Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Så var vi fem millionar og tre tusen
Det er registrert 5 003 000 busette i Noreg 1. april 2012, 17 100 fleire enn ved årsskiftet. Dette er den største folkeveksten som er registrert i noko 1. kvartal. Fødselsoverskotet stod for 20 prosent av folkeveksten, medan nettoinnvandringa stod for 80 prosent.
Folkeveksten på 17 100 i 1. kvartal 2012 var særs lik den 1. kvartal førre året. Det vart fødd 350 fleire og døydde 450 fleire. Fødselsoverskotet vart dermed 100 lågare. Det innvandra 2 100 færre og utvandra 2 300 færre, nettoinnvandringa auka såleis med 200. Fødselsoverskotet på 3 450 stod for 20 prosent av folkeveksten, medan nettoinnvandringa på 13 600 stod for 80 prosent. I åra fram til og med 2006 utgjorde fødselsoverskotet jamt over mellom 40 og 70 prosent av folkeveksten i 1. kvartal. Fødselsoverskotet i 1. kvartal 2012 er likevel mellom dei største som har vore registrert i dei seinaste tre-fire tiåra.
Berekningar gjort nyleg tyder på at Noreg runda fem millionar innbyggjarar 15. mars. Den datoen som Statistisk sentralbyrå annonserte i februar - 19. mars - trefte dermed godt.
Stabilt fødselsoverskot i første kvartal dei siste åra
Talet på levandefødde i 1. kvartal var 14 750, og gjennomsnittet for dei siste 25 åra var dermed 14 700. Etter å ha variert mellom 13 500 og 15 500, har dette talet såleis vore særs stabilt dei siste 25 åra. Talet på døde var 11 300, og her har gjennomsnittet i same periode vore 11 600. Fødselsoverskotet for 1. kvartal 2012, som var på 3 450, er dermed litt høgare enn gjennomsnittet på 3 100 for dei 25 siste åra. Det er endringane i nettoinnvandringa som har ført til det som er av større endringar i folkeveksten frå år til anna.
Sju av ti som innvandra var europearar
Nettoinnvandringa på 13 600 i 1. kvartal 2012, er den høgaste som nokosinne er registrert i eit 1. kvartal, 200 høgare enn førre året. Sjølv om talet på innvandringar minka frå 22 300 til 20 200, gjekk utvandringa samstundes ned frå 8 900 til 6 500, slik at nettoinnvandringa auka.
Av dei som innvandra til Noreg i 1. kvartal, og som ikkje var norske statsborgarar, hadde 69 prosent eit europeisk statsborgarskap. 6 200, eller mest helvta av desse, kom frå Polen og Baltikum. Dette er 1 100 færre enn førre året, men like mange som i 2010. For dei største statsborgarskapsgruppene, gjekk stort sett talet på innvandringar noko ned frå året før. Størst endring var det i talet på innvandrande svenskar, som gjekk ned frå 4 000 til 1 900. Det skal seiast at talet for i fjor var spesielt høgt, mellom anna ettersom det i januar det året i samband med endra rutinar for å få skattekort, vart registrert om lag 1 000 fleire svenskar som busette enn i same månaden året før. Spanske statsborgarar er for første gong med på lista over dei største innvandringsgruppene, men talet på 300 er framleis lågt. Det er like fullt opp frå 200 førre året. Innvandringa frå landa i Sør-Europa med økonomiske problem, som Hellas, Spania, Portugal og Italia, voks med ein tredel. Samla sett er det likevel små tal, opp frå 500 i 1. kvartal 2011 til 650 i år.
Statsborgarar frå land der flukt er ei viktig utvandringsårsak, vert registrerte som innvandra når dei får opphaldsløyve. Denne statistikken seier difor ikkje noko om når desse flyktningane reint faktisk kom til landet. Den fortel i staden at dei vart registrerte som busette i 1. kvartal. Talet på innvandringar frå Somalia vart dobla frå 400 i 1. kvartal i fjor til 800 i år. I tillegg kom det 700 personar med statsborgarskap frå Eritrea. Dei to landa utgjer dermed den fjerde og femte største innvandringsgruppa dette året.
Folketalet voks i alle fylka, men i ulik grad
Oslo skilde seg ut med stor folkevekst i 1. kvartal, og fekk mest 4 000 nye innbyggjarar. Det er ikkje langt unna ein firedel av den samla veksten i landet. Oslo hadde eit fødselsoverskot på 1 300 i 1. kvartal, meir enn ein tredel av landstotalen. Sett i høve til folketalet er det Oslo, saman med Rogaland, som har det største fødselsoverskotet. For utan Telemark, Sogn og Fjordane og Nordland, hadde innlandsfylka Hedmark og Oppland fødselsunderskot. I høve til folketalet var fødselsunderskotet størst i innlandsfylka.
Framleis innanlandsk flyttetap i mange fylke
11 fylke hadde flyttetap til andre fylke. Flyttetapet var størst i Møre og Romsdal og i Nordland med 320. Sett i høve til folketalet, hadde Finnmark det største innanlandske flyttetapet, følgd av Sogn og Fjordane - som dei førre åra.
Åtte fylke hadde flyttevinst sett i høve til andre fylke i 1. kvartal. Klart størst vinst hadde Akershus med 700.
Flyttevinst frå utlandet i alle fylka, vekst i Rogaland og Hordaland
Alle fylka hadde flyttevinst frå utlandet. I Oslo og Akershus samla var flyttevinsten på 4 100, om lag 1 000 lågare enn førre året. I Rogaland og Hordaland samla var vinsten på 2 900, det er 1 000 meir enn året før. I høve til folketalet var det Finnmark som hadde det største overskotet frå flytting over landegrensene. Litauiske statsborgarar var den største gruppa som flytta til dette fylket. Flyttevinsten frå utlandet vog mykje opp for fødselsunderskot og for innanlandsk flyttetap i mange av fylka, og førte såleis til samla folkevekst.
Folketalet voks i 281 kommunar
I 1. kvartal voks folketalet i 281 av dei 429 kommunane i landet, medan det gjekk ned i 140 kommunar. I åtte kommunar var folketalet uendra. Sett bort frå dei fire største byane hadde Sandnes og Bærum den største veksten i folketalet, med 500 personar. Lillehammer hadde det største folketapet.
Framleis stort fødselsoverskot i mange kommunar i Rogaland og Hordaland
I alt 193 av kommunane hadde fødselsoverskot. 206 kommunar hadde underskot, medan differansen i 30 av dei var lik null. Fleire enn helvta av dei 20 kommunane med størst fødselsoverskot i høve til folketalet er i Rogaland og Hordaland, medan meir enn helvta av dei 20 kommunane med størst fødselsunderskot er i Hedmark og Oppland.
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42