53395_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
53395
Framleis høg folketilvekst
statistikk
2011-08-18T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring2. kvartal 2011

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis høg folketilvekst

Folketalet auka med 15 700 i 2. kvartal til 4 953 000 busette 1. juli. Samanlikna med tilsvarande kvartal tidlegare år er det berre 2. kvartal 2008 som har hatt like stor folketilvekst.

Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst. 2. kvartal. 1987-2011

Folketilveksten var om lag 1 000 høgare i 2. kvartal enn tilveksten i same kvartal i fjor. Det har si årsak i at nettoinnvandringa no var 1 000 høgare enn i april - juni i 2010. Nettoinnvandringa stod for nær to tredelar av folketilveksten, medan fødselsoverskotet stod for resten. Talet på fødde og døde er omtrent uendra, og fødselsoverskotet for 2. kvartal ligg dermed omtrent på same nivå som i fjor.

Talet innvandringar var 16 400, som er 1 150 fleire enn i april - juni i fjor. Det var òg 900 fleire enn det var i 2008, som fram til då hadde rekordhøg innvandring. 6 600 utvandringar var om lag på same nivå som i 2010.

Samla folketilvekst i 1. halvår, med 32 700 fleire busette, blei grunna stor vekst i både 1. og 2. kvartal høgare enn noko gong tidlegare.

Størst fødselsoverskot i Oslo

Det blei født 2 700 born i Oslo i 2. kvartal. Med 1 650 fleire fødde enn døde har Oslo størst fødselsoverskot av fylka her i landet. Også sett i høve til folketalet hadde Oslo høgast fødselsoverskot, med 2,7 per 1 000 innbyggjar. Etter Oslo følgde Rogaland med 2,1. Det blei født fleire enn det døydde i alle fylka med unntak av Hedmark.

Innvandring, utvandring og nettoinnflytting, etter statsborgarskap. 2. kvartal 2011

Fødselsoverskot og nettoinnflytting. 1. og 2. kvartal 1988-2011

Mange innvandra - flest polakkar

Det innvandra 2 900 polske statsborgarar til Noreg i 2. kvartal, medan 460 utvandra. Dette gav ei høg nettoinnvandring på 2 400, som er vel 800 høgare enn førre året.

Dei andre gruppene av utanlandske statsborgarar med størst nettoinnvandring i 2. kvartal var dei med litauiske, eritreiske og latviske statsborgarskap, høvesvis 1 700, 400 og 400.

Størst flytteoverskot ovafor utlandet hadde Oslo og Akershus i 2. kvartal med høvesvis 1 350 og 1 200 fleire innvandringar enn utvandringar. Sett i høve til folketalet var det Møre og Romsdal som hadde størst overskot med 660 fleire inn - enn utvandringar. Alle fylka hadde flytteoverskot overfor utlandet.

Det samla innflyttingsoverskotet frå utlandet på heile 23 200 stod for 71 prosent av folketilveksten i 1. halvår.

Nettoinnflytting. Innanlandsk og frå utlandet i prosent av folkemengda. 2. kvartal 2011

Størst innalands flyttevinst for Akershus og østfold

åtte fylke hadde flyttevinst overfor resten av fylka i landet i 2. kvartal 2011. Høgast var dette overskotet i Akershus med 700 og i østfold med 500. Av dei elleve fylka som hadde innalandsk flyttetap var tapet høgast i Oslo med 700, og deretter i Sør-Trøndelag med 400.

Dei 10 kommunane med størst og minst flyttevinst. 2. kvartal 2011
 
 Samla flyttevinst (312 i alt) Innalands flyttevinst (231 i alt) Flyttevinst frå utlandet (390 i alt) 
 
1Oslo640  Sandnes 215  Oslo1 353
2  Sandnes 358  Tønsberg 132  Bergen 486
3  Fredrikstad 320  Fredrikstad 131  Bærum 297
4  Bærum 317  Sandefjord 128  Stavanger 294
5  Asker 253  Arendal 106  Trondheim 268
6  Tønsberg 240  Eidsvoll96  Fredrikstad 189
7  Drammen 209  Asker95  Kristiansand 160
8  Sandefjord 209  Time88  Asker 158
9  Arendal 180  øvre Eiker88  Sandnes 143
10  Ullensaker 167  Drammen87  Drammen 122
 
 Samla flyttetap (105 i alt) Innalands flyttetap (199 i alt) Flyttetap til utlandet (21 i alt) 
 
   Tromsø-190  Oslo-713  Fjaler-50
   Trondheim-172  Bergen-471  Bø-11
   Bø-65  Trondheim-440  Tokke-4
   Fjaler-58  Stavanger-304  Sirdal-4
   Førde-51  Tromsø-260  Fyresdal-3
   Lillehammer-43  Bodø-83  Vaksdal-3
   Bardu-41  Førde-75  4 kommuner-2
   Melløy-33  Nedre Eiker-73  11 kommuner-1
   Rennesøy-27  Lillehammer-71  
   Birkenes-26  Kristiansand-57  
 
Dei 10 kommunane med størst og minst fødselsoverskot og folkevekst. 2. kvartal 2011
 
 Fødselsoverskot (236 i alt) Fødselsoverskot i høve til folketalet/
1 000 (236 i alt) (landet=1,2)
 Folkevekst (302 i alt) Folkevekst i høve til folketalet/
1 000 (302 i alt) (landet=3,2)
 
 
1  Oslo1 647  Marnardal5,3  Oslo2 287  Herøy (Nordland)27,8
2  Bergen 379  Røst5,0  Sandnes 514  Marnardal16,0
3  Trondheim 337  Utsira4,7  Bærum 437  Bokn15,5
4  Stavanger 255  Etne4,4  Bergen 394  Froland15,0
5  Sandnes 156  Grong4,2  Fredrikstad 332  Tysvær14,6
6  Tromsø 137  Bykle4,1  Asker 327  Rømskog13,3
7  Bærum 120  Rennesøy4,0  Tønsberg 275  Loppa13,0
8  Bodø 110  Røyrvik4,0  Drammen 249  Flå12,8
9  Kristiansand 105  Gjesdal4,0  Ullensaker 247  Bjerkreim10,9
10  ålesund97  Hægebostad3,7  Stavanger 245  Frosta10,7
         
 
 Fødselsunderskot (158 i alt) Fødselsunderskot i høve til folketalet/
1 000 (158 i alt)
 Folketap (113 i alt) Folketap i høve til folketalet/
1 000 (113 i alt)
 
 
   Kragerø-19  Bjarkøy-8,5  Fjaler-63  Fjaler-21,9
   Kongsvinger-14  Fedje-8,5  Tromsø-53  Røyrvik-20,0
   Trysil-14  Halsa-6,1  Bø-53  åseral-12,0
   Hamar-12  Flå-5,9  Bardu-36  Rennebu-11,1
   Tjøme-12  Ulvik-5,4  Meløy-32  Agdenes-10,9
   Målselv-12  Vega-4,8  Rennebu-29  Leka-10,3
   østre Toten-11  Tranøy-4,6  Trysil-24  Bykle-10,2
   Eidskog-10  Granvin-4,3  Birkenes-23  Bø-9,3
   åsnes-10  Bygland-4,1  Volda-23  Bardu-9,1
   Halsa-10  Gamvik-4,0  Vaksdal-22  Tjeldsund-9,1