Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nest høgaste folkevekst nokosinne
Vi er no 4 973 000 personar i Noreg, 65 000 fleire enn for eit år sidan. Folkeveksten var om lag 150 lågare i høve til tredje kvartal førre året, likevel er veksten den nest høgaste i noko kvartal nokosinne. Nettoinnvandringa stod for 70 prosent av folkeveksten.
Folketalet voks med 20 050 i tredje kvartal i år. Berre veksten på 20 200 i tredje kvartal i fjor, har vore større enn i år. I åra fram mot 2004 voks folketalet med 7 000-8 000 i same kvartal, så veksten dei siste par åra har vori opptil tre gonger så høg som då. Det var berre små endringar i år frå same kvartal i fjor; litt fleire både av inn- og utvandringar, det vart født litt færre og litt fleire døydde.
Framleis stor polsk og baltisk innvandring - men ikkje svensk
Polakkane var den klart største gruppa av utalandske statsborgarar som innvandra, med 3 150 flyttingar til Noreg. Det er 300 fleire samanlikna med førre året. På grunn av at 200 færre polakkar flytta ut av landet i år enn i fjor, steig nettoinnvandringa frå 2 250 til 2 750. Ser ein på innvandringa frå Estland, Latvia og Litauen samla, var ho på 2 800 i år. Sidan berre 100 utvandra, var nettoinnvandringa på 2 700, noko som er 250 høgare enn førre året. Nettoinnvandringa frå Polen og Baltikum var i alt dermed på 5 450, eller 39 prosent, av den samla nettoinnvandringa. For svenskane var utviklinga motsett; det var 1 850 som innvandra, 300 færre i høve til førre året. Det var 1 700 svenskar som flytta frå landet, 300 fleire samanlikna med i fjor. I alt var nettoinnvandringa av svenskar dermed berre om lag 150, medan ho var 750 førre året. Filippinarane er no den tredje største gruppa når det gjeld nettoinnvandring, 800 flytta inn og 200 ut i tredje kvartal.
Framleis mange fødde
Talet på fødde minka med 100 i tredje kvartal i høve til tredje kvartal i fjor. I fjor minka det med 100 mot året før det igjen, men det ligg framleis på eit høgt nivå med over 16 000. Dette er mellom 1 000 og 1 500 høgare enn det var fram mot år 2005. Oslo hadde det største fødselsoverskotet av fylka i tredje kvartal med 1 650, medan både Akershus, Rogaland og Hordaland hadde om lag helvta av det. Hedmark var det einaste fylket i landet med fødselsunderskot.
Talet på døde har vore stabilt dei seinare åra, og sjølv om det døydde 200 fleire i tredje kvartal i år enn i fjor - 10 000 mot 9 800 - var talet høgare i åra fram til og med 2003.
Størst flytteoverskot i Oslo
Ser ein på alle flyttingar under eitt, er det fire fylke som har stor nettoinnflytting - Oslo, Akershus, Hordaland og Sør-Trøndelag. På grunn av skilnader i fødselsoverskotet i fylka, står nettoinnflyttinga for meir enn 80 prosent av folkeveksten i Sør-Trøndelag, medan ho berre står for snautt helvta i Rogaland. Berre Nordland av alle fylka hadde ei samla nettoutflytting i tredje kvartal.
Når det gjeld innvandring, er det to område som dominerer biletet. Til Oslo og Akershus innvandra i alt 8 000 i tredje kvartal (5 200 til Oslo og 2 800 til Akershus), medan 4 600 innvandra til Rogaland og og Hordaland (om lag 2 300 kvar seg). Nettoinnvandringa - når ein har trekt frå utvandringa - er størst i Oslo med sine 2 300, føre Akershus og Hordaland. Alle fylka har nettoinnvandring frå utlandet, og sett i høve til folketalet er det ikkje i Oslo ho er størst, men det er Sør-Trøndelag som hårfint ligg på fyrsteplassen.
Oslo har òg størst innalandsk tilflytting med over 10 000, men fordi om lag like mange flyttar ut er nettoinnflyttinga frå andre fylke i landet berre 200. I alt ni fylke har innalandsk nettoinnflytting, størst i Akershus med 700. Størst i høve til folketalet er ho i østfold og Sør-Trøndelag. I alt ti fylke såg ei nettoutflytting til dei andre fylka, størst i Nordland med 550, men i høve til folketalet var ho størst i Finnmark. Det er to område som har ei stor innalandsk nettoutflytting; Nord-Noreg med 1 100 og Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal med 500. Trøndelag har derimot ei nettoinnflytting på 500.
Folketalet har vaksi i dei fleste kommunane
Folketalet har vaksi i 309 av de 430 kommunane i landet dei tre fyrste kvartala i år, medan talet har gått ned i 112 kommunar. Når det gjeld fødselsoverskotet, er det som venteleg kommunane med dei største byane som har dei største overskota i absolutte tal. Men relativt sett er fødselsoverskotet høgast i rogalandskommunane og på Vestlandet elles. Seks av dei ti kommunane med relativt sett høgast overskot ligg i Rogaland. Blant kommunane med størst underskot finn vi fleire hedmarkskommunar, og mellom dei byane Hamar og Kongsvinger. Sett i høve til folketalet er underskotet stort i mange kommunar i Nord-Noreg, men òg i Hordaland.
Når det gjeld flytting, hadde mest alle kommunane ein flyttevinst frå utlandet. Det var berre åtte kommunar som hadde eit flyttetap til utlandet. Fjaler kommune står i ei særstilling, fordi ein vidaregåande skule der har elevar frå heile verda, og desse melder inn- og utvandring i samband med skulegangen. Den innalandske flyttevinsten er ikkje så stor sjølv i dei største kommunane, men med unntak av byane er det Eidsvoll og Ullensaker, som har størst vinst. Innalandsk flyttetap er stort i mange kommunar i Nord-Noreg, men dei tre kommunane med størst tap er Stavanger, Bergen og Tromsø.
Samla flyttevinst (319 i alt) | Innanlands flyttevinst (172 i alt) | Flyttevinst frå utlandet (418 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | 0301 Oslo | 7 692 | 0301 Oslo | 368 | 0301 Oslo | 7 324 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | 1201 Bergen | 1 660 | 0704 Tønsberg | 367 | 1201 Bergen | 2 039 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | 1601 Trondheim | 1 628 | 0106 Fredrikstad | 288 | 1601 Trondheim | 1 496 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | 0106 Fredrikstad | 840 | 1102 Sandnes | 253 | 1103 Stavanger | 1 123 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | 0219 Bærum | 790 | 0220 Asker | 244 | 0219 Bærum | 858 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | 0220 Asker | 747 | 0403 Hamar | 212 | 0602 Drammen | 594 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | 0704 Tønsberg | 712 | 0101 Halden | 199 | 0106 Fredrikstad | 552 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | 0602 Drammen | 673 | 0237 Eidsvoll | 193 | 0220 Asker | 503 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | 1102 Sandnes | 639 | 0235 Ullensaker | 190 | 1902 Tromsø | 443 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | 0235 Ullensaker | 568 | 0624 øvre Eiker | 185 | 1504 ålesund | 419 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Samla flyttetap (108 i alt) | Innanlands flyttetap (250 i alt) | Flyttetap til utlandet (8 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | 1938 Lyngen | -39 | 1432 Førde | -100 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | 1850 Tysfjord | -40 | 1824 Vefsn | -101 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | 1729 Inderøy | -41 | 1228 Odda | -106 | 1144 Kvitsøy | -1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | 1867 Bø | -43 | 2003 Vadsø | -108 | 1915 Bjarkøy | -1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | 1824 Vefsn | -50 | 1922 Bardu | -115 | 2017 Kvalsund | -2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | 1228 Odda | -50 | 1563 Sunndal | -144 | 0833 Tokke | -2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | 1822 Leirfjord | -52 | 2012 Alta | -147 | 0811 Siljan | -3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | 1563 Sunndal | -56 | 1902 Tromsø | -259 | 0935 Iveland | -8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | 1922 Bardu | -78 | 1201 Bergen | -379 | 1822 Leirfjord | -9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | 1429 Fjaler | -127 | 1103 Stavanger | -676 | 1429 Fjaler | -128 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsoverskot (228 i alt) | Fødselsoverskot i høve til folketalet/1 000 (228 i alt) (Norge=3,2) |
Folkevekst (309 i alt) | Folkevekst i høve til folketalet/1 000 (309 i alt) (Norge=10,7) |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | 0301 Oslo | 4 569 | 1119 Hå | 10.0 | 0301 Oslo | 12 261 | 0618 Hemsedal | 40.2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | 1201 Bergen | 1 166 | 1216 Sveio | 9.7 | 1201 Bergen | 2 826 | 1818 Herøy | 32.1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | 1601 Trondheim | 894 | 0618 Hemsedal | 9.3 | 1601 Trondheim | 2 522 | 1523 ørskog | 31.1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | 1103 Stavanger | 762 | 1151 Utsira | 9.3 | 1103 Stavanger | 1 209 | 1021 Marnardal | 28.3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | 1102 Sandnes | 433 | 1122 Gjesdal | 8.9 | 0219 Bærum | 1 156 | 1114 Bjerkreim | 27.9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | 1902 Tromsø | 416 | 1432 Førde | 8.4 | 1102 Sandnes | 1 072 | 0214 ås | 27.5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | 0219 Bærum | 366 | 1531 Sula | 8.3 | 0220 Asker | 955 | 1017 Songdalen | 27.2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | 1001 Kristiansand | 337 | 1835 Træna | 8.2 | 0106 Fredrikstad | 921 | 1146 Tysvær | 26.6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | 1804 Bodø | 246 | 1120 Klepp | 8.1 | 0602 Drammen | 846 | 1742 Grong | 26.3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | 0220 Asker | 208 | 1114 Bjerkreim og 1142 Rennesøy | 7.9 | 0704 Tønsberg | 800 | 0615 Flå | 26.0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsunderskot (186 i alt) | Fødselsunderskot i høve til folketalet/ 1 000 (186 i alt) |
Folketap (112 i alt) | Folketap i høve til folketalet/1 000 (112 i alt) |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | 0428 Trysil, 0515 Vågå og 0826 Tinn | -21 | 1234 Granvin | -9.5 | 1416 Høyanger og 1938 Lyngen | -45 | 1635 Rennebu | -19.8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | 1535 Vestnes | -25 | 1816 Vevelstad | -9.6 | 1822 Leirfjord | -47 | 1755 Leka | -20.4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | 0423 Grue | -29 | 2014 Loppa | -10.2 | 1228 Odda | -49 | 1822 Leirfjord | -21.8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | 0420 Eidskog | -30 | 1265 Fedje | -10.2 | 1635 Rennebu | -52 | 1234 Granvin | -23.2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | 0815 Kragerø | -31 | 1233 Ulvik | -10.7 | 1850 Tysfjord | -53 | 0941 Bykle | -23.3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | 0402 Kongsvinger | -33 | 1815 Vega | -11.0 | 1563 Sunndal | -56 | 1850 Tysfjord | -26.5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | 1867 Bø | -33 | 0940 Valle | -11.7 | 1922 Bardu | -59 | 1723 Mosvik | -27.1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | 0536 Søndre Land | -35 | 1867 Bø | -11.8 | 0536 Søndre Land | -69 | 1867 Bø | -27.2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | 0425 åsnes | -42 | 1917 Ibestad | -12.0 | 1867 Bø | -76 | 1915 Bjarkøy | -33.6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | 0403 Hamar | -43 | 1915 Bjarkøy | -12.6 | 1429 Fjaler | -133 | 1429 Fjaler | -45.7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42