178696_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
178696
Den kraftige folkeveksten held fram i 3. kvartal
statistikk
2014-11-14T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring3. kvartal 2014

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Den kraftige folkeveksten held fram i 3. kvartal

1. oktober i år var 5 156 450 personar registrerte busette i landet, og folketalet auka med 18 800 i 3. kvartal. Auken er omtrent den same som kvartalsgjennomsnittet for dei siste åtte åra. Nettoinnvandringa var 300 høgare enn gjennomsnittet for desse åra, medan fødselsoverskotet var 300 mindre.

Folkemengd og endringane i kvartalet
3. kvartal 20143. kvartal 2013Endringar frå tilsvarande periode året før
Antal
Folketalet ved inngangen av kvartalet5 137 6795 077 79859 881
Fødde15 57915 730-151
Døde9 7479 70443
Fødselsoverskot5 8326 026-194
Innvandring21 11122 816-1 705
Utvandring8 17110 340-2 169
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring12 94012 476464
Folkevekst18 77218 502270
Folketalet ved utgangen av kvartalet5 156 4515 096 30060 151

Det vart født 15 550 born i 3. kvartal 2014, medan 9 750 personar døydde. Fødselsoverskotet på 5 800 personar var mindre enn det har vore i 3. kvartal dei siste seks åra, men var likevel større enn i åra før 2008. At overskotet var mindre, kom hovudsakeleg av at det vart født litt færre born. Dødstala har halde seg stabile.

I dei tre fyrste kvartala i år vart det født 45 700 born, drygt 100 fleire enn i den same perioden førre året. Talet er likevel mindre enn i toppåra 2008-2010 då opp mot 47 400 born vart fødde dei tre fyrste kvartala. Talet på dei som døydde, er til no i år lågt: 29 900 er nær 1 000 mindre enn på same tid i fjor, og 3 600, eller 11 prosent, mindre enn rundt årtusenskiftet. Fødselsoverskotet på 15 800 til no i år er dermed 1 100 høgare enn i fjor.

Folketalet auka med 47 400 i dei tre fyrste kvartala i år, som er 2 400 fleire enn i den tilsvarande perioden førre året. Særleg Oslo hadde ein sterk vekst med 11 200 personer i dei tre kvartala, og det var 2 200 fleire enn førre året. Veksten i Rogaland og Hordaland samla - 10 050 - var 1 200 lågare enn førre året, og ein må attende til 2006 for å finna lågare tal. At nettoinnflyttinga var den lågaste sidan 2006, var årsaka til dette.

Noko lågare utvandring i 3. kvartal

21 100 personar innvandra, medan 8 200 utvandra. Det gir ei nettoinnvandring på 12 900 i 3. kvartal, som er 500 fleire enn i same kvartal førre året, men opp mot 1 200 lågare enn i åra 2010-2012. Ein skal likevel ikkje lenger attende enn til åra før 2006 for å finne at tala var svært mykje lågare. Ei tredjekvartalsinnvandring på 21 100 var 1 700 lågare enn førre året, medan utvandringa på 8 200 var 2 200 lågare.

Personar som er i landet kortare enn seks månader, vert ikkje registrerte og er difor ikkje medrekna i desse tala. 1 500, eller 18 prosent, av dei 8 200 utvandringane i 3. kvartal gjeld personar som har flytta frå landet for til dels lengre tid sidan utan å melde frå til folkeregisteret.

Kraftig auke i innvandringa av syriske statsborgarar

Nok ein gong var polakkane den klårt største gruppa mellom dei utanlandske statsborgarane som innvandra, om lag like mange som dei to neste gruppene, svenske og litauiske statsborgarar, samla. Den fjerde største gruppa i 3. kvartal var dei syriske statsborgarane, og den største endringa frå i fjor til i år var at nettoinnvandringa av syriske statsborgarar steig frå 150 i 3. kvartal i fjor til 750 i same kvartalet i år. Over helvta av den syriske nettoinnvandringa til no i år kom i 3. kvartal. På den andre sida gjekk nettoinnvandringa av litauiske statsborgarar i 3. kvartal ned frå 1 300 i fjor til 800 i år. Tilsvarande fall nettoinnvandringa av polske statsborgarar frå 2 300 til 1 900. Nettoinnvandringa av europeiske statsborgarar på 7 300 utgjorde 60 prosent av nettoinnvandringa av ikkje-norske statsborgarar.

Dei 1 200 svenske statsborgarane var igjen den klårt største gruppa ikkje-norske statsborgarar som utvandra frå Noreg, dobbelt så mange som dei 600 polske statsborgarane. Svenske statsborgarar hadde dermed ei nettoinnvandring på berre om lag 100 i 3. kvartal 2014. Nettoinnvandringa av statsborgarar frå landa i Sør-Europa med stor arbeidsløyse held seg på same nivå. Samla nettoinnvandring av spanske, portugisiske, italienske og greske statsborgarar i 3. kvartal var 800, medan det tilsvarande talet i fjor var 850.

Største nettoinnvandringa hadde dei to områda Oslo/Akershus og Rogaland/Hordaland, med høvesvis 2 600 og 2 500. Dei polske statsborgarane innvandra særleg til Akershus/Oslo og Rogaland/Hordaland, svenskane drog særleg til Oslo/Akershus, medan dei syriske statsborgarane spreidde seg over heile landet.

Sju av fylka hadde innanlandsk nettoinnflytting

Sju av fylka hadde innanlandsk nettoinnflytting, medan tolv hadde nettoutflytting. Den største nettoinnflyttinga hadde området Østfold/Akershus/Oslo, med 1 400 samla, og Sør-Trøndelag med 800. Sett i høve til folketalet var det dermed Sør-Trøndelag som hadde den klårt største innanlandske nettoinnflyttinga. Dei tre nordlegaste fylka hadde eit samla innanlandsk flyttetap på 1 300, og i høve til folketalet var utflyttinga særs stor der. Innvandringa frå utlandet vog like fullt opp for dette innanlandske flyttetapet i alle fylka med unntak av Nordland. Dei tre nordlegaste fylka hadde ei nettoinnvandring frå utlandet på 1 400, slik at den samla flyttevinsten vart 100 personar. Størst samla flytteaktivitet, inn i og ut av fylket, finn vi i Oslo. I hovudstaden var det 28 200 flyttingar over fylkesgrensa, slik at nærare 5 prosent av innbyggjarane anten kom til eller drog frå fylket i 3. kvartal.

Oslo med klårt størst fødselsoverskot til no i år

Hittil i år har Oslo, som vanleg, det største fødselsoverskotet av fylka, også i høve til folketalet. Fram til 1. oktober har 7 800 vorte fødde, medan talet på døde er 2 900, slik at fødselsoverskotet til no i år er på 4 900. Samla i dei to fylka Rogaland og Hordaland er overskotet 4 600, men folketalet i dei to sørlegaste vestlandsfylka er 50 prosent høgare enn i Oslo. I dei to innlandsfylka Hedmark og Oppland samla døydde det til no i år 350 fleire enn det vart født.

Oslo har også det høgaste talet på fødde sett i høve til folketalet, medan Hedmark har det lågaste. På same vis har Hedmark og Oppland det høgaste talet på døde samanlikna med folketalet, medan dette forholdstalet er lågast i Oslo, Rogaland og Akershus.

Opprydding i registra påverkar utvandringstalaÅpne og lesLukk

Skattedirektoratet har ei pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerer personar som utvandra for fleire år sidan. Endringar i talet på utvandringar må ein difor ikkje tolka for mykje, av di talet på desse utregistreringane vil verka inn på det samla utvandringstalet i 3. kvartal 2014. Desse utregistreringane utgjorde i 3. kvartal ein lågare del enn før, slik at nedgangen i talet på utvandringar til ein viss grad finn årsaka si i at færre utregistreringar er utførde.