborgarar har dermed auka frå 1 020 i 2. kvartal 2009 til 1 620 i same tidsrommet i 2010. Det er likevel mykje mindre enn nettoinnvandringa på drygt 7 000 polakkar i 2. kvartal 2008. Nettoinnvandringa av statsborgarar frå Litauen auka frå 510 i 2. kvartal 2009 til 1 370 i tilsvarande kvartal 2010, som er høgare enn nettoinnvandringa i 2. kvartal i rekordåret 2008. Registrert nettoinnvandring av svenskar har gått tilbake sidan 2008 og var 320 i 2. kvartal 2010.
Alle fylka opplevde flytteoverskott frå utlandet. Størst var det i Oslo og Hordaland med høvesvis 1 500 og 1 000 personar. I høve til folketalet var nettoinnvandringa høgast i Oslo, fylgd av Sogn og Fjordane.
Første halvår 2010 flytta 34 400 personar frå utlandet til Noreg, som er 4 700 fleire enn i same perioden i 2009. 14 700 personar flytta i dette tidsrommet frå Noreg, 1 500 fleire enn i same perioden i fjor. Innflyttingsoverskottet for heile landet blei 19 700 i første halvår, 3 200 høgare enn i første halvparten av fjoråret.
Størst innanlands flyttevinst for Akershus og Østfold
I 2. kvartal 2010 hadde ti fylke positiv flyttebalanse i høve til resten av landet. Høgast var dette overskottet i Akershus med 800 og Østfold med 500. Ni fylke hadde negativ innanlandsk flyttebalanse. Dette flyttetapet var høgast i Oslo med 1 100 og Sør-Trøndelag med 300.
Folketalet voks i over 300 kommunar
Folketalet voks i 303 kommunar i 2. kvartal, medan det gjekk ned i 113 kommunar. I 2009 var det 268 kommunar med vekst og 146 med tap. Oslo hadde størst vekst i folketalet i 2. kvartal 2010, fylgd av Bergen og Stavanger. Sett i høve til folketalet var veksten størst i dei små kommunane Bygland i Setesdal, Finnøy ved Stavanger og Herøy i Nordland. Det relative tapet var derimot størst i dei små kommunane Træna i Nordland, Kvalsund i Finnmark og Berg i Troms. Lillehammer hadde størst tap i absolutte tal.
Samla flyttevinst (302 i alt) | Innanlands flyttevinst (210 i alt) | Flyttevinst frå utlandet (373 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Oslo | 406 | Fredrikstad | 265 | Oslo | 1 473 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | Fredrikstad | 345 | Skien | 166 | Bergen | 542 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | Skien | 245 | Os | 115 | Stavanger | 270 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | Bærum | 236 | ås | 112 | Bærum | 149 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | Drammen | 225 | Arendal | 100 | Kristiansand | 142 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | Sandnes | 186 | Askøy | 93 | Drammen | 138 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | Arendal | 176 | Røyken | 90 | Sandnes | 133 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | Ullensaker | 154 | Ullensaker | 88 | Trondheim | 102 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | Ski | 149 | Bærum | 87 | ålesund | 91 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | Skedsmo | 149 | Drammen | 87 | Skedsmo | 87 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Samla flyttatap (121 i alt) | Innanlands flyttetap (203 i alt) | Flyttetap til utlandet (34 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Trondheim | -277 | Oslo | -1 067 | Meløy | -21 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | Lillehammer | -46 | Bergen | -489 | Mandal | -16 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | Bardu | -45 | Trondheim | -379 | Sør-Odal | -8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | Bamble | -40 | Stavanger | -176 | Ulvik | -7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | Volda | -37 | Lillehammer | -79 | Berg | -7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | Nesodden | -34 | Kristiansand | -67 | Bø | -6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | Nome | -28 | Bodø | -57 | Fjaler | -6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | Fjaler | -24 | Volda | -55 | Oppdal | -6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | Gjemnes | -24 | Bardu | -55 | Vågå | -5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | Selbu | -23 | Nesodden og Bamble | -54 | Levanger og Røst | -5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsoverskot (251 i alt) | Fødselsoverskot i høve til folketalet / 1 000 (251 i alt) (landet = 1,2) | Folkevekst (303 i alt) | Folkevekst i høve til folketalet / 1 000 (303 i alt) (landet = 3,0) | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Oslo | 1 635 | Utsira | 9,2 | Oslo | 2 041 | Bygland | 18,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | Bergen | 448 | Iveland | 5,5 | Bergen | 501 | Finnøy | 16,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | Trondheim | 347 | Rælingen | 4,6 | Stavanger | 391 | Herøy (Nordland) | 15,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | Stavanger | 297 | Gáivuotna Kåfjord | 4,6 | Fredrikstad | 387 | Leka | 15,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | Tromsø | 192 | Hå | 4,4 | Sandnes | 355 | Torsken | 14,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | Sandnes | 169 | Lurøy | 4,2 | Drammen | 330 | Røyrvik | 14,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | Drammen | 105 | Klæbu | 4,0 | Bærum | 322 | Frosta | 14,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | Kristiansand | 105 | Tranøy | 3,9 | Skien | 296 | Aurland | 13,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | Bærum | 86 | Førde | 3,6 | Skedsmo | 235 | Eide | 12,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | Skedsmo | 86 | Time og Naustdal | 3,4 | Ullensaker | 223 | Hitra | 12,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsunderskot (155 i alt) | Fødselsunderskot i høve til folketalet / 1 000 (155 i alt) | Folketap (113 i alt) | Folketap i høve til folketalet / 1 000 (113 i alt) | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Nord-Odal | -15 | Rømskog | -7,4 | Lillehammer | -58 | Træna | -16,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | åsnes | -14 | Gamvik | -5,9 | Bardu | -38 | Kvalsund | -15,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | østre Toten | -13 | Berlevåg | -5,7 | Bamble | -37 | Berg | -13,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | Søndre Land | -13 | Moskenes | -5,3 | Volda | -32 | Bjarkøy | -12,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | Vågan | -13 | Dyrøy | -4,9 | Nome | -25 | Lierne | -11,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | Halden | -12 | Osen | -4,8 | Verran | -25 | Lebesby | -11,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | Lillehammer | -12 | Flå | -4,0 | Meløy | -24 | Modalen | -11,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | Hol | -12 | Træna | -4,0 | Sokndal | -22 | Måsøy | -10,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | Sunndal | -12 | Kvitsøy | -3,8 | Gjemnes | -22 | Kvænangen | -9,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | Trysil og Askvoll | -11 | Askvoll | -3,7 | Selbu | -22 | Namsskogan | -9,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42