215748_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
215748
Lågare nettoinnvandring
statistikk
2015-08-20T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false
Statistikken inneholder endringstall i folkemengde per kvartal. Folketallet i Norge var 5 189 400 1. juli.

Folkemengde og befolkningsendring2. kvartal 2015

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare nettoinnvandring

Folketalet auka med 12 400 i 2. kvartal til nær 5 189 400 busette 1. juli. Nettoinnvandringa frå utlandet minka med nær 1 100 i høve til same kvartal i fjor. Medan nettoinnvandring på grunn av arbeid minkar, aukar den frå land med konfliktar.

Folkemengd og endringane i kvartalet
2. kvartal 20152. kvartal 2014Endringar frå tilsvarande periode året før
Antal
Folketalet ved inngangen av kvartalet5 176 9985 124 38352 615
Fødde15 80715 76938
Døde9 6559 832-177
Fødselsoverskot6 1525 937215
Innvandring14 10313 805298
Utvandring7 8186 4461 372
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring6 2857 359-1 074
Folkevekst12 43713 296-859
Folketalet ved utgangen av kvartalet5 189 4355 137 67951 756

Folketilveksten på 12 400 er 900 lågare enn i 2. kvartal 2014, og den lågaste veksten i andre kvartal sidan 2006. Den noko minkande folketilveksten heng saman med høgare utvandring. Talet på innflyttingar frå utlandet auka med nær 300 samanlikna med same kvartal i fjor, medan talet på utvandringar auka med om lag 1 400. I høve til 1. halvår i fjor, minka nettoinnvandringa med om lag 3 000.

Om lag 30 prosent av dei registrerte utvandringane har si årsak i ein pågåande opprydding i det sentrale folkeregisteret som utregistrerar personar som har flytta frå landet utan å melde frå til folkeregisteret. Ein må tilbake til 2. kvartal 2009 for å finne lågare nettoinnvandring i 2. kvartal.

Lågare nettoinnvandring frå Polen

Nettoinnvandringa av statsborgarar frå Øst-Europa, som hovudsakeleg har innvandra på grunn av arbeid, minkar, medan nettoinnvandringa frå land med konfliktar aukar. Det var framleis flest polakkar blant dei som innvandra til Noreg i 2. kvartal, men fordi mange polakkar vart registrerte som utvandra i same periode, var det større nettoinnvandring av statsborgarar frå Eritrea.

På lista over land med høg nettoinnvandring fylgde deretter Syria, Somalia og Afghanistan. Svært få statsborgarar frå desse landa utvandra.

Folketalet aukar framleis mest i Akershus

Det blei født nær 15 800 i 2. kvartal, og 9 700 døydde. Det er nær 200 færre døde og nokre få fleire fødde samanlikna med i fjor. Det var vekst i folketalet i alle fylka i 2. kvartal, bortsett frå i Oppland. Fylka rundt Oslofjorden hadde den høgaste folkeveksten sett i høve til folketalet. Som i same kvartal i fjor, vaks Akershus mest med 3 200 personar. Deretter fylgde Vestfold og Østfold.

I høve til folketalet hadde Oslo, Rogaland og Hordaland det største fødselsoverskotet. Berre Hedmark hadde fødselsunderskot i 2. kvartal.

Fleire flytta frå enn til Oslo

Oslo hadde eit innanlandsk flytteunderskot som var større enn flytteoverskotet frå utlandet. Flytteunderskot hadde også Oppland, Sør-Trøndelag, Troms og Finnmark, medan dei andre fylka, og Akershus særskild, hadde flytteoverskot.

Alle fylka hadde flytteoverskot frå utlandet. Størst flyttevinst frå utlandet sett i høve til folketalet hadde Finnmark, Oslo og Troms.

Lågaste folkevekst sidan 2007

Ser ein på første halvår samla, finn ein at folkeveksten ikkje har vore lågare sidan 2007 og nettoinnflyttinga ikkje har vore lågare sidan 2006. Om lag 31 000 flytta inn til Noreg frå utlandet i 1. halvår, medan om lag helvta så mange reiste frå landet.

Nær 30 000 born vart fødde og om lag 21 000 personar døydde. Det gjev eit fødselsoverskot på 8 700. Fødselsoverskotet og nettoinnvandringa til saman utgjer ein folkevekst på nær 24 000 eller 0,46 prosent i 1. halvår.

Opprydding i folkeregisteretÅpne og lesLukk

Personar som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje rekna med i desse tala. Skattedirektoratet har ei pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerar personar som har flytta frå landet for lengre tid sida utan å melde frå til folkeregisteret. Dei siste åra har ei slik opprydding vore vanleg.