Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Framleis høg innvandring og folkevekst
Folketalet auka med 20 600, til 5 038 100 busette personar, i 3. kvartal 2012. Folkeveksten var 600 høgare enn i same kvartal i fjor. Samla var det 24 200 personar som innvandra, mens 10 000 utvandra. Nettoinnvandringa på 14 200 er den høgaste vi har hatt i noko kvartal.
Innvandringa held fram på det same høge nivået som dei to siste åra. Samanlikna med samsvarande kvartal i tidlegare år, har folkeveksten aldri vore så høg. Veksten er to til tre gongar så høg som i tida fram til og med 2006. Det blei født16 200 born, mens 9 800 personar døydde i 3. kvartal. Fødselsoverskotet på 6 400 personar held seg dermed like høgt som sidan 2008.
I samsvar med dei seinare åra auka folketalet mest i Oslo og Akershus, samt i Rogaland og Hordaland. Oppland hadde den minste veksten både i reine tal og i høve til folketalet.
Folketalet auka med 52 300 i dei tre første kvartala i år. Dette er om lag det same som i dei tre første kvartala førre året.
Oslo hadde høgast fødselsoverskot
I 3. kvartal er nok ein gong Oslo fylket med det høgaste fødselsoverskotet, også i høve til folketalet. Det blei født 2 700 born, medan 1 050 personar døydde. Hedmark og Oppland hadde det lågaste fødselsoverskotet, og samla blei det født berre 15 fleire enn det døydde i desse to fylka.
Flest polakkar, litauarar og svenskar innvandra
Mellom utalandske statsborgarar som har innvandra, var det framleis flest polakkar, litauarar og svenskar i 3. kvartal. Samstundes kom det dobbelt så mange statsborgarar frå Romania i 3. kvartal som i 2. kvartal 2012.
Svenske statsborgarar var klårt den største gruppa som utvandra frå Noreg, slik at dei enda opp med ei nettoinnvandring på berre 150. Nettoinnvandringa av polske og litauiske statsborgarar låg samla på 3 900 personar, noko som er meir enn ein firedel av den samla nettoinnvandringa. Nettoinnvandringa av 360 spanske statsborgarar gir dei ein samla tiandeplass.
Største nettoinnvandringa hadde Hordaland, tett føre Akershus og Sør-Trøndelag.
Ni fylka hadde innalandsk nettoinnflytting
Ni av fylka hadde innalandsk nettoinnflytting, medan ti hadde nettoutflytting. Største nettoinnflyttinga hadde Sør-Trøndelag med 700 personar, medan Akershus låg rett etter. Desse to fylka skilde seg ut. Det er særleg i innlandet, på Nordvestlandet og i Nord-Noreg, at det er nettoutflytting. I tillegg var det nettoutflytting i Rogaland. Størst innalandsk nettoutflytting hadde nok ein gong Nordland med 600 personar. I Nordland er samstundes nettoutflyttinga størst i høve til folketalet, saman med Sogn og Fjordane. Størst samla flytteaktivitet, inn i og ut av fylket, finn vi i Oslo. Minst 5 prosent av innbyggjarane kom anten til eller drog frå fylket i 3. kvartal.
Blomster, diplom og feiring
I Sør-Trøndelag blei det feira at dei runda 300 000 innbyggjarar i 3. kvartal. I Tromsø feira dei innbyggjar nummer 70 000, og i Lillesand at dei vart 10 000. Radøy vil feira at dei har runda 5 000 personar. Røyken og Finnøy såg ut til å runda høvesvis 20 000 og 3 000 innbyggjarar, men stoppa ørlite opp dei siste dagane slik at dei laut venta til litt inn i 4. kvartal.
Heile 216 kommunar har hatt eit fødselsoverskot til no i år. Ser ein det i høve til folketalet, er det særleg kommunane på Jæren og elles i Rogaland at overskotet er høgt. 200 kommunar hadde fødselsunderskot, og blant desse finn vi mellom andre fleire kommunar i Hedmark. I høve til folketalet er underskotet stort i fleire nordnorske kommunar. Folketalet auka i 301 kommunar, medan det gjekk ned i 120 kommunar. Med unntak av dei folkerikaste kommunane, var det nok ein gong Skedsmo som fekk størst vekst.
165 kommunar hadde ei innalandsk nettoinnflytting, mellom dei fleire kommunar i Akershus. Fredrikstad hadde største vinsten. Blant 257 kommunar med innalandsk nettoutflytting finn vi fleire kommunar i Nord-Noreg og Nordvestlandet, men Stavanger og Oslo skil seg klårt ut som dei med det største tapet. Den store nettoinnvandringa frå utlandet vog mykje opp for det innalandske flyttetapet i mange kommunar. Soleis fekk særleg Oslo, men og Stavanger, stor samla nettoinnflytting. Berre sju kommunar i landet hadde ei nettoutvandring til utlandet.
Samla flyttevinst (321 i alt) | Innalands flyttevinst (165 i alt) | Flyttevinst frå utlandet (419 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | 0301 Oslo | 3 531 | 0106 Fredrikstad | 535 | 0301 Oslo | 4 527 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | 1201 Bergen | 2 268 | 0219 Bærum | 508 | 1201 Bergen | 2 317 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | 1601 Trondheim | 1 798 | 1102 Sandnes | 435 | 1103 Stavanger | 1 824 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | 0219 Bærum | 1 411 | 1601 Trondheim | 322 | 1601 Trondheim | 1 476 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | 1102 Sandnes | 1 131 | 1121 Time | 295 | 0219 Bærum | 903 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | 0106 Fredrikstad | 893 | 0217 Oppegård | 257 | 1102 Sandnes | 696 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | 1001 Kristiansand | 769 | 0237 Eidsvoll | 246 | 0602 Drammen | 605 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | 1103 Stavanger | 648 | 1001 Kristiansand | 220 | 1001 Kristiansand | 549 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | 0231 Skedsmo | 624 | 0233 Nittedal | 202 | 1902 Tromsø | 533 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | 0220 Asker | 588 | 0627 Røyken | 192 | 1504 ålesund | 532 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Samla flyttetap (100 i alt) | Innalands flyttetap (257 i alt) | Flyttetap til utlandet (7 i alt) | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | 0536 Søndre Land | -32 | 1703 Namsos | -96 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | 0935 Iveland | -33 | 0819 Nome | -96 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | 1820 Alstahaug | -33 | 1702 Steinkjer | -105 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | 1511 Vanylven | -37 | 1820 Alstahaug | -105 | 1920 Lavangen | -1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | 1443 Eid | -40 | 1401 Flora | -106 | 0441 Os | -1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | 0520 Ringebu | -42 | 2003 Vadsø | -109 | 0632 Rollag | -1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | 0419 Sør-Odal | -43 | 1504 ålesund | -160 | 0121 Rømskog | -2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | 0941 Bykle | -45 | 1805 Narvik | -190 | 1717 Frosta | -3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | 1424 årdal | -54 | 0301 Oslo | -996 | 0418 Nord-Odal | -5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | 1837 Meløy | -77 | 1103 Stavanger | -1 176 | 1004 Flekkefjord | -6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsoverskot (216 i alt) | Fødselsoverskot i høve til folketalet / 1 000 (216 i alt) (Norge=3,1) | Folkevekst (301 i alt) | Folkevekst i høve til folketalet / 1 000 (301 i alt) (Norge=10,5) | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | 0301 Oslo | 4 516 | 1142 Rennesøy | 10,5 | 0301 Oslo | 8 047 | 2023 Gamvik | 49,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | 1201 Bergen | 1 130 | 1034 Hægebostad | 9,6 | 1201 Bergen | 3 398 | 1252 Modalen | 45,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | 1601 Trondheim | 977 | 1120 Klepp | 9,4 | 1601 Trondheim | 2 775 | 1724 Verran | 45,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | 1103 Stavanger | 676 | 0935 Iveland | 9,2 | 0219 Bærum | 1 809 | 1142 Rennesøy | 44,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | 1102 Sandnes | 542 | 1121 Time | 8,7 | 1102 Sandnes | 1 673 | 1256 Meland | 34,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | 0219 Bærum | 398 | 1119 Hå | 8,6 | 1103 Stavanger | 1 324 | 1121 Time | 32,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | 1902 Tromsø | 368 | 1124 Sola | 8,3 | 1001 Kristiansand | 1 076 | 1429 Fjaler | 30,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | 1001 Kristiansand | 307 | 1102 Sandnes | 8,0 | 0106 Fredrikstad | 984 | 1129 Forsand | 30,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | 1804 Bodø | 246 | 1130 Strand | 8,0 | 1902 Tromsø | 943 | 1216 Sveio | 30,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | 1247 Askøy | 206 | 1247 Askøy | 7,9 | 0231 Skedsmo | 800 | 2017 Kvalsund | 28,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fødselsunderskot (200 i alt) | Fødselsunderskot i høve til folketalet / 1 000 (200 i alt) | Folketap (120 i alt) | Folketap i høve til folketalet / 1 000 (120 i alt) | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
10 | 1867 Bø | -23 | 1867 Bø | -8,5 | 0536 Søndre Land og 1413 Hyllestad | -39 | 1571 Halsa | -16,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
9 | 0432 Rendalen | -23 | 1845 Sørfold | -8,5 | 0941 Bykle | -40 | 2022 Lebesby | -17,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
8 | 0538 Nordre Land | -26 | 1928 Torsken | -9,0 | 0432 Rendalen | -42 | 1234 Granvin | -17,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
7 | 0423 Grue | -30 | 1859 Flakstad | -10,1 | 1848 Steigen | -42 | 1265 Fedje | -17,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
6 | 0901 Risør | -30 | 1755 Leka | -10,5 | 1511 Vanylven | -43 | 0432 Rendalen | -21,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
5 | 0807 Notodden | -31 | 1917 Ibestad | -10,6 | 1424 årdal | -45 | 1943 Kvænangen | -24,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
4 | 0403 Hamar | -38 | 2017 Kvalsund | -10,9 | 0419 Sør-Odal | -46 | 1413 Hyllestad | -26,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
3 | 0815 Kragerø | -43 | 0432 Rendalen | -11,7 | 0520 Ringebu | -51 | 1151 Utsira | -36,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
2 | 0425 åsnes | -44 | 1633 Osen | -12,7 | 1837 Meløy | -74 | 0941 Bykle | -41,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | 0428 Trysil | -53 | 1265 Fedje | -15,6 | 0428 Trysil | -75 | 1856 Røst | -42,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tabeller
1. Dei 10 kommunane med størst og minst flyttevinst 1., 2. og 3. kvartal 2012
2. Dei 10 kommunane med størst og minst fødselsoverskott og folketilvekst 1., 2. og 3. kvartal 2012
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42