215758_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
215758
Lågaste folkevekst sidan 2007
statistikk
2015-05-19T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false
Statistikken inneheld endringstal i folkemengde per kvartal. Folketalet i Noreg var 5 177 000 1. april.

Folkemengde og befolkningsendring1. kvartal 2015

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågaste folkevekst sidan 2007

Folketalet i Noreg var 5 177 000 1. april. Første kvartal i år vaks folketalet med 11 200 personar eller 0,2 prosent. Folkeveksten var om lag 4 100 lågare enn i same kvartal i fjor og den lågaste i første kvartal sidan 2007.

Folkemengd og endringane i kvartalet
1. kvartal 20151. kvartal 2014Endringar frå tilsvarande periode året før
Antal
Folketalet ved inngangen av kvartalet5 165 8025 109 05656 746
Fødde14 07414 380-306
Døde11 52610 3351 191
Fødselsoverskot2 5484 045-1 497
Innvandring16 92619 133-2 207
Utvandring8 2787 851427
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring8 64811 282-2 634
Folkevekst11 19615 327-4 131
Folketalet ved utgangen av kvartalet5 176 9985 124 38352 615

Nær 17 000 personar innvandra, medan om lag 8 300 utvandra i 1. kvartal. Det gir ei nettoinnvandring på 8 600, som er høgare enn i 4. kvartal 2014, men den lågaste i 1. kvartal sidan 2007. Fødselsoverskottet har ikkje vore lågare i 1. kvartal sidan 2003. Det vart født 14 100 born, medan 11 500 personar døydde.

Samanlikna med 1. kvartal i tidlegare år, er folkeveksten fortsatt høg i høve til åra før 2005, då arbeidsinnvandringa frå dei nye EU- landa i Øst-Europa starta opp.

Oslo med størst fødselsoverskott

Både absolutt og relativt sett hadde Oslo det største fødselsoverskottet i 1. kvartal. I Oslo blei det født 2 400 born i 1. kvartal, medan 1 100 personar døydde. Hedmark, Oppland, Telemark, Østfold og Nordland hadde fødselsunderskott. I desse fylka døydde det fleire enn det blei født.

Nettoinnflytting til alle fylka

Alle fylka hadde nettoinnflytting i 1. kvartal. Det var Oslo og Akershus som hadde den største nettoinnflyttinga med 3 400 samla. Deretter fylgde Vest-Agder, Rogaland og Hordaland med nær 1 800 personar samla. Den lågaste nettoinnflyttinga hadde Nordland, Telemark og Sogn og Fjordane.

Totalt vaks folkemengda i landets hovudstad med 3 100 personar som gir Oslo den prosentvis høgaste veksten blant fylka. Nær 10 500 personar flytta til Oslo og nær 3 900 av desse flytta inn frå utlandet. Akershus vaks med nær 2 000 innbyggjarar, 7 100 personar flytta inn, 1 500 av desse frå utlandet. Prosentvis størst vekst hadde Oslo og Akershus, medan Vest-Agder, Rogaland og Hordaland følgde. Hedmark og Oppland i andre enden av skalaen hadde nesten ingen vekst.

Syriske statsborgarar nest største nettoinnvandringsgruppe

Nettoinnvandringa i 1. kvartal i år var den lågaste sidan 2007. Polakkane var framleis klårt den største gruppa av dei utalandske statsborgarane som innvandra, medan syriske og eritreiske statsborgarar utgjorde den andre og tredje største gruppa når man ser på nettoinnvandringa.

Polske, svenske og litauiske statsborgarar var dei største gruppene blant utalandske statsborgarar som innvandra til Noreg, men desse gruppene hadde også den høgaste utvandringa frå Noreg. Det var 2 600 polske statsborgarar som innvandra, medan om lag 900 utvandra. Blant svenskane innvandra nær 1 100, medan 800 utvandra. Berre 6 av dei syriske statsborgarane utvandra, medan nær 900 innvandra. Samanlikna med 1. kvartal i fjor, gjekk nettoinnvandringa blant statsborgarar frå dei typiske arbeidsinnvandrarlanda Polen, Litauen og Sverige ned med respektive 28, 51 og 60 prosent.

Opprydding i folkeregisteretÅpne og lesLukk

Personar som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje rekna med i desse tala. Skattedirektoratet har ein pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerar personar som har flytta frå landet for lengre tid sida utan å melde frå til folkeregisteret.