65503_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
65503
No er det rett før vi er 5 millionar
statistikk
2012-02-23T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring4. kvartal 2011

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

No er det rett før vi er 5 millionar

Ved årsskiftet var det registrert 4 985 900 busette i Noreg. Det inneber ein befolkningsvekst på 65 550 personar i 2011, den høgaste nokosinne. Det vanta då berre 14 000 til at folketalet blir fem millionar. Innvandringsoverskotet stod for 71 prosent av veksten.

Befolkningsveksten var 1,3 prosent i 2011, og ein må heilt attende til 1920 for å finna ein større vekst i prosent. Når det gjeld land i Europa som ein har sikre tal for, er det berre Luxemburg og Tyrkia som har større vekst i prosent enn Noreg. Nettoinnflyttinga frå utlandet auka med 4 700 eller 11 prosent frå 2010 til 2011, og har aldri vore høgare. Det vart registrert 79 500 flyttingar til Noreg frå utlandet i 2011, noko som var 5 650 meir enn året før. 32 500 flytta frå landet. Det er om lag 1 000 fleire personar enn førre året. Dei som er i landet kortare enn seks månader, vert ikkje registrerte og er difor ikkje medrekna i folketalet.

Tal for folkemengd 1. januar 2012 ligg no føre fordelt på kjønn og alder. Tal for kommunar, fylke og heile landet, ned til eittårige aldersgrupper for kvart kjønn, kan ein hente frå Statistikkbanken.

 

Tabellar med tal for kjønn og utvalde aldersgrupper for kommunar, fylke og heile landet er tilgjengelege i "Befolkningsstatistikk. Folkemengd, etter alder, kjønn, sivilstand og statsborgarskap" . Meir om folkemengda vert publisert 14. mars.

 

I tilegg til tala for fødde, daude og flyttingar for kommunar, fylke og heile landet, som ein finn i tabell 2 i denne statistikkfrigjevinga, kan ein dessutan få flyttetala oppdelte på statsborgarskap, men då som eit oppdrag.

 

Meir detaljert statistikk om fødde, daude og flyttingar (innalandske og til og frå landet) vil vi publisere 11. april, 19. april og 10. mai.

 

Vi publiserer samstundes hovudtal for skilsmisser, separasjonar og inngåtte ekteskap for kvart fylke og heile landet, sjå "Befolkningsstatistikk. Ekteskap og skilsmisser" . Meir detaljerte opplysningar om dette emnet kjem i august.

Fødselsoverskot, nettoinnflytting og folkevekst. Heile landet. 1951-2011

Noko lågare fruktbarheit, men framleis vekst i levealderen

I 2011 vart det fødd 60 200 born i Noreg. Det er 1 200 færre enn året før. På same tid døydde 41 400 personar, 100 færre enn i 2010. Sett under eitt vart difor fødselsoverskotet litt lågare i 2011 enn dei to siste åra, men det er framleis høgt. Vi må attende til midten av 1970-talet for å finne høgare tal. Det var fødselsoverskot i alle fylka, bortsett frå i Hedmark og Oppland. Som dei førre åra er fødselsoverskotet størst i Oslo og Akershus (8 300 samla) samt Rogaland og Hordaland (5 600 samla). I høve til folketalet er det klårt størst i Oslo.

Samla fertilitetstal for 2011 var 1,88 barn, i 2010 var talet 1,95. I Europa har Noreg saman med Sverige dei seinare åra vore heilt i toppen når det gjeld samla fruktbarheit. Island, Irland, Frankrike og Tyrkia er likevel framføre oss.

Ein gut som vart fødd i 2011, kan rekne med å leve i 79,00 år , medan ei jente kan vente seg 83,45 år. Det er ein auke i forventa levealder frå 78,85 og 83,15 år1 i 2010.

Samla fertilitetstal (SFT) vil seie gjennomsnittleg tal på levandefødde born kvar kvinne kjem til å føde i den fødedyktige perioden 15-49 år, dersom fruktbarheitsmønsteret i 2011 varar ved og ingen kvinner døyr før dei er femti år.

Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 2011

Stor innvandring frå Europa

Nettoinnvandringa av utalandske statsborgarar voks frå 42 600 i 2010 til 47 900 i 2011. Av dette var 34 700, mest tre firedelar, nettoinnvandring av europeiske statsborgarar. Polske og litauiske statsborgarar var dei to klårt største gruppene, og utgjorde i alt helvta av dei europeiske statsborgarane. Statsborgarar frå tretten land hadde ei nettoinnvandring på meir enn 1 000, og åtte av desse landa er europeiske. Arbeidsinnvandring er då ei hovudårsak til innvandringa.

Sjølv om innvandringa frå land i Sør-Europa voks frå 2010 til 2011, er det framleis ei lita nettoinnvandring derifrå. Nettoinnvandringa av greske statsborgarar voks frå 83 i 2010 til 226 i 2011. Spanske statsborgarar stod for ei nettoinnvandring på 513 i 2010 og 782 i 2011. For Portugal sin del voks talet frå 207 i 2010 til 418 i 2011. For Italia var det ingen vekst.

Om ein ser på statsborgarar frå dei landa som hadde størst nettoinnvandring til Noreg, var det flest svenskar som reiste frå landet. Talet på utvandringar av svenskar var 65 prosent av talet på innvandringar. Når det gjeld talet for polakkar og baltarar, låg det på berre 12 prosent i alt.

I tillegg er statsborgarar frå Eritrea, Somalia og Afghanistan på lista over dei største gruppene frå land der flukt er ein viktig årsak.

Folkevekst. Kommune. 2011 (kart)

Oslo og Akershus er klårt på toppen i folkevekst

Oslo og Akershus hadde størst folkevekst i 2011, med i alt 24 700 menneske. Det inneber 2,3 prosent for Oslo og 1,9 prosent for Akershus, og er 3 100 fleire enn førre året. Det andre området der folketalet veks kraftig er fylka Rogaland og Hordaland. Der såg ein ein vekst på 13 400. Det er likevel 1 800 færre enn i 2010. Alle fylka som ligg mellom Telemark og Sogn og Fjordane, hadde ein mindre vekst enn førre året.

Stor innvandring til Oslo og Akershus

Alle fylka i Noreg hadde eit overskot på nettoinnflyttinga i 2011. Størst, både i absolutte tal og i prosent, var det for Oslo og Akershus. For å sjå på skilnader mellom fylka kan ein dele flytting inn i to: flytting til og frå utlandet, og innalandsk flytting.

Nettoinnvandringa frå utlandet var i 2011 særleg stor i tre delar av landet. Størst var ho i Oslo og Akershus med 14 300, deretter i Rogaland og Hordaland med 8 200, samt Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag med 5 400. I prosent av folketalet var overskotet størst i Oslo, med 1,5 prosent, men meir enn helvta av fylka såg ei nettoinnvandring på om lag ein prosent eller meir. Nettoinnvandringa frå utlandet vóg soleis opp for innalandsk flyttetap og fødselsunderskot. Folketalet voks i alle fylka i landet, men utan innvandringsoverskotet ville folketalet ha gått attende i åtte av fylka.

Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet. 2011. Prosent

Når det gjeld innalandsk flytting hadde åtte av fylka eit overskot. Størst var det i Akershus og Østfold, der ein i tillegg til eigne arbeidsplassar har kort pendlaravstand til Oslo. Dei 11 andre fylka hadde innalandsk nettoutflytting, det flytta dermed fleire ut til andre stader i Noreg enn det flytta folk inn. Særleg gjeld det dei tre nordlegaste fylka samt Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I prosent var flyttetapet størst i Finnmark.

Skilnader mellom kommunane

I 2011 voks folketalet i 311 av kommunane i landet. I tillegg til i dei største byane, var det dei fire Akershuskommunane Asker, Bærum, Ullensaker og Skedsmo som voks mest. 114 kommunar hadde nedgang i folketalet, mellom dei mange kommunar i dei nordlegaste fylka. Men medan 222 kommunar såg ein større folkevekst i 2011 enn i 2010, var han òg lågare i 204 kommunar i 2011 enn året før. Stavanger, Bergen og Kristiansand såg mest til denne svakare veksten.

Fødselsoverskot i 219 kommunar

219 kommunar hadde eit fødselsoverskot i 2011. Ser ein bort frå dei største kommunane, var overskotet størst i Askøy, Asker og i kommunane på Romerike og Jæren. 203 kommunar hadde eit fødselsunderskot, og blant dei med størst underskot var mange Hedmarkskommunar, som Hamar, Åsnes, Kongsvinger og Eidskog.

Innvandringsoverskot var det i 419 kommunar, medan berre åtte hadde eit innvandringsunderskot.

Når det gjeld den innalandske flyttinga, var det 172 kommunar som hadde eit overskot, medan 253 hadde eit underskot. Fleire kommunar har eit stort innalandsk flyttetap i prosent. Tapet er størst i Bykle, med mest 4 prosent. Av dei 26 kommunane som har eit tap på 2 prosent eller meir, er helvta nordnorske kommunar, mellom dei ein større kommune som Vadsø.

1 Talet er retta 23. februar 2012 kl. 11.15.

Tabeller: