6380_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
6380
Folketalet runda 4,9 millionar i 3. kvartal
statistikk
2010-11-18T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring3. kvartal 2010

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Folketalet runda 4,9 millionar i 3. kvartal

Vi er no 4 908 100 personar i Noreg. Folketilveksten var høgare i 3. kvartal 2010 enn nokon gong tidlegare, og det er innvandringa som er årsaka.

Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 3. kvartal 2010

Fødselsoverskot, nettoinnvandring og folketilvekst, 3. kvartal. 1987-2010

Etter nedgang i folketilveksten dei siste tre kvartala auka folketalet med heile 20 200, eller 0,41 prosent, i 3. kvartal. Folketilveksten på 20 200 i dette eine kvartalet var høgare enn den har vore i noko kvartal tidligare. Det er auka innvandring som er hovudårsaka til veksten. Innvandringa frå utlandet var 23 100, som er det høgaste talet i eit kvartal nokon gong.

Framleis flest polakkar innvandra

Polakkane og svenskane ligg øvst på lista over utanlandske statsborgarar som innvandra, med respektive 2 900 og 2 100 flyttingar til Noreg. Dei er fylgde av litauarar. Då det samstundes var mange svenskar som utvandra, er det polakkane og litauarane som toppar lista over nettoinnvandring.

Dei ti kommunane med høgast og dei ti kommunane med lågast nettoinnflytting per 1 000 innbyggjarar. 1.-3. kvartal 2010

Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet i prosent av folkemengda. 3. kvartal 2010

Dei to siste åra har fleire utvandra enn tidlegare. 1 000 fleire utvandra i 3. kvartal i år enn i same kvartal i fjor. Sidan innvandringa har auka mykje meir enn utvandringa, er nettoinnvandringa no større enn i 2007 og 2008, som var førre historiske topp i nettoinnvandring.

Framleis mange fødde

Talet på fødde minka så vidt i 3. kvartal i høve til 3. kvartal i fjor, men ligg framleis på eit høgt nivå med over 16 000. Det same gjeld for dei tre fyrste kvartala i år samla. Oslo og Rogaland hadde det største fødselsoverskotet av fylka i 3. kvartal, medan Hedmark og Oppland hadde fødselsunderskot.

Det er kommunane med dei største byane som har dei største fødselsoverskota i absolutte tal, medan fødselsoverskottet relativt sett er høgast i Rogalandskommunane og på Vestlandet elles. På Austlandet er det berre Rælingen kommune som er inne på topp 10-lista med 9,4 fødde barn per 1 000 innbyggjarar.

Talet på døde har vore relativt stabilt sidan 2004.

Folketalet voks i 2621 kommunar og gjekk ned i 1611 kommunar i 3. kvartal.

Dei ti kommunane med høgast og dei ti kommunane med lågast fødselsoverskot per 1 000 innbyggjarar. 1.-3. kvartal 2010

Dei ti kommunane med høgast og dei ti kommunane med lågast folketilvekst per 1 000 innbyggjarar. 1.-3. kvartal 2010

Størst flytteoverskot i Oslo

Oslo hadde størst flytteoverskot, med 3 200 i 3. kvartal, når ein ser alle flyttingane under eitt, både innanlandske og flyttingar til/frå utlandet. Bortimot ein fjerdepart av alle som innvandra i 3. kvartal i år, kom til Oslo. Etter Oslo var det fylka Sør-Trøndelag og Aust-Agder som hadde størst samla flyttoverskot sett i høve til folketalet. Alle fylka, bortsett frå Troms, som hadde ei nettoutflytting på 20, hadde flytteoverskot i 3. kvartal.

Det innanlandske flytteoverskotet, sett i høve til folketalet, var størst i Sør-Trøndelag, Østfold, Aust-Agder og Oslo. Troms var fylket som hadde størst flyttetap, fylgt av Sogn og Fjordane og Nordland.

1 Tallet er rettet 18. november 2010 kl 14.35.

Tabeller:

 Eldre tabeller