6564_not-searchable
/befolkning/statistikker/utlstat/aar
6564
Fleire utanlandske statsborgarar
statistikk
2000-04-14T10:00:00.000Z
Befolkning
no
utlstat, Utenlandske statsborgereInnvandrere, Befolkning
false

Utenlandske statsborgere1. januar 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire utanlandske statsborgarar

Talet på utanlandske statsborgarar auka med 13 600 i fjor til 178 700. Berre i 1987 var auken større enn i 1999. Utviklinga må sjåast i samanheng med det store innflyttingsoverskotet frå utlandet på 19 300. I 1998 var auken 7 100, og dei tre tidlegare åra var det liten eller ingen auke.

Størst auke var det i talet på jugoslaviske stasborgarar som stod for 35 prosent av heile auken, med 4 800. Storparten av dette kom av krigen i Kosovo. Talet på busette jugoslaviske statsborgarar vart dermed 10 200 ved siste årsskiftet. Sjølv med mange overgangar til norsk statsborgarskap av jugoslavar i 1999, har denne gruppa vakse til ein av dei fem største gruppene som har utanlandsk statsborgarskap.

Etter fleire år med mange asylsøkjarar frå Irak, stod talet på irakiske statsborgarar for den nest største auken med 1 600 personar. Dermed er dei den nest største gruppa av asiatiske statsborgarar med 5 800 busette. Pakistanske statsborgarar er det framleis flest av (7 400). Pakistanarane har stort sett budd lenger i Noreg enn irakarane, og difor har mange fått rett til norsk statsborgarskap. I alt er det 21 900 personar med pakistansk bakgrunn i Noreg.

Flest svenskar og danskar

Blant utanlandske statsborgarar er det flest busette med svensk statsborgarskap, 25 100. Deretter kjem dei med dansk statsborgarskap, 19 200. Ser vi bort frå dei med nordisk statsborgarskap, er det flest busette utlendingar her i landet som har statsborgarskap frå Bosnia-Hercegovina (12 200), Storbritannia (11 400), Jugoslavia (10 200), USA (8 300) og Pakistan (7 400).

 Utanlandske statsborgarar, etter kjønn, alder og sivilstand. 1. januar 2000

Kvar fjerde utlending er under 20 år

23 prosent av dei utanlandske statsborgarane er under 20 år, vel 70 prosent er i aldersgruppa 20 til 64 år og 5 prosent er 65 år og over.

I Norden har Sverige flest utlendingar

I Noreg står utanlandske statsborgarar for 4,0 prosent av totalt folketal. Tilsvarande tal for Sverige var 5,7, Danmark 4,8, Island 2,4 og Finland 1,7 i 1999.

Tabeller: