Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Med raske skritt mot 5 millionar
Det var registrert vel 4 937 000 busette i Noreg 1. april 2011. Folketalet voks med 17 000 i 1. kvartal. Om veksten held fram på same vis, vil vi runda fem millionar innbyggjarar mellom februar og april neste år.
Folkeveksten i 1. kvartal var 2 000 høgare enn på same tid førre året. Dersom veksten vert like stor som i 2010, vil vi nå fem millionar i april, men dersom veksten i resten av 2011 skulle halde fram med å vere like mykje større enn førre året som han var det i 1. kvartal, vil det kunne skje allereie i februar månad. Mest sannsynleg er det at det skjer i april.
Innflyttingsoverskotet frå utlandet stod for fire femdelar av folkeveksten
Det vart registrert 22 300 flyttingar til Noreg frå utlandet i 1. kvartal, 3 200 fleire enn året før. Dette er det høgaste talet som nokosinne er registrert i eit 1. kvartal. 8 900 flyttingar frå Noreg er òg eit rekordtal. Nettoinnvandringa frå utlandet (innvandring minus utvandring) på 13 400 var den høgaste ein har sett i noko 1. kvartal. Til samanlikning varierte talet frå 100 til 7 500 i perioden 1990-2007.
Talet på fødde var 14 400, på same nivå som det har vore sidan 1988. Talet på døde var 10 800, og var det lågaste sidan 1984 med unntak av 2006. Sjøl om fødselsoverskotet på 3 500 var lågare enn i fjor, var det høgare enn det har vore i gjennomsnitt sidan 1988.
Auke frå Polen, Litauen og Sverige
Av dei som innvandra til Noreg i 1. kvartal, og som ikkje var norske statsborgarar, hadde 77 prosent eit europeisk statsborgarskap. 7 300 eller mest helvta av desse kom frå Polen og Baltikum, opp frå 6 100 førre året. Frå Polen og Litauen kom det fleire innvandrarar enn førre året, medan talet på latviarar var noko lågare og estlendarar det same. Utvandringa av polske statsborgarar gjekk i år ned, slik at det var ein stor vekst i nettoinnvandringa frå 1 900 førre året til 3 050 i år.
Talet på svenske statsborgarar som innvandra steig mest, opp frå 2 500 førre året til 4 000 i år. Talet for i år er spesielt høgt, mellom anna av di om lag 1 000 fleire svenskar vart registrerte som busette i januar i år enn i fjor, i samband med endra rutinar for mottak av skattekort.
Når det gjeld statsborgarar frå land der flukt er ei viktig utvandringsårsak, vert dei registrerte som innvandra når dei får opphaldsløyve. Statistikken seier difor ikkje noko om når desse flyktningane reint faktisk kom til landet, men at dei vart registrert busette i 1. kvartal. Såleis hadde Eritrea mest ei dobling i nettoinnvandringa frå 400 i 1. kvartal i fjor til 700 i år. Somalia og Afghanistan hadde ei nettoinnvandring på 300 kvar seg.
Folketalet voks i alle fylka, men i ulik grad
To fylke skilde seg ut med stor folkevekst i 1. kvartal. I Oslo og Akershus voks folketalet med til saman 8 100, mest halve veksten i heile landet. Vestlandsfylka Rogaland og Hordaland hadde samla ein vekst på 3 000, men det var 1 400 mindre enn førre året, og på same nivå som i 2007. Telemark og Finnmark hadde minst folkevekst.
Størst fødselsoverskot i Oslo
Oslo hadde eit fødselsoverskot på 1 300 i 1. kvartal, meir enn ein tredel av det samla fødselsoverskotet i landet. Men sett i høve til folketalet var fødselsoverskotet i Rogaland, på 700, mest like stort. Innlandsfylka Hedmark og Oppland, saman med Telemark, Nordland og Finnmark, hadde eit fødselsunderskot. I heile 15 av fylka var fødselsoverskotet lågare i år enn førre året.
Oppland hadde eit underskot på 160 i år. Både vart det fødd færre, samt at fleire døydde i dette fylket. Det same, om enn ikkje i så stor grad, såg ein i sju andre fylke. Størst fødselsunderskot hadde Hedmark med 180.
Størst innalandsk flyttetap nok ein gong i Nordland
13 fylke hadde flyttetap til andre fylke, Nordland størst med 250. Sett i høve til folketalet hadde Finnmark det største innalandske flyttetapet, følgt av Sogn og Fjordane, som førre året.
Seks fylke hadde flyttevinst sett i høve til andre fylke i 1. kvartal. Først låg Oslo og Akershus med høvesvis 900 og 300.
Flyttevinst frå utlandet i alle fylka
Alle fylka hadde ein flyttevinst frå utlandet. I Oslo og Akershus samla var flyttevinsten på 5 100, meir enn 2 000 høgare enn førre året. I Rogaland og Hordaland samla var han på 1 900, noko som var 1 000 lågare enn i 2010. I høve til folketalet hadde òg Oslo det største overskotet. Flyttevinsten frå utlandet vog mykje opp for fødselsunderskot og for innalandsk flyttetap i mange av fylka.
Folketalet voks i 269 kommunar
Folketalet voks i 269 av av dei 430 kommunane i landet i 1. kvartal, medan det gjekk ned i 149 kommunar. I 12 kommunar var folketalet uendra. Sett bort frå dei fire største byane, hadde Bærum den største veksten i folketalet, med 430 personar. Sett i høve til folketalet var det likevel i Modalen i Hordaland at folketalet voks mest. Fire av dei åtte kommunane med størst vekst sett i høve til folketalet, låg i Buskerud. I høve til folketalet var det Bjarkøy i Troms som hadde det største folketapet.
Framleis stort fødselsoverskot i mange Rogalands- og Hordalandskommunar
I alt 196 av kommunane hadde eit fødselsoverskot, 19 færre enn førre året. 214 hadde eit underskot. Størst overskot i høve til folketalet hadde Hemsedal i Buskerud. Om lag helvta av dei 20 kommunane med det største overskotet i høve til folketalet ligg i Rogaland og Hordaland. Størst fødselsunderskot hadde Hamar i Hedmark og Gjøvik i Oppland. Størst underskot i høve til folketalet hadde Hasvik i Finnmark.
Samla flyttevinst (276 i alt) | Innanlands flyttevinst (156 i alt) | Flyttevinst frå utlandet (381 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Oslo | 4 524 | Oslo | 886 | Oslo | 3 638 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | Bergen | 607 | Trondheim | 195 | Bergen | 482 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | Trondheim | 454 | Tønsberg | 129 | Stavanger | 361 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | Bærum | 350 | Bergen | 125 | Bærum | 320 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | Tromsø | 252 | Hamar | 91 | Trondheim | 259 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | Tønsberg | 243 | Tromsø | 89 | Fredrikstad | 192 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | ålesund | 236 | Sola | 81 | Ullensaker | 182 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | Stavanger | 212 | Sørum | 80 | Drammen | 176 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | Ullensaker | 196 | Sandefjord | 73 | ålesund | 174 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | Fredrikstad | 182 | øvre Eiker og Lier | 70 | Tromsø | 163 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Samla flyttetap (143 i alt) | Innanlands flyttetap (265 i alt) | Flyttetap til utlandet (30 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nøtterøy og Sauherad | -20 | Larvik og Kristiansund | -44 | Seks kommunar | -1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Høyanger, Fauske, Karlsøy og Lyngen | -21 | Sunndal | -47 | Sju kommunar | -2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sunndal | -23 | ås | -48 | Fem kommunar | -3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Leirfjord | -24 | Voss | -50 | Vaksdal og Austrheim | -4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Holmestrand, Verdal og Bø (Nordland) | -26 | Alta | -51 | Aremark, Etne og Værøy | -5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kvæfjord | -27 | Haugesund | -55 | Gjemnes | -6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nordreisa | -28 | Malvik | -61 | Herøy og Verran | -7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ulstein | -31 | Ringerike | -62 | Stange og Leirfjord | -9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fjaler | -35 | Nittedal | -73 | Bø (Nordland) | -14 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Malvik | -40 | Stavanger | -149 | Fjaler | -32 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsoverskot (196 i alt) | Fødselsoverskot i høve til folketalet/ 1 000 (196 i alt) (landet = 0,7) | Folkevekst (269 i alt) | Folkevekst i høve til folketalet/ 1 000 (269 i alt) (landet = 3,4) | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Oslo | 1 259 | Hemsedal | 4,2 | Oslo | 5 783 | Modalen | 32,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | Bergen | 312 | Bjerkreim | 3,4 | Bergen | 919 | Hemsedal (Buskerud) | 22,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | Stavanger | 236 | Sveio | 3,3 | Trondheim | 675 | Flå (Buskerud) | 19,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | Trondheim | 221 | Osen | 2,9 | Stavanger | 448 | ørskog | 14,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | Tromsø | 136 | Førde | 2,9 | Bærum | 433 | Balestrand | 12,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | Sandnes | 119 | Etne | 2,8 | Tromsø | 388 | Hole (Buskerud) | 12,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | Kristiansand | 93 | Bardu | 2,8 | ålesund | 280 | Osen | 11,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | Bærum | 83 | øksnes | 2,7 | Ullensaker | 249 | Gol (Buskerud) | 10,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | Sola og Askøy | 63 | Modalen og Sola | 2,7 | Tønsberg | 248 | øksnes | 9,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | Bodø | 58 | Hå | 2,7 | Drammen | 224 | Ullensvang | 9,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsunderskot (214 i alt) | Fødselsunderskot i høve til folketalet/ 1 000 (214 i alt) | Folketap (149 i alt) | Folketap i høve til folketalet/ 1 000 (149 i alt) | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Røros | -13 | Tolga | -4,8 | Fem kommunar | -25 | Leka | -10,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
åmot, Jevnaker og Hammerfest | -14 | Ibestad og Mosvik | -4,9 | Holmestrand og Malvik | -26 | Kvæfjord | -10,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kongsvinger, Grue og Farsund | -15 | Tjeldsund | -5,3 | Høyanger | -27 | Leirfjord | -11,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Halden og Vågå | -16 | Bø (Nordland) | -5,7 | Søndre Land | -28 | Fjaler | -12,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vestre Toten og Bø (Nordland) | -16 | Vevelstad | -5,8 | Ulstein | -30 | Valle | -12,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Rygge og åsnes | -17 | Folldal | -6,0 | Nordreisa | -31 | Fosnes | -13,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Søndre Land og Porsgrunn | -17 | Vega | -6,3 | Kvæfjord | -32 | Beiarn | -14,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Ringsaker | -19 | Valle | -7,0 | Verdal | -34 | Bø (Nordland) | -15,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nøtterøy | -22 | Loppa | -7,4 | Fjaler | -36 | Bjerkreim | -15,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hamar og Gjøvik | -30 | Hasvik | -8,2 | Nøtterøy og Bø (Nordland) | -42 | Bjarkøy | -16,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 million, 2 millionar, 3 ...Det tok si tid før vi vart 1 million innbyggjarar her til lands, det hende ikkje før i 1822. Så tok det 68 år før vi nådde 2 millionar, i 1890. 3 millionar vart vi etter 52 nye år, i 1942. Nye 33 år, og vi vart 4 millionar i 1975. Den femte millionen vil vi nå i 2012, etter 37 nye år. Den største veksten nokosinne i folketalet fann stad i 2010, med 62 100. I 1741 minka folketalet med 12 700, noko som var 2 prosent. Størst vekst i prosent var det i 1859, med 1,8 prosent. |
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42