Innhald
Publisert:
Noko høgare utvandring i 3. kvartal
1. oktober i år var 5 205 400 personar registrert busette her i landet, og folketalet voks med 16 000, eller 0,3 prosent, i 3. kvartal i år. 11 100 utvandra, det var 2 900 fleire enn i same kvartal i fjor. Asylsøkjarar som ikkje har fått opphaldsløyve er ikkje med i statistikken.
3. kvartal 2015 | 3. kvartal 2014 | Endringar frå tilsvarande periode året før | |
---|---|---|---|
Antal | |||
Folketalet ved inngangen av kvartalet | 5 189 435 | 5 137 679 | 51 756 |
Fødde | 15 962 | 15 579 | 383 |
Døde | 9 371 | 9 747 | -376 |
Fødselsoverskot | 6 591 | 5 832 | 759 |
Innvandring | 20 484 | 21 111 | -627 |
Utvandring | 11 076 | 8 171 | 2 905 |
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring | 9 408 | 12 940 | -3 532 |
Folkevekst | 15 999 | 18 772 | -2 773 |
Folketalet ved utgangen av kvartalet | 5 205 434 | 5 156 451 | 48 983 |
Nettoinnvandringa var 9 400, som er 3 500 lågare enn i 3. kvartal 2014. Årsaka er om lag 600 færre innvandringar og 2 900 fleire utvandringar enn i tilsvarande kvartal i fjor. Det var den lågaste nettoinnvandringa i 3. kvartal sidan 2006. Fødselsoverskotet på 6 600 var nær 760 høgare enn i 3. kvartal i fjor.
Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg vert ikkje registrert som busette i folkeregisteret og er ikkje registrerte som innvandra. Vi må vente på at Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene frå haustens store straum av asylsøkjarar før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.
• Meir informasjon og statistikk om asylsøkjarar, finn ein på UDI si nettside.
Størst innvandring av polske, svenske og syriske statsborgarar
Nok ein gong var polakkane klårt største gruppe av dei utanlandske statsborgarane som innvandra, og var om lag like mange som dei to neste gruppene, svenske og syriske statsborgarar, samla. Den fjerde største gruppa som innvandra i tredje kvartal var statsborgarar frå Litauen.
Størst utvandring av svenske og polske statsborgarar
Utvandringa av utanlandske statsborgarar i 3. kvartal var noko høgare enn tilsvarande kvartal tidlegare år. Svenske og polske statsborgarar var og av dei klårt største gruppene av dei utanlandske statsborgarane som utvandra, 1 200 svenske og 800 polske statsborgarar. Som i andre kvartal både i år og i fjor, var det fleire svenske statsborgarar som utvandra enn innvandra. For dei andre store gruppene av innvandrarar til Noreg, polske, litauiske, og syriske statsborgarar, er det fortsatt høgare innvandring enn utvandring.
Høgare fødselsoverskot
Fødselsoverskotet var 6 600 i 3. kvartal, og det har ikkje vore høgare i tilsvarande kvartal sidan 2009. Det vart født nær 16 000 born, medan om lag 9 400 personar døydde.
Tolv av fylka hadde innanlandsk nettoutflytting
Tolv av fylka hadde innanlandsk flyttetap, medan syv hadde flyttevinst. Største nettoinnflyttinga hadde Akershus/Oslo, med 2 400 samla. Dei to fylka som hadde klårt størst innanlandsk flyttetap var Nordland og Rogaland med om lag 700 kvar seg.
Blant fylka med høgast nettoinnvandring frå utlandet, i høve til folketalet, finn ein alle dei tre nordlegaste fylka og dei to fylka nord på vestlandet: Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Alle desse fylka hadde ei nettoinnvandring på 0,3 prosent av folketalet.
Registrert låg folkevekst hittil i år
Folketalet auka med 39 600 i dei tre fyrste kvartala i år, noko som er nær 7 800 færre enn i dei tre fyrste kvartala førre året. Oslo og Akershus hadde størst vekst med 16 600 personer i dei tre kvartala, noko som var om lag 2 200 lågare enn førre året. Det er veksten i Oslo spesielt, som var lågare, med 1,4 prosent i 3. kvartal i år, mot 1,8 prosent i same kvartal i fjor.
I dei tre fyrste kvartala i år, vart det født 45 800 born, dryge 100 fleire enn førre året. Talet er likevel lågare enn i toppåra 2008-2010, då opp mot 47 400 born vart fødde i dei tre fyrste kvartala. Talet på dei som døydde er til no i år 30 500, noko som er nær 640 fleire enn i fjor.
Opprydding i folkeregisteretÅpne og lesLukk
Personar som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje rekna med i desse tala. Skattedirektoratet har ei pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerar personar som har flytta frå landet for lengre tid sida utan å melde frå til folkeregisteret. Dei siste åra har ei slik opprydding vore vanleg.
AsylsøkjararÅpne og lesLukk
Det er berre personer med registrert flytting dei siste seks månadene som er med i statistikken. Asylsøkjarar er ikkje med, men desse tala kan ein finne på UDI si nettside.
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42