53391_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
53391
Rekordstor innvandring gir høg folketilvekst
statistikk
2011-02-24T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring4. kvartal 2010

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordstor innvandring gir høg folketilvekst

Ved årsskiftet var det registrert 4 920 300 busette i Noreg, ein befolkningstilvekst på 62 100 personar, eller 1,3 prosent, i 2010. Innvandringsoverskotet stod for 68 prosent og fødselsoverskotet for 32 prosent av tilveksten.

Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 2010

Fødselsoverskot, nettoinnflytting og folkevekst. Heile landet. 1951-2010

Folketilveksten auka igjen i 2010 etter ein liten nedgang i 2009. Sett i høve til folketalet var folketilveksten 1,3 prosent. Sidan 1900 har veksten berre vore høgare i prosent i åra 1920 og 2008.

Nettoinnflyttinga frå utlandet auka med 3 700, eller 9,6 prosent frå 2009 til 2010 og 409 kommunar hadde flytteoverskot frå utlandet. Det vart registrert 73 850 flyttingar til Noreg frå utlandet i 2010, ein auke på 13,3 prosent. 31 500 flytta frå landet, og det er om lag 5 000 fleire personar enn førre året.

Dei som er i landet kortare enn seks månader, vert ikkje registrerte som innflytta, og er difor ikkje medrekna i folketalet.

Tal for folkemengd 1. januar 2011 ligg no føre fordelt etter kjønn og alder. Tal for kommunar, fylke og heile landet, ned til eittårige aldersgrupper for kvart kjønn, kan ein hente frå Statistikkbanken .

 

Tabellar med tal for kjønn og utvalde aldersgrupper for kommunar, fylke og heile landet er tilgjengelege i Befolkningsstatistikk. Folkemengd etter alder, kjønn, sivilstand og statsborgarskap . Meir om folkemengda vert publisert 10. mars.

 

I tilegg til tala for fødde, døde og flyttingar for kommunar, fylke og heile landet, som ein finn i tabell 2 i denne statistikkfrigjevinga, kan ein dessutan få flyttetala oppdelte på statsborgarskap, men då som eit oppdrag.

 

Meir detaljert statistikk om fødde, døde og flyttingar (innanlandske og til og frå landet) vil vi publisere respektive 7. april, 14. april og 5. mai.

 

Vi publiserer no hovudtal for skilsmisser, separasjonar og inngåtte ekteskap for kvart fylke og heile landet, sjå Befolkningsstatistikk. Ekteskap og skilsmisser . Meir detaljerte opplysningar om emnet kjem i august.

Litt lågare fruktbarheit, men framleis vekst i levealderen

Det vart fødd 61 442 born i 2010, 365 færre enn i 2009. 41 500 personar døydde, 50 fleire enn i 2009.

Samla fruktbarheitstal for året 2010 er 1,95, medan talet var 1,98 i 2009 og varierte mellom 1,66 og 1,75 på midten av 1980-talet.

Ein gut som vart fødd i 2010, kan venta seg ein levealder på 78,85 år (opp frå 78,60 i 2009), medan ei jente kan venta seg 83,15 år (mot 83,05 i 2009). Dette er òg høgt i europeisk samanhang.

Samla fruktbarheitstal (SFT) vil seie gjennomsnittleg tal på levandefødde born kvar kvinne kjem til å føde i den fødedyktige perioden 15-49 år, dersom fruktbarheitsmønsteret i 2010 varar ved og ingen kvinner døyr før dei er femti år.

Høg del arbeidsinnvandrarar

Nettoinnflyttinga frå utlandet auka frå 38 600 i 2009 til 42 350 i 2010 og er om lag like høg som i 2008. Det største overskotet står statsborgarar frå Polen, Litauen og Sverige for, og dei er i hovudsak arbeidsinnvandrarar. Dernest kjem statsborgarar frå Eritrea, Latvia og Afghanistan. Mange kjem og frå Somalia. Om ein ser på statsborgarar frå dei landa som hadde størst innvandring til Noreg, var det flest svenskar som reiste frå landet, 56 prosent, og færrast latviske statsborgarar som reiste, berre 1 prosent.

Nettoinnflytting. Innanlandsk og frå utlandet. 4. kvartal 2010. Prosent

Folketilvekst. Kommune. 2010

Oslo på toppen i folketilvekst i 2010

Oslo hadde størst folketilvekst i 2010, med 2,1 prosent, og passerte truleg 600 000 i januar 2011. Det er både den store innvandringa frå utlandet og det høge fødselsoverskotet som ga den høge folketilveksten i Oslo.

Rogaland og Akershus voks og snøgt i 2010, med høvesvis 1,9 og 1,7 prosent. I Akershus var det særleg kommunane rundt Gardermoen som hadde stor vekst, med høg nettoinnflytting og stort fødselsoverskot. 2 500 fleire flytta til enn frå fylket i 2010.

Østfold, med mange kommunar i pendlaravstand frå Oslo, har og høgt flytteoverskot frå resten av landet. Folketalet auka i alle fylka, men Finnmark og Troms hadde størst innanlandsk flyttetap.

Akershus på flyttetoppen i 4. kvartal

Høgast prosentvis innanlandsk flytteoverskot hadde Akershus i 4. kvartal med 0,14 prosent av folketalet ved inngangen til kvartalet, mens Finnmark i same kvartal hadde den høgaste nettoinnflyttinga frå utlandet jamført med folketalet, med 0,28 prosent, fylgt av Møre og Romsdal og Oslo med 0,27 og 0,26 prosent.

Den høgaste folketilveksten i kvartalet hadde Oslo, med 0,39 prosent, mens Telemark hadde den lågaste, med berre 0,05 prosent. I Hedmark finn vi det største fødselsunderskotet, fylgt av Oppland og Telemark, mens Oslo og Rogaland hadde det største overskotet også i 4. kvartal.

Kommunane Osen, Kvitsøy og Skaun hadde prosentvis høgast fødselsoverskot, mens vi nedst på oversikta finn Utsira, Engerdal og Etnedal med størst fødselsunderskot.

Tabeller:

 Eldre tabeller