92356_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
92356
Framleis sterk folkevekst
statistikk
2013-02-21T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring4. kvartal 2012

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis sterk folkevekst

Ved årsskiftet var det 5 051 300 busette i Noreg, 65 400 fleire enn ved førre årsskifte. Veksten var berre 160 mindre enn i rekordåret 2011. Innvandringsoverskotet stod i 2012 for 72 prosent av veksten.

Folkemengd og endringene i kvartalet
4. kvartal 20124. kvartal 2011 - 4. kvartal 2012
AntalProsent
Folketalet ved inngangen av kvartalet5 038 13765 1081,3
Fødde13 721-62-0,4
Døde10 7131781,7
Fødselsoverskot3 008-240-7,4
Innvandring18 6161 4308,3
Utvandring8 32299613,6
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring10 2944344,4
Folkevekst13 1382972,3
Folketalet ved utgangen av kvartalet5 051 27565 4051,3

Folkeveksten var 1,3 prosent i 2012, og sett bort frå 2011 må ein heilt attende til 1920 for å finna ein større vekst i prosent. Noreg ligg heilt i toppen i Europa når det gjeld prosentvis vekst i folketalet. På dei seks åra 2007-2012 voks folketalet med 370 100, meir enn dobbelt så mykje som i dei seks åra før det. Auken i 2012 på 65 400 fleire personar tilsvarer heile folketalet i Drammen.

Rekordhøg nettoinnvandring

Nettoinnvandringa frå utlandet var på 47 300 i 2012 og har aldri vore høgare. Auken frå 2011 til 2012 var på 300. Nettoinnvandringa dei siste seks åra er samla på 258 400, ikkje mykje unna tre gonger talet for den førre seksårsperioden. Det vart registrert 78 600 flyttingar til Noreg frå utlandet i 2012, noko som var 900 mindre enn året før. 31 200 flytta frå landet, 1 200 færre personar enn førre året. Innvandringsoverskotet stod i 2012 for 72 prosent av veksten i folkemengda, mot 71 prosent året før. Dei som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje medrekna i desse tala.

Lågare fruktbarheit, auke i levealderen for menn

I 2012 vart det fødd 60 250 born i Noreg, om lag det same talet som førre året. På same tid døydde 42 000 personar, 600 fleire enn i 2011. Sett under eitt vart difor fødselsoverskotet 600 lågare i 2012 enn i 2011, men det er på same høge nivået som dei siste åra, og dei høgaste tala sidan midten av 1970-talet.

Det var fødselsoverskot i alle fylka, bortsett frå Hedmark, Oppland og Telemark. Som dei førre åra er fødselsoverskotet størst i Oslo med 5 800 og Akershus med 2 400. I høve til folketalet er fødselsoverskotet klårt størst i Oslo og Rogaland.

Samla fertilitetstal for 2012 var 1,85 barn, i 2011 var talet 1,88 og i 2010 var talet 1,95. Sjølv om det har vore en nedgang dei siste åra, er Noreg framleis mellom landa i Europa med høgast fruktbarheit.

Ein gut som vart fødd i 2012 kan rekna med å leve i 79,4 år, medan ei jente kan venta seg 83,4 år . Det er ein auke i forventa levealder på mest eit halvt år for menn, medan talet for kvinner er om lag det same som førre året.

Stor, men minkande innvandring frå Europa, aukande særleg frå Afrika

Nettoinnvandringa av utanlandske statsborgarar voks frå 47 900 i 2011 til 48 700 i 2012. Av dette var 30 900, eller 63 prosent, nettoinnvandring av europeiske statsborgarar. I 2011 var talet høgare, 34 700. Nettoinnvandringa av ikkje-europeiske statsborgarar voks dermed frå 13 200 i 2011 til 17 800 i fjor, ein auke på 35 prosent.

Polske og litauiske statsborgarar var framleis dei to klårt største gruppene, og utgjorde i alt helvta av dei europeiske statsborgarane. Statsborgarar frå elleve land hadde ei nettoinnvandring på meir enn 1 000, og seks av desse landa er europeiske. Nettoinnvandringa av spanske statsborgarar voks frå 800 i 2011 til 1 200 i 2012, og dei er no åttande største gruppa. Med ei nettoinnvandring på 1 700 var rumenske statsborgarar den femte største gruppa. Nettoinnvandringa av svenske statsborgarar gjekk ned frå 2 800 (tredje størst) i 2011 til 1 100 (ellevte størst) i 2012. Nettoinnvandringa av somaliske statsborgarar gjekk derimot opp, frå 1 450 (sjuande størst) i 2011 til 3 400 (tredje størst) i 2012. Samla gjekk nettoinnvandringa frå Somalia og Eritrea opp frå 3 400 i 2011 til 5 700 i 2012.

Om ein ser på statsborgarar frå dei landa som hadde størst nettoinnvandring til Noreg, var det flest svenskar som reiste frå landet. Talet på utvandringar av svenskar var 4 700 eller 82 prosent av talet på innvandringar.

Oslo, Akershus og Rogaland på toppen i folkevekst

Oslo og Akershus hadde størst folkevekst i 2012, med i alt 20 800 menneske, men dette er om lag 4 000 mindre enn året før. Det andre området der folketalet voks kraftig er fylka Rogaland og Hordaland. Der var det ein vekst på 16 600, noko som er 3 200 meir enn året før. Alle fylka på strekninga frå Akershus til Vestfold hadde ein mindre vekst enn i 2011. Det hadde òg Aust-Agder og Nord-Trøndelag. Alle fylka hadde vekst i folketalet i 2012.

Stor innflytting til Akershus

Alle fylka hadde òg netto innflytting i fjor. Nettoinnflyttinga var størst i prosent for Akershus og Rogaland.

Nettoinnvandringa frå utlandet var særleg stor i Rogaland og Hordaland med 10 900, opp frå 8 200 året før. Deretter kom Oslo og Akershus med 10 600, noko som var ned frå 14 300 året før. I prosent av folketalet var nettoinnvandringa derimot størst i Finnmark med 1,6 prosent, men heile ti av fylka såg ei nettoinnvandring på 1 prosent eller meir. Nettoinnvandringa frå utlandet vog opp for innanlandsk flyttetap og fødselsunderskot. Utan innvandringsoverskotet ville folketalet ha gått attende i åtte av fylka, mest i Nordland og Oppland.

Sju av fylka hadde overskot av innanlandsk flytting, men Akershus og Østfold skilde seg ut med samla 4 700. I desse fylka har ein i tillegg til eigne arbeidsplassar kort pendlaravstand til Oslo. Dei andre tolv fylka hadde innanlandsk nettoutflytting. Dette gjaldt særleg for Nordland, Sogn og Fjordane, Oppland og Oslo. I prosent var flyttetapet størst i Sogn og Fjordane fylgd av Finnmark, medan ein såg største flyttevinsten i prosent i Østfold, med Akershus deretter.

Komande publiseringarÅpne og lesLukk

Meir detaljert statistikk om fødde, døde, flyttingar, ekteskap og skilsmisser vil vi publisere etter tur 11. april, 2. mai og 22. august.