Innhald
Publisert:
204 731 utanlandske statsborgarar i Noreg
Ved årsskiftet var det 204 731 utanlandske statsborgarar busette i Noreg, noko som tilsvarar 4,5 prosent av folkemengda. Dette er vel 7 000 fleire i høve til same tid i fjor, og tilsvarar ein auke i 2003 på 3,6 prosent. Auken var vel 4 700 mindre i høve til 2002.
Flest svenskar og danskar
Ved årsskiftet budde det nær 25 450 svenske og 20 000 danske statsborgarar i Noreg, noko som til saman tilsvarar 22 prosent av dei utanlandske statsborgarane i landet. Irakarar var den tredje største gruppa med 13 370 personar og britar den fjerde største med 11 000 personar.
Dei 20 største gruppene utanlandske statsborgarar
1. januar 2004 og endringane i 2003 |
Statsborgarskap |
Utanlandske
statsborgarar 1. januar 2004 |
Endring 2003.
Absolutte tall |
Endring i 2003.
Prosent |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Sverige | 25 432 | 191 | 0,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 20 006 | -2 | 0,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Irak | 13 373 | 335 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 11 018 | -170 | -1,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Somalia | 9 861 | 1 484 | 17,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 8 839 | 606 | 7,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
USA | 7 703 | -273 | -3,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Pakistan | 6 572 | -104 | -1,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 6 332 | -30 | -0,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Russland | 6 203 | 1 374 | 28,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Bosnia-Hercegovina | 5 952 | -1 898 | -24,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Jugoslavia | 5 665 | -339 | -5,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Iran | 5 113 | 439 | 9,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Afghanistan | 4 346 | 1 396 | 47,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Thailand | 4 248 | 612 | 16,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Island | 4 114 | -105 | -2,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nederland | 3 950 | 113 | 2,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyrkia | 3 540 | 30 | 0,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sri Lanka | 2 755 | -96 | -3,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Polen | 2 741 | 122 | 4,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Størst auke av somaliarar og afghanarar
Auken i 2003 var størst hjå somaliarar med 1 485 personar, afghanarar med 1 395 personar og russarar med 1 375 personar. Auken av afghanarar var på 47 prosent, medan det tilsvarande talet for somaliarar og russarar var 18 og 29 prosent. Auken av asiatar og afrikanarar var høvesvis på 3 545 og 2 705 personar, noko som til saman utgjorde 88 prosent av den totale auken av utanlandske statsborgarar i 2003. Klart størst nedgang var det i talet på statsborgarar frå Bosnia-Hercegovina med 1 900, eller 24 prosent.
Endringar i talet på utanlandske statsborgarar vert særleg påverka av inn- og utvandring, og av at innvandrarar får norsk statsborgarskap. Dei siste åra har det vore stor innvandring av mellom anna irakarar, somaliarar, afghanarar og russarar, medan mange frå Bosnia-Hercegovina, Tyrkia, Pakistan, Sri Lanka, Vietnam, Irak og Somalia har fått norsk statsborgarskap. Talet på utanlandske statsborgarar gjev eit anna bilete av innvandrarbefolkninga enn det Statistisk sentralbyrås standard klassifisering gjev. Til dømes var det 1 580 vietnamesiske statsborgarar i Noreg ved byrjinga av 2004, medan det per 1. januar 2003 var 11 700 som er fødde i Vietnam, og 5 250 som er fødde i Noreg med to foreldre fødde i Vietnam.
1 av 10 i Oslo er utanlandsk statsborgar
52 265 av dei utanlandske statsborgarane bur i Oslo, noko som tilsvarar 10 prosent av folkemengda i kommunen. Akershus har nest flest utanlandske statsborgarar med 25 680, 5,3 prosent av folkemengda. Lågast del av utanlandske statsborgarar finn ein i Nord-Trøndelag med 2,1 prosent.
I alt er 26 prosent av dei utanlandske statsborgarane busette i Oslo, men for nokre grupper er prosentdelen mykje høgare. 73 prosent av de med pakistansk statsborgarskap og 59 prosent av srilankarane er busette i Oslo. Til samanlikning er berre 9 prosent av statsborgarane frå Russland og Bosnia-Hercegovina busette i Oslo. Rogaland har ei stor mengd av britar, medan ein finn mange finnar og russarar i Finnmark.
Mange unge vaksne og få eldre
Heile 45 prosent av dei utanlandske statsborgarane er i alderen 20-39 år, medan berre 28 prosent av heile befolkninga er i denne aldersgruppa. Prosentdelen barn i alderen 0-5 år for alle utanlandske statsborgarar sett under eitt, er om lag som for heile befolkninga.
Totalt sett er det få eldre blant dei utanlandske statsborgarane samanlikna med heile den norske befolkninga. 4 prosent av dei utanlandske statsborgarane er 67 år eller eldre, mot 13 prosent for heile den norske befolkninga. Blant utanlandske statsborgarar frå Afrika er berre 1 prosent eldre enn 66 år. Den einaste gruppa med same del gamle som i befolkninga elles er dei frå Nord-Amerika. Når det er så få gamle blant dei utanlandske statsborgarane, kjem det både av at innvandringa er monaleg ny, og at mange innvandrarar som slår seg til i Noreg, etter kvart skifter til norsk statsborgarskap.
Lik kjønnsfordeling
Totalt sett er det om lag like mange kvinner som menn mellom dei utanlandske statsborgarane. Land som Irak, Afghanistan, Somalia og Storbritannia har derimot langt fleire menn i høve til kvinner, medan det motsette er tilfellet mellom statsborgarar frå Russland, Thailand, Filippinane, Sri Lanka, Polen og Finland.
Tabeller:
- Tabell 1 Utanlandske statsborgarar, etter fylke. Absolutte tal og i prosent av folkemengda. 1. januar 1976-2004
- Tabell 2 Utanlandske statsborgarar, etter statsborgarskap per 1. januar 1975-2004
- Tabell 3 Utanlandske statsborgarar, etter kjønn, alder og statsborgarskap. 1. januar 2004
- Tabell 4 Utanlandske statsborgarar, etter kjønn, sivilstand og statsborgarskap. 1. januar 2004
- Tabell 5 Utanlandske statsborgarar, etter statsborgarskap og fylke. 1. januar 2004
Statistikken blir no publisert saman med Befolkning.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42